|
Denne
hausten får me -her i Skånevik
– besøk av ”Fjeldegutane ”. Har du ikkje høyrt dei , seier du ??
Sveinung og Rune Vidar ?!! Dei reiser som sangevangelistar i
Normisjon . I Skånevik har dei våre to gonger før og me som har høyrt dei ,
gled oss til å møta dei att. Dei
skal væra her i kyrkja 3.—7 okt.
Det vert jo mykje sang og
musikk så klart , ikkje berre frå Fjeldegutane , men og frå våre
eigne sangkrefter . Laurdagen
vert det Torgtreff , der det og vert kakeutlodding .Inntekta av den går
til eit misjonsprosjekt i Mali der vår sambygding Gjermund Lygre med
familie er stasjonert .
Me trur det vert godt å væra
saman i kyrkja desse dagane . Det er og flott – og godt – å kunne
seia med sangaren : Tenk hvilken nåde det er av Gud – At vi får være
hans sendebud og til den døende verden gå . Kjærlighetssæden fra Gud
å så .
Godt er det og å kunne sitja
i fred og ta imot kjærleiksbudskapet frå Gud ennå ein gong . Ja
kansje og - for fyrste gong
- få oppleva at ordet om
Guds frelse når inn til deg , ja nettopp deg . Me er vitner til
forferdelige ting som skjer rundt om oss i verden. Om krig og rykter om
krig . Terror , sårbar teknologi , ja utrygghet på mest alle felt ,
men tenk – mitt i alt dette -kan me få høyra og ta i mot Guds ord om
frelse og tilgjeving .
Ikkje vondt med vondt , men byta hat med kjærleik , krig med
fred . Ja tenk , enno
er det nådetid – Enno er Gud å finna .
Me som er med og legg desse møta
til rette , håpar at du les anonsa vår og tek imot innbydinga .
Me sjåast i Skånevik . Møta
startar kvar kveld kl. 19.30. Bønestund
kl. 19.00.
Arr. Skånevik sokneråd ,
Skv. Indremisjon ,Normisjon , Norsk Luthers Misjonssamband . |