Søndag 10. desember skal 70.000 bøsseberarar besøka 1.7 millionar husstandar som deltakarar i innsamlingsaksjonen Aksjon Håp, norsk misjons største felles løft sidan TV-aksjonen i 1982.

På tvers av alle samfunnsområdar og politiske skiljelinjer har Aksjon Håp henta støttespelarar som ikkje har for vane å gjera felles sak. Frå det politiske landskap finn me såleis blant andre Kjell Magne Bondevik, KrF, Marit Nybakk, AP, og Jon Alvheim, Frp. Og frå artistane si verd gir Svein Tindberg og Sigmund Groven si støtte.

Gjennom Aksjon Håp vil mellom anna fleire gatebarn i Mosambik få ein heim, fleire kenyanske kvinner får ei framtid utan å ha blitt omskåre og med utdanning og muligheiter til å skapa sitt eige tilvære på eigne premissar, befolkninga i Mursan i India vil få eit betre helsetilbod og funksjonshemma vert gitt utdanning og muligheiter. Dette er nokre av dei meir enn tjue prosjekta pengane frå Aksjon Håp vil gå til.

Aksjon Håp er ein kamperklæring mot undertrykking og nød. Ved å gi et bidrag til denne aksjonen, vert det norske folk invitert inn som deltakarar i eit unikt internasjonalt fellesskapsløft. Aksjonsdagen er søndag 10. desember.   

Underteikna er leiar for innsamlinga i Etne kommune og vonar at alle bøsseberarane som kjem på dørene mellom kl. 14 og 17 vert godt mottekne. Ynskjer du meir informasjon om aksjon Håp og kva midlane skal gå til kan du klikke her www.aksjonhaap.org.

Med helsing
Kjell Ingvald Matre