Her kjem opplysningar om Skånevik Næringsutvikling AS.  Opplysningar om arbeidsområder, aksjeteikning og mykje anna vert lagt ut etter kvart.  Følg med - dette bli ein spannande stad på Skånevik nett!
  
  Innhald

    Innkalling til  generalforsamling 2003 ( 10.05.03 ) 
 
  Rapport frå generalforsamlinga ( 03.06.02 ) 
 
  Generalforsamling i Skånevik Næringsutvikling AS ( 15.05.02 ) 
    Har kjøpt fabrikken saman med Skånevik Sjømat AS  (04.04.02)
 
  Ny  aksjeteikning i Skånevik Næringsutvikling AS  (23.01.02)
 
  Referat frå Ekstraordinær gen. forsamling ( 20.09.01) 
    Aksjeteikning i Skånevik Næringsutvikling AS  (03.06.01)
    Referat frå stiftingsmøtet den 4. april 01
 
  Pressemelding 05.04.01- Skånevik Næringsutvikling er etablert
   


Generalforsamling i Skånevik Næringsutvikling AS

Alle aksjonærar er velkomne til generalforsamling i Skånevik Næringsutvikling AS måndag den 26. mai 2003 kl. 19.00 i kafeteria i Skånevik Idrettshall

Sakliste:

·        Val av ordstyrar og personar til å skriva under møteboka

·        Styret si årsmelding

·        Rekneskap og revisor si årsmelding

·        Orientering om drifta

·        Val

·        Innkome saker

Frist for å melda saker til generalforsamlinga er 19. mai. 03.

Rekneskapet for 2002 ligg ved.

 

Helsing
Styret i Skånevik Næringsutvikling AS

      Alf Warloe Christophersen

Skånevik Næringsutvikling A/S – eit selskap i vokster
  

Aksjeselskapet Skånevik Næringsutvikling A/S  hadde generalforsamling 30. mai  i år.   Det vart der lagt fram oversyn over alle dei prosjekt  og tiltak selskapet er engasjert i.  Det er ei nokså omfattande liste.
Styret har hatt 12 møte  og handsama 50 saker  sidan den første generalforsamlinga i september i fjor.  Selskapet har no noko over 40 aksjonærar som har gått inn med   i alt over ½ million kroner  i aksjekapital.   Framleis etterlyser styret eit større engasjement frå bygdefolket.  Det kan skje gjennom aksjekjøp,  der pålydande for kvar aksje er kr. 100.
Ein enkel kontakt med Sparebank 1 vest eller ein av styremedlemene kan  ordna det.
Selskapet har i dag aksjonærar som har gått inn med frå nokre hundre kroner til hundre tusen kroner og meir.  Alle interesserte  kan bli medeigarar,  og styret håpar flest mogeleg på denne måten  vil vera med og ta sitt ansvar for bygda si framtid.

Av viktige vedtak som er gjort,  vart fylgjande presentert for generalforsamlinga:
1. Engasjement i opplysningstenesta  Easy Connect A/S  med kr.  145 000 i aksjekapital  og  sikring  av 1 fast styremedlem frå Skånevik Næringsutvikling.
2. Saman med Skånevik Sjømat A/S  har Skånevik Næringsutvikling kjøpt  Norway Foods-fabrikken,  og ein er også her sikra ein fast styremedlem.   Det er rekna med at Skånevik Sjømat og ei anna bedrift som er godt etablert annan stad,  vil starta opp i fabrikkbygningane i september/oktober i år.
3. Skånevik Næringsutvikling har gått inn med   kr. 100 000  i kapital for å få sett i gang eit  kurssenter  for dataopplæring i bygda.  Dette skal i første omgang starta opplæring av personar som vil søkja  arbeid hos Easy Connect,  men er ope også for andre som treng datakunnskap.  Etableringa skjer i nært samarbeid med Skånevik Fjordhotel,  til gjensidig nytte.
4. Den planlagde  Bøkeskogen Naturbarnehage  vil få kr. 10 000 i start-tilskot  under føresetnad av at barnehagen kjem i gang.
 
Årsmelding og rekneskap for selskapet  vart samrøystes godkjende.  Det vart opplyst at selskapet står i nært samarbeid  med ei rekkje faggrupper og einskildpersonar innanfor ulike næringsgreiner,  der tanken er mogeleg framtidig  etablering  i Skånevik.  Det gjeld mellom anna  foredling i samband med   skjelloppdrett  og lakseoppdrett,  bearbeiding av biprodukt frå oppdrettsnæringa og etablering av eit tappeanlegg for førsteklasses drikkevatn frå Folgefonna.
Fleire ”tunge”  investorar  utanfrå har stilt seg positive til  det som skjer i bygda,  og dei kan koma til å gå inn med kapital  når dei ser at noko kjem i gang.
Ved valet gjekk Lars Markhus og Hans Olav ut av styret  og vart samrøystes attvalde.  Frå før står Alf Warloe Christophersen    som leiar,  Gro Åsheim Bøthun,  kasserar  og
Alf Ove Nilsen,  sekretær.
 
Styret vil setja stor pris på  om  fleire av bygdefolket vil melda seg som aksjeeigarar i selskapet.
 
 Styret.

Generalforsamling i Skånevik Næringsutvikling AS
  Alle aksjonærar er velkomne til generalforsamling i Skånevik Næringsutvikling AS den 30. mai kl. 20.00 på Skånevik Fjordhotel.  Sakliste ifølgje vedtektene.


Ny aksjeteikning i Skånevik Næringsutvikling AS

( Dette er ein tilpassa utgåve av skrivet som går ut til alle huslydar i Skånevik i begynnelsen av februar 2002 )

  Føremålet med Skånevik Næringsutvikling AS er å vera eit eigedoms- og utviklingsselskap som skal leggja til rette for næringsutvikling i Skånevik og alt som står i samband med dette, også deltaking i andre selskap. Målet er vidare å arbeida for å få nye interessentar inn i bygningsmassen til Norway Foods, driva utleigeverksemd, investering i fast eigedom og i nært samarbeid med Etne kommune fremja tiltak som kan utvikla næringslivet i bygda.

Alle interesserte privatpersonar, lag og organisasjonar, det offentlege og verksemder vert med dette invitert til å teikna aksjar i Skånevik Næringsutvikling AS.  Kvar aksje lyd på kr. 100,-.

Til no er det teikna aksjar for ca. kr 530.000,- og Alf Warloe Christophersen ( leiar ), Gro Bøthun, Hans Olav Tungesvik, Lars Markhus og Alf Ove Nilsen er medlemmer av styret.

I desse dagar vert EasyConnect – Skånevik AS stifta.  Skånevik Næringsutvikling har gått inn med 29 % av aksjekapitalen ( kr 145.000,- ) og Skånevik Ølen Kraftlag med 20 % av aksjekapitalen.  Hovudselskapet EasyConnect AS med sete i Bergen har 51 % av aksjane.  Dette er eit prosjekt som vi har jobba ein god del med og vi håpar verkeleg at det skal gje mange arbeidsplassar i Skånevik.  Kristoffer Vannes er med i styret frå SØK og Alf Ove Nilsen frå Skånevik Næringsutvikling AS.  Hovudselskapet EasyConnect AS har 2 medlemmer i styret inklusiv styreleiaren ( Adm. dir. i hovudselskapet )

Vi arbeider også med andre prosjekt og har god tru på at det om ikkje lenge skal komma ny aktivitet i fabrikken.

Det vårt håp at alle som er interessert i Skånevik-samfunnet sitt beste vil investera i Skånevik Næringsutvikling AS.  Selskapet kan bli ei viktig brikke i arbeidet med å vidareutvikla eit livskraftig bygdesamfunn. 

Du kan teikna aksjar ved å bruka vedlagde bankgiro eller ta kontakt med ein av styremedlemmene. Du kan også tinga aksjer ved å senda dette skjemaet til Skånevik Næringsutvikling AS.  Betalingsfristen er 15. april, i god til før generalforsamlinga i starten av mai.   Tidspunkt for generalforsamlinga vert kunngjort i media og ved oppslag.  Støtt opp om bygda – tinga aksjar no!

Helsing

Skånevik Næringsutvikling AS

Alf Warloe Christophersen

Sign (- leiar-)


Referat frå ekstraordinær generalforsamling den 20.09.01
21 av 41 registrerte aksjonærar møtte opp og desse representerte 565  av 3251 aksjar.  Alf W. Christophersen blei vald til møteleiar og saklista blei godkjent utan merknader.

Sak 1:  Orientering om aktuelle leigetakarar og investorar
A) Leiaren orienterte om aktuelle leigetakarar som Fjordaker, Skånevik Sjømat, Georg Eide og lokale skjelleoppdrettarar.
B)  Hans Olav Tungesvik orienterte om aktuelle investorar som han hadde hatt kontakt med.
C)    Leiaren orienterte om Rieber & Søn sitt forhold til bygningsmassen ( Norw. Foodsfabrikken ).  Dei vil ikkje gjera noko med bygget før tidlegast neste sommar.   Det er viktig at Etne kommune og Rieber & Søn har god kontakt med kvarandre og med Skånevik Næringsutvikling.  SN ønskjer sjølv eller å hjelpa andre til å overta bygningsmassen neste år, slik at fabrikklokala blir brukt til beste for Skåneviksamfunnet.

Sak 2: Gjennomgang av stiftingsdokumentet
Alf Warloe gikk gjennom innhaldet i stiftingsdokumentet.

Sak 3: Godkjenning av utviding av aksjekapitalen
Ein vedtok einstemmig å godkjenna utvidinga av aksjekapitalen frå stiftinga og fram til denne dato.  Det opprinnelege talet på aksjar på 1650 er utvida til ca. 3250 ( talet er usikkert før fullstendig oversikt frå banken ligg føre )

Sak 4: Utviding av aksjekapitalen med ny aksjeteikning før neste ordinære generalforsamling
Eit vedtok å utvida aksjekapitalen og gi høve til ny aksjeteikning fram til årsmøtet i mai neste år. 

Sak 5:  Eventuelt

Fleire synspunkt på på kva som er viktig for Skåneviksamfunnet kom fram.  Fleire av dei frammøtte peikte på kor viktig det er med tilrettelegging av hytte- og bustadtometer.


Aksjeteikning - informasjon og høve til å teikna seg for aksjar

( Dette er ein tilpassa utgåve av skrivet som gikk ut til alle huslydar i Skånevik den 3. august 2001 )

Til alle interesserte  
F
øremålet til Skånevik Næringsutvikling AS er å vera eit eigedoms- og utviklingsselskap som skal leggja til rette for næringsutvikling i Skånevik og alt som står i samband med dette, også deltaking i andre selskap. Føremålet er vidare å arbeida for å få nye interessentar inn i bygningsmassen til Norway Foods, driva utleigeverksemd, investering i fast eigedom og i nært samarbeid med Etne kommune fremja tiltak som kan utvikla næringslivet i bygda.

Alle interesserte privatpersonar, lag og organisasjonar, det offentlege og verksemder vert med dette invitert til å teikna aksjar i Skånevik Næringsutvikling AS.   Kvar aksje lyd på kr. 100,-.

På stiftingsmøtet den 4. april 2001 blei det teikna aksjar for kr. 173.250,- og følgjande interimstyre blei vald:  Alf Warloe Christophersen ( leiar ), Gro Bøthun, Hans Olav Tungesvik, Lars Markhus og Alf Ove Nilsen.   Dette styret skal administrera arbeidet med aksjeteikning, registrering av selskapet og førebu første ordinære generalforsamling der alle aksjonærar har møterett. 

Det vårt håp at alle som er interessert i Skånevik-samfunnet sitt beste vil investera i Skånevik Næringsutvikling AS.  Selskapet kan bli ei viktig brikke i arbeidet med å vidareutvikla eit livskraftig bygdesamfunn. 

Du kan teikna aksjar ved enten å skriva deg på lister som ligg ute i bankane, ta kontakt med ein av styremedlemmene eller registrera deg i skjemaet under. Gi opp namn og teikningsbeløp og du vil få tilsendt giro som skal brukast ved innbetaling.  Teikningsfristen er 31. august og pengane skal betalast inn innan 10. september. Første generalforsamling vert  20. september kl. 20.00 i Skånevik Idrettshall.

På Skånevik nett vil det bli oppretta ein eigen informasjonsstad om Skånevik Næringsutvikling AS.  Det vil også her bli høve til å melda si interesse for å teikna seg for aksjar i selskapet.

Helsing
Skånevik Næringsutvikling AS

Alf Warloe Christophersen
             - leiar-

   Skjema for tinging av aksjar i Skånevik Næringsutvikling AS
 O
pplysningane vert sendt på e-post til Skånevik Næringsutvikling AS og du får tilsendt giro for innbetaling av aksjekapital.  Teikningsfristen er 1. april med betalingsfrist 15. april 2002.  Du vil få tilsendt aksjebrev når du har betalt. Generalforsamlinga vert i starten av mai 2002 og kunngjort ved oppslag og i media.

   Navn:      

   Adresse: 

   Eg tingar  aksjar á kr. 100,- i Skånevik Næringsutvikling AS
                                - for til saman kr

Når du trykkjer SEND vert opplysningane sendt til Skånevik Næringsutvikling AS.

         


Referat frå stiftingsmøtet for Skånevik Næringsutvikling A/S 04.04.01

Aksjeselskapet Skånevik Næringsutvikling A/S vart stifta i kantina ved Norway Foods’ anlegg 04.04.01.

Møtet var innkalla av Skånevik Vekst ved leiaren Paul Hovda, og han møtte saman med styremedlemene Eivind Knudsen og Alf Warloe Christophersen. Frå Etne kommune møtte varaordførar Oddvar Åsheim og formannskapsmedlem Victor Carlsen.

Av medlemer frå Skånevik Handelstandsforening og uavhengige bygdefolk møtte fylgjande: Leif Johny Johansen, Lars Markhus, Sigve Leknes, Dag Anders Hornenes, Gro Bøthun, Ragnvald Larsen, Hidegunn Larsen, Ingrid Sævareid, Mitra Udstuen, Svein Bøthun, Alf Ove Nilsen og Hans Olav Tungesvik.

Det vart samrøystes vedteke å etablera eigedoms- og utviklingsselskapet Skånevik Næringsutvikling A/S.

Føremål
Selskapet skal ha som oppgåve å fremja næringsutvikling i Skånevik, investering i fast eigedom, utleigeverksemd, eventuell deltaking i andre selskap. I samarbeid med mellom andre kommunen og Rieber & Søn ASA vil selskapet vera ein pådrivar i å få ny næringsverksemd inn i lokala til Norway Foods og om mogeleg på eit seinare tidspunkt å gå inn som eigar av bygningsmassen med tanke på vidare utleige.

Representantane for Etne kommune gjorde det klårt at dei ikkje hadde høve til å binda til deltaking i selskapet på kommunens vegne. Dette vil imidlertid bli tatt opp på nytt med kommunen etter som det ikkje dreiar seg om krav om store summar, men om ei symbolsk deltaking, slik at selskapet kan kjenna tryggleik for å ha kommunen som ein medspelar. Endringa av styresamansetjinga kan såleis koma på tale dersom kommunen seinare går inn.

Når det gjeld Norway Foods’ bygningsmasse, så føreligg det ein intensjonsavtale mellom Etne kommune, Skånevik Vekst og Rieber om leige i første omgang.

Aksjekapital
Det hadde før møtet blitt sikra kr. 100 000 i aksjekapital som er minimum for å etablera eit aksjeselskap. På møtet vart det teikna aksjer for nye kr. 55 000, slik at aksjekapital pr. 04.04.01 er kr. 155 000. Pålydande på aksjane skal vera kr.100 pr stk.

Val av styre
Det vart vald eit førebels styre eller interrimsstyre til å stå for drifta av selskapet framover. Styret vart slik samansett: Alf Warloe Christophersen (Skånevik Vekst), Lars L. Markhus, Alf Ove Nilsen, Gro Bøthun, Hans Olav Tungesvik. Styret konstituerer seg sjølv.

Det vil bli søkt asssistanse hos profesjonelt revisjonsfirma for utforming av vedtekter og anna regelverk for selskapet, registrering i føretaksregisteret m.v. Styret tar standpunkt til val av revisor.

Formell stifting av selskapet skjer først den dagen stiftarane har underskrive stiftingsdokumentet.

Referent: Hans Olav Tungesvik


Skånevik Næringsutvikling AS er etablert
  På eit møte i Norway Foods’ lokaler 4.april 2001 vart aksjeselskapet Skånevik Næringsutvikling A/S etablert. Selskapet skal vera eit eigedoms- og utviklingsselskap som skal leggja til rette for næringsutvikling i Skånevik, arbeida for å få nye interessentar inn i bygningsmassen til Norway Foods, driva utleigeverksemd, investering i fast eigedom og i nært samarbeid med Etne kommune fremja tiltak som kan utvikla næringslivet i bygda.

Så lenge Rieber &Søn står som eigar av bygningsmassen etter hermetikkfabrikken, vil det og bli halde nær kontakt med dette selskapet.

Selskapet er etablert med ein førebels aksjekapital på kr.155 000, og det vil seinare bli invitert til teikning av aksjer for bygdefolket og andre interesserte. Kvar aksje skal lyda på kr.100, slik at selskapet kan bli allemannseige.

Til styre for selskapet vart fylgjande valde:  Alf Warloe Christophersen ( leiar ) , Lars L. Markhus, Gro Bøthun,  ( nestleiar ), Alf Ove Nilsen ( skrivar ) og Hans Olav Tungesvik.

Selskapet si hovudoppgåve i første omgang blir å arbeida for å sikra nye arbeidsplassar i bygda både i Norway Foods sine lokaler og eventuelt i andre lokalitetar. Selskapet ynskjer å vera ein pådrivar som gjennom konkrete tiltak og prosjekt kan skapa ny optimisme i lokalsamfunnet.