|
Søndag 29.03.09. Skitur frå Rus
Frå Etne kl 10.00. Turen vert lagt opp etter snøforholda
i Rusområde.Lett skiterreng. Turleiar Lars Olav
Bergsvåg tlf. 41566055
Søndag 18.04.09. Skitur til Kyrkjenuten
I samarbeid med Sauda turlag som går frå Slettedalen.
Frå kaien i Etne kl.0830,eller Korlevoll kl 10.00.
Start frå Korlevoll,over Gamlestølen,opp Dyrskar og
videre til Kyrkjenuten.I klarver har ein fantastisk
utsikt!Turen er noko krevande, passar for skivante. ca
5-7 t opp,og ca.2 t tilbake. Verforbehold.
Turleiar Ole Martin Grindheim tlf. 41410779.
Onsdag 22.04.09 . Kveldstur til Miljateigen,Markhus
Frå Etne kl .17.00.Kjører til Markhus og går opp til den
gamle garden i Miljateigen.Lett,fin tur i gamalt
kulturlandskap. Turleiar Gunnbjørg Ljusnes
tlf.48061717.
Onsdag 29.04.09. Kveldstur til Leiknesnibbo
Frå kaien i Skånevik kl 17.00.(NB,merk tid og stad).
Vi går opp Postvegen,så på sti til Tjellevatna,vidare
til Leiknesvatna, så ut til Leiknesnibbo der ein har
fantastisk utsikt over Sunnhordlands-bassenget.
Turleiar Marit Solheim tlf. 91670637.
Onsdag 13.05.09. Kveldstur til Jettegrytene,Rullestad
Frå Etne kl 17.00 til Skromme. Fin tur ut på nuten
og ned til dei flotte jettegrytene. (Verforbehold, ikkje
i vått ver p.g.a. glatte berg.) Turleiar Per Terje
Tveiten tlf.91112030
Søndag 24.05.09. Stuhaugstølen. Fellestur m Sauda turlag
Frå Etne kl 10.00 til Stuhaug gard ,Sandeid der vi møter
deltakarane frå Sauda. Turen opp til den
restaurerte stølen tar ein god time. Matrast der, så
nedatt til omvisning på gardsmuseet,(her må reknast
minst 1,5 t til dette,)pris .kr 50,-.Mogeleg å få kjøpe
kaffi /litt attåt her. Turleiarar Gunnbjørg
Ljusnes tlf 48061717.
Onsdag 27.05.09.Barnetur.Trommedalen
Frå kaien i Etne kl 11.00.Me går opp gjennom
Gjerdsgardane,på skogsveg til ein fin rasteplass der det
er spennande å leike for ungane. Turleiar Monica
Klippenberg tlf 41213760.
Onsdag 03.06.09. Kveldstur
Grindheimstølen-Jordavatnet-Hjørnås
Frå Etne kl 17.00 til Skarstøl .Går inn til
Grindheimstølen , Jordavatnet,så utover eggene via
Litledalstølen tilbake til Hjørnås/Skarstøl Turleiar
Magnhild H. Hovin tlf. 95079297.
Onsdag 10.06.09. Seniortur til den gamle postvegen
Skromme –Rullestad
Frå Etne kl 12.00. Kjører til Skromme, går den
restaurerte delen av den gamle postvegen ned mot
Rullestad Etterpå kaffi og besøk på Eljarvik
gard.Turleiar Magnhild H.Hovin tlf. 95079297.
Søndag 14.06.09.Familietur til Instestølen i
Hildalsdalen
NB!Oppmøtestad Åkrafjordtunet kl 10.00.Kjører så til
Låte og vidare til parkeringsplassen i Brekkehaugen.Vi
går i lett turterreng og følgjer den gamle stien til
Hildalstølen , vidare over Storemyr til Instestølen.
Etter matpause, grilling for dei som ynskjer, går vi
same vegen ,evt. på bilvegen ,tilbake til bilane.
Mogeleg å ta turen inn til Høkjebotn for dei som ynskjer
det. Kart ”Odda”. Turleiar Annbjørg Oppedal Næsheim, tlf
97501499.
Onsdag 17.06.09. Kveldstur Auastadstølen- Kaldheimslio
Frå Etne kl 17.00.Auastadbruno- opp skogsvegen frå
Kaldheim,langs juvet mot Kløvjavad.Vidare til Himrestødl
og Krokavassdammen.Så går me over Slettaskar mot
Auastadstølen og ned Auastadlio. Turleiar Jon Olav
Tesdal tlf.48266547.
Søndag 21.06.09. Familietur til Verdalen
Frå Etne kl 0900 til Lauareidsvingen. Me går opp den
gamle stølsvegen herifrå,innover høgdedraget mellom
Frette og Sævareid,til Verdalen,( ca 2t.). Her er
mulighet for bading,fiske,grilling og kos for store og
små. Nedatt tar me vegen ned Eggabrekko til
Sævareidstølen og ned på gamlevegen v/Skittkleiv.
Mulig med avstikkar opp på Skredkollen for dei som vil
ha med den. Turleiar Gunnbjørg Ljusnes tlf.
48061717.
Onsdag 24.06.09.Barnetur.Sykkel og badetur
For alle frå 5 år og oppover. Ferje frå Skånevik kl
11.15 til Utåker. Me syklar i roleg tempo i
retning Husnes. Badar i ferskvatn, kjøper is på
Valen og går på kafe/handlar på Husnes. Hurtigbåt
18.40 frå Sunde til Skånevik kl 19.00. Vil du heller
sykle tilbake til Utåker ,kan du det. Blir veret
for ille, utset me turen til onsdag 1.juli.Forbehald om
endra ferje –og båt ruter. Påmelding 1 veke på førehand.
til Anita Voster Vannes tlf 91614474.(Max 20 deltakarar
)
Søndag 28.06.09.Børkjenesnuten. Fellestur med Haugesund
turistforening
Sjå program for HT for nærare opplysningar.Karsten
Lunde,Etne, vert med som kjentmann.
Onsdag 13.08.09.Kveldstur til Nesestølen
Frå Etne kl 17.00 til Hålandsheia.Går innover Langamyr
,til Nordleite og opp til Nesestølen.Lett,fin tur.
Turleiarar Sigrid og Leif Arne Løvereide tlf. 41629535.
Søndag 16.08.09. Ulvanåsi, Kvinnherad. Fellestur
m/Haugesund turistforening
Turleiarar Erling Askeland ,Etne ,Karl J. Risvold og Eli
Severinsen,Haugesund
Onsdag 19.08.09. Seniortur Ryggjalio- Tosko –Høyland
Frå kaien i Etne kl. 14.00 Me går opp Ryggjalio til
Tosko, har ei god rast der ,så nedatt i Høylandslio.
Turleiar Reidun Hammersland tlf 53756568.
Søndag 23.08.09.Bordfjellet-Jordabrekko
Frå Etne kl 09.00.Til Skarstøl,Grindheimsstødl, vegen
mot Raunevikjo,opp Grindheimsskåro,følgjer turistvegen
til me tek av mot Varden.Det finst fleire alternative
ruter ned att,veret og formen vert avgjerande.
Turleiar Jon Olav Tesdal tlf. 48266547.
28.08 -30.08.09.Familiehelg på Blomstølen
Denne helga blir det liv og røre på blomstølen.
Lørdag startar ein med fiskekonkurranse og det blir
muligheter for å prøve fjellklatring/rapellering.
Oppfordring til foreldre/ besteforeldre om å ta dei
minste med til fjells. Bålkos om kvelden.
Turleiarar Erling Grindheim tlf 47409477, Elisabeth
Silde, Ole Martin Grindheim tlf 41410779.
29.08.-30.08.09. Jentetur i Markhusfjellet og evt til
Londalen
Denne gongen går jenteturen på umerka stiar i
Markhusfjellet. Vi møtes på parkeringsplassen oppe
på Markhus laurdag kl 10.00 og legg i veg til
Markhusstølen. Vidare går vi til Møssegro,
Indredal og Skålnesstølen og tilbake til Markhus. Så går
ferda til Eljarvik gard kor det blir middag og
overnatting. Søndag vert vi(dei som ynskjer) frakta over
til Mosnes med båt og går til Londalen. Påmelding
/ info til turleiarane Anne Grethe Straumsøy
tlf.40403991 eller Annbjørg Oppedal Næsheim tlf.
97501499, innan 1.august 09.
Søndag 06.09.09. Tur i Matrefjella
Me startar turen med ferje frå Skånevik kl 0855 med
retur kl 1630. Kjører opp til Heglandsdalen og parkerer
bilane. Går så vidare opp Fagerdalen til
Fagerskard på 700 m.o.h.og ned til Vikastølen og
Stølsvatnet.Tar ein liten rundtur og så nedatt til
Heglandsdalen. Dette er ein kjempefin tur med flott
landskapog utsikt.litt krevande. Påmelding til turleiar
Marit Solheim tlf 48108533.
Søndag 13.09.09.Til Buerbreen
Frå Etne kl 09.00.Turen går opp til brefallet i
Buerdalen. Dei som ynskjer kan få bli med ein tur
opp på breen i taulag,(max 15 stk )Men alle kan bli med
opp til brefallet og oppleve blåisen på nært hald.
Tilbake i Etne ca kl 19. Turleiar Ole Martin
Grindheim tlf 41410779.
Søndag 20.09.09. Døldarheia, Sandeid.
Frå Etne kl 09.00 til Sandeid.opp frå Vestbø på
skogsveg/sti til Døldaren.Flott utsyn over Sandeidsbygda
og utover fjordane. Turleiar Karsten Lunde tlf
53756452.
Uke
41. (Haustferien.) Sykkeltur i Moseldalen
For 5.år på rad set me opp denne turen som har hatt
mange svært nøgde deltakarar! På sykkel langs den vakre
Moseldalen som byr på fantastiske opplevelsar, mykje god
mat og drikke. Endeleg dato vil vera klar i mars 09.
Dette er ein populær tur, så tidleg påmelding
anbefales!! Kostnad Ca.6000,-,inkl.det meste. Turleiarar
Anke Krumm tlf. 00491795267816.Ole Martin Grindheim
tlf.53755566 / 41410779. |