Norway Foodsfabrikken i Skånevik skal leva!

  Vi som bur i Skånevik opplever i desse dager eit spel som gir oss ei vond kjensle:  Nokre personar i Bergen,  administrasjonen ved Norway Foods "tar ansvar" og vil gjera noko med innteninga  i selskapet.  Dei vurderer høvet mellom sal og produksjon ved Norway Foodsfabrikkane og konkluderer med at ein sel for få sardinesker i høve til produksjonen.  Dei bruker nokre få veker på å bestemma seg for at den 93 år gamle sardinfabrikken, hjørnesteinsbedriften i Etne kommune skal leggjast ned.  I dag er det 63 personar som arbeider ved fabrikken, alle i Skånevik mister jobben og leiinga ved Norway Foods i Bergen kan fortsetja i sine jobbar og tru på at inntjeninga vil betra seg.  Dei har gjort sitt for at det skal bli ein realitet.

Skåneviksfolk opplever dette som ei krise og vil kjempa på alle måtar for at fabrikken skal bestå.  Vi har mange gode argumenter for det:

Marknaden finst – produktet er sunt og godt og av god kvalitet
  Det er inga tvil om at markedet for sardiner fins – problemet er å få fotfeste i dette.  At sardiner er sunt og godt er det heller inga tvil om.  Dei tilsette i Skånevik har i møte med leiinga og i brev av 5. , 20. og 24. september m. a. komme med forslag om korleis ein kan betra marknadsføringa.  Engasjementet har vore stort.  Fokusering på helse og kvalitet er viktige stikkord.  Det er inga tvil om at King Oscar sardiner har eit kvalitetsstempel i høve til andre merker.  Dette må utnyttast. 

  Marknadsavdelinga må i mykje større grad ta tak i problema og komma meir på offensiven i høve til marknadane i USA og Norge.   Kanskje er det akkurat her problema ligg?   Leiarane i store selskap blir ofte løna godt fordi dei har eit stort ansvar.  Er det ei ansvarleg handling å leggja ned fabrikken i Skånevik når salet er dårlegare enn forventa?  Rieber & Søn kan kanskje på kort sikt spara ein del kroner, men Skånevikssamfunnet taper stort frå den dagen nedlegging blir vedtatt. 

Rieber & Søn har kapitalen – Skånevik vil satsa
  Leiinga i eit selskap må til einkvar tid vurdera om inntjeninga er god nok.  I store firma med mykje kapital,  som Rieber &  Søn,  har ein mange fleire verktøy å bruka til dette arbeidet enn i dei små.  Det er viktig at styret viser samfunnsansvar i alle avgjerder.   I Skånevik som på dei andre fabrikkane er det sikkert ting som kan gjerast for å betra produksjonen og tilhøva kring den.  Alle dei tilsette ved fabrikken i Sunnhordland har uttrykt at dei vil vera med på denne prosessen.  I Skånevik er dei tilsette motiverte for arbeidet, rutinerte  og dei har lågt sjukefråver. Heile Skåneviksamfunnet vil vera med på å marknadsføra merkevarenavnet King Oscar.  Skånevik Bluesfestival er ein svært god start på dette.  Festivalen medførte omtale og fokusering på King Oscar – navnet i landets største avis VG, i fleire artiklar i BT og Haugesunds Avis, magasinet Blues News, lokalaviser og TV Haugaland. 

Marine produkt – eit satsingsområde i Norge
  Styresmaktene
med næringsministeren i spissen har klart uttalt at Noreg skal satsa sterkt på marine produkt i framtida.  I Skånevik foredler vi eit naturprodukt som fins i vestlandsfjordane.  Skal vi slutta med dette og la andre gjera det i Polen?  Det meste kan produserast billegare i andre land.  Skal vi slutta å foredla våre råvarer av den grunn?  Nei er svaret – i Skånevik kan vi dette.  Vi vil vera med på produktutvikling – råstoffet vårt er av beste klasse.

For Skåneviksamfunnet er fabrikken grunnleggjande viktig.  Ca. 15 – 20 % av husstandane har si inntekt frå denne arbeidsplassen.  Nedlegging vil mellom anna føra til pessimisme, fråflytting og  mindre omsetnad i ein del av dei andre bedriftene som igjen gir fleire negative verknader.  Dei direkte og indirekte negative konsekvensane vil bli svært store for bygda og kommunen. 

Sardinene finns i fjordane – kvaliteten er god – i Skånevik har ein folk og utstyr til å foredla dei!
Alf Ove Nilsen 25.09.00