Tinging av abonnement   Pressemelding frå INO

Tinging av abonnement INO Internett

Litt om folkemøtet på fredag 18.10.................... For at INO skal iverksetje utbygging i Skånevik må 30 privatpersonar og 5 versemder tinga abonnement.  Gå til websida til INO for opplysning om prisar.

Tal private som har tinga til no:.....  manglar .......    pr. dato 18.10.02

Tal på verksemder som har tinga:........ manglar .......  pr. dato 18.10.02

Skånevik nett V/Alf Ove Nilsen tlf. 53 75 56 18/90 91 96 52 er agent for INO i Skånevik.  Ta kontakt for informasjon og bestilling av abonnement.  Du kan også senda mail.
  

Pressemelding frå INO

FASTLINJE INTERNETT TIL PRIVATPERSONAR OG VERKSEMDER I SKÅNEVIK?

INO AS vurderar å bygge ut radiobasert fastlinje til privatpersonar og verksemder i Skånevik. Fleire har allereie vært i kontakt med oss, og sendt inn bestilling på førehand. For at INO skal iverksette utbygginga må om lag 30 privatpersonar og 5 verksemder bestille på førehand. Lokalsamfunnet kan slik påverke utbygginga.

Med INO Internett får abonnentane fastlinje til internett, til ein fast pris pr. mnd. Ein nyttar ikkje telefonen i det heile, og kan vere oppkopla kvar tid og kor lenge ein ynskjer, utan ekstra kostnader.

Tenesta har ei bandbredde ut frå kommunen på minimum 2 Mbit/s, og er ein såkalla delt tilgang. Som abonnent vil ein oppleve ein fart ”begge vegar” på om lag 600 kb/s, men kan ha variasjonar frå om lag 300 – 1200 kb/s.

INO AS  leverer radiobasert breiband til småverksemder og hushaldningar/enkeltpersonar i distrikts-Norge og har alt fleire års erfaring med slike tenester.  Sal til kundar skjer via forhandlarar i kvart distrikt. INO har breibandstilbod i  m.a. Sogn, Hallingdalen, Os, Stord, Ryfylke og Askøy.

Kompetansen er bygd opp gjennom det lokale selskapet Ulvik IT-drift, som har levert trådlaust breibandsnett til Ulvik i Hardanger dei siste tre åra.

INO AS er eit selskap i BKK-gruppen.

Ulvik 02.10.02 

For meir informasjon, kontakt:

INO AS v/dagleg leiar Terje Breivik, tlf 56 52 79 90, www.ino.no