14.12.06
Heider, ære og kulturpris
Grannar: Skånevik
Bluesfestival set ikkje berre Skånevik på kartet, men også Hordaland.
I går fekk dei tildelt Hordaland fylkeskommune sin kulturpris under
fylkestinget i Bergen.
— Det er kjempekjekt og svært inspirerande å få ein slik pris. Sjølv
fekk eg beskjed om at me skulle få denne prisen for to dagar sidan,
slik at eg kunne vera til stades i dag, seier ein strålande nøgd Alf
Warloe Christophersen.
Ti tusen og plakett
Med seg heim fekk bluesgeneralen ein sjekk på 10.000 kroner og ein
plakett som synleg bevis på kulturprisen.
— Me set stor pris på dette. Det er ekstra kjekt at folk utanfor
lokalsamfunnet også legg merke til det me jobbar med. Det gjer oss
ekstra lyst til å bygga vidare på Skånevik Bluesfestival, seier Alf
Warloe Christophersen.
Leiar i kultur- og ressursutvalet, Georg Indrevik, delte ut prisen til
Alf Warloe Christophersen, og han var ekstra imponert over at Skånevik
Bluesfestival har fått eit ry også utover Noregs grenser.
— Festivalen har vorte eit kraftfullt innslag i «Bluesbygda Skånevik»,
og regionen omkring, og medverka til å skapa stor aktivitet og
knoppskyting i lokalsamfunnet, sa han.
Les
meir i Grannar
14.12.06 Testa sykkelruta i
Sunnhordland
Innsida.no: Sykkelruta
i Sunnhordland går frå Leirvik til Sunde, via Rosendal, Matre, Skånevik,
Utåker og tilbake til Stord. Fem testpersonar frå andre stader i
landet har på tre ulike tidspunkt i sommar teke sykkelen fatt, for å
vurdera opplevingsverdien av ruta. Dei har no sett sine inntrykk og
tankar om ruta ned på papiret. Ruta får totalkarakteren 4, 5 er det
beste.
Opplevingsverdien er upåklageleg, i følgje
personane som har testa ruta.
– Må vera eit av dei flottaste områda i landet. Har alt - både bre,
fjell og fjord. Natur og kulturlandskapsopplevinga på denne ruta er
stor. Lengre strekkjer vert sykla langs sjøen, men mange flotte
synsinntrykk, til dømes båtar, bukter, naust, sjøboder, fulgeliv og
lukt av sjø. Elles går turen forbi store jordbruksområde med store
flokkar av kuer. På fjellet over Matre kom vi forbi ein flokk geiter
som gjekk like ved vegen, heiter det i rapporten.
Les
meirpå Innsida.no eller ta utskrift av rapporten i word-format.
12.12.06
Samlivskurset PREP
Helsestasjonen
i Skånevik
og soknerådet v/kapellanen: Ingen
går gjennom livet utan problem. Stressfaktorar som arbeidsdeling heime,
økonomiske vanskar, oppseding av born, framtidsplanar osb. påverkar
eit kvart par. For mange blir problema så slitsame at dei vel å gå frå
kvarandre.
PREP blei til ut frå eit ønske om å hjelpe par til å til å unngå
at desse problema skal øydelegge forholdet. Det ønskjer også å gi
par hjelp til å få større glede av forholdet sitt, eller å finne
tilbake til spenninga og gleda dei hadde då dei først blei saman.
Kurset blei laga for å gi par eit verktøy til å betre kommunikasjonen
i forholdet, og setje søkelyset på kva som kan styrke forholdet.
Les brosjyren om kurset PREP i
Word-format
eller i
PDF-format.
09.12.06
Fekk kreft og ein
rikare sommar
Haugesunds
Avis: Hans
Olav Tungesvik har hatt ein god vår og sommar. Mykje på grunn av
kreften, som gav han ny kraft. Halvåret med kreftdiagnose er blitt bok.
– Eg gjekk i den vidunderlege sommaren og hadde det utruleg bra. Utan
symptomar og ingen biverknader av behandlinga som eg fekk. Eg hadde
flott fellesskap med familien, seier den kjende psykiateren og tidlegare
rikspolitikar.
30. mars klokka 10.40 fekk han diagnosen prostatakreft, midt i ein
psykoterapitime. Sekretæren banka på døra, fortalde at ein lege var på
telefonen frå Haugesund.
– Eg hadde mange pasientar utover dagen. Det var viktig for meg at
dette skulle ikkje forstyrre. I lang tid informerte eg berre min næraste
familie. Det var einaste rette. Annleis hadde det stilt seg viss det var
snakk om sykehusinnlegging.
Les
meir i Haugesunds Avis
05.12.06
Utlysing
av tomter på Skålnes
Etne kommune har
klargjort for sal 5 nye tomter på Skålnes bustadfelt (ved Skånevik
barnehage)Interesserte kjøparar kan ta kontakt med Tenestetorget på
tlf. 53758000 for å få tilsendt søknadsskjema og informasjon.
Sjå
kart, prisar og søknadsskjema på kommunen si webside.
04.12.06 Har
legane all makt?
Gudbjørg Christophersen: Gjennom
Grannar tok eg opp dagens legesituasjon i Skånevik. Eg fekk det svaret
eg forventa.
Gjennom Grannar tok eg opp dagens legesituasjon i Skånevik. Eg
fekk det svaret eg forventa. I sist formannskap vart legesituasjonen drøfta.
Etter det har rådmann Hetland stadfesta at hans utsegn var referert
korrekt, og at det var ein eingongssituasjon. Gledeleg å høyra, men
det samsvarar ikkje med plakaten som heng på venterommet ved
Helsesenteret i dag måndag 27. november.
«Ingen lege i Skånevik denne veka v/48, men ein dag i neste veke v/49,
vert det lege ved kontoret.»
Alle som har behov blir vist til lege i Etne. Dette er ikkje nytt. Heilt
utruleg. Etne kommune har fem legar. To skal nå avvikle to vekers
ferie. Meiner helseleiar at dette er ei god og rettferdig fordeling av
tenesta til brukarane? Nå har mange onsdagar vore utan lege, kva blir
det neste?
Med så ustabile situasjonar som det blir lagt opp til, har ikkje
brukarane noko val, dei må reise til Etne. Samfunnsøkonomisk er dette
uhøyrt. Helseleiaren har i samråd med legane prioritert slik, vert det
sagt. Politikarar, nå må de vakne. Ja, alle bygdefolk. Kommunen bygde
helsesenter i Skånevik i 1992. Kvifor blir dei politiske vedtaka gjort?
Jo, me skulle sikre bygda å ha gode kontortilhøve for lege og dei
andre helsefunksjonane. Og folk skulle ha eit godt tilbod. Med over fire
hundre arbeidsplassar i bygda, derav fleire bedrifter med farefullt
arbeid, må me ha lov å krevja lege i nærleiken. For oss som har fått
levd ei stund og følgd med utviklinga, syner det seg at enkelte
arbeider målretta med legetilhøva. Skal me godta dette? Tenk på
konsekvensane. Er dette god service frå legane?
Fordel legane rettferdig, då vil brukarane få ein stabil situasjon.
Til den legen i Etne helsesenter som har mange fastlegepasientar frå Skånevik,
kunne det vore ein tanke å ta ein dag i veka i Skånevik, i staden å
tilrå pasientane å reise. Tenk litt økonomi, ikkje berre på dykk sjølve.
Eg er godt nøgd med min fastlege i Skånevik. Sambygding prøv du det
same.
Gudbjørg Christophersen
04.12.06
Pengegåve til
trivselprosjekt
Grannar: Då
Sparebanken Vest opna det nye kontoret i Etne kunne administrerande
direktør Stein Klagegg overrekkje 75.000 kroner til Trivselsprosjektet
i Etne. Dei tre trivselsgrendene Skånevik, Sævareid og Sørstranda får
25.000 kroner kvar.
Då Sparebanken Vest opna det nye kontoret i Etne kunne
administrerande direktør Stein Klagegg overrekkje 75.000 kroner til
Trivselsprosjektet i Etne. Dei tre trivselsgrendene Skånevik, Sævareid
og Sørstranda får 25.000 kroner kvar.
Miljøarbeidar i Etne kommune, Leif Arne Løvereide, mottok gåva. han
meiner dette inspirerar til vidare arbeid.
— Det er veldig kjekt med pengane, men det er òg svært inspirerande.
Dei tre gruppene har halde på sidan 2003, og kanskje me har vore litt
usynlege for mange. Men me har fleire idear til tiltak framover, seier
han.
Les
meir i Grannar
30.11.06
Ei
flott fantasy-forteljing
Rektor v/Skånevik skule: Den
kulturelle skulesekken i Hordaland har lagt ut forteljinga ”Furte
& Bistene” av Stine Sandvold og Ingrid Birkenes på heimesida
si. Forteljinga er ei av tre forteljingar som DKS brukar for å syna
korleis elevane har gitt respons etter besøk av forfattaren Rolf Enger.
Den
kulturelle skulesekken legg til rette ulike tilbod for elvane i
grunnskulen, det gjeld konsertar, forfattarbesøk, revyar og andre
kulturelle opplevingar.
Det
var i vår at skulen hadde vitjing av forfattaren Rolf Enger med emnet
”Møt Hobbiten og skriv fantasy”. Han gav elevane ei innføring i
korleis ein skriv fantasy-forteljingar. Elevane vart invitert til å
skriva forteljingar og senda til Rolf Enger, så skulle han gi
tilbakemelding til elevane om kva som var bra og kva som kunne gjera
forteljinga til ei betre fantasy-forteljing. Stine og Ingrid si
forteljing vart etter denne prosessen ei flott fantasy-forteljing som
Den kulturelle skulesekken ynskte å leggja ut på heimesida si.
Underteikna
vil gi ros til Stine og Ingrid for ei fantasifull og flott forteljing.
Rektor
27.11.06
Våt
og kald julestart
Grannar: Etter
ein litt treg start med få frammøtte på grillinga tidleg på dagen,
var det langt fleire enn forventa som fann vegen ned i sentrum på
julgate-opninga i Skånevik laurdag ettermiddag.
— Grillmat er godt uansett vêr og det er synd det ikkje kom fleire,
meiner Hilde og Hanna Bjerkreim.
Dei to var blant dei få som møtte fram til grillinga. Trass super
grillmat og ein knakande god heimelaga potetsalat, var det få som kom
og kjøpte seg mat frå grillen i sentrum.
Eventyrstund
På hotellbakken var det lavvo, der kunne alle komme inn å få kakao
med krem og peparkaker medan Siri Eikemo trollbatt både store og små
med forteljarkunst. Utanfor hadde ein høve til å få seg ein tur på
hesteryggen til den nissekledde hesten Hilde, og her var det mange som
ville prøve seg. Den flotte fjordingen gjekk utan stans rundar med små
og litt større born. Sjølv om regnet auste ned stod borna i kø for å
få seg ein tur på Hilde.
Les
meir i Grannar
23.11.06 Nye
tomter snart klare for sal i Skånevik
Grannar: Etne
kommune kjem snart til å lyse ut fem flotte utsiktstomter for sal i Skånevik.
Prisane ligg mellom 260.000 kroner og 285.000 kroner.
— Sjølv om det høyres mykje ut med omlag 250.000 kroner er dette
billeg i dagens samfunn. Ein får trass alt inkludert både vatn, veg,
kloakk, straum og fiberrøyr, sa Kristoffer Vannes i formannskapet, då
dei fastsette prisane.
Tomtene ligg i Skålnesfeltet i Skånevik. Omlag 110.000 kroner av
tomteprisen går med til å finansiera «Barnehagevegen», som blir
tilkomstveg til tomtene.
Så fort som råd
Tomtene er klare til å lysast ut. I kontrakten med entreprenøren som
jobbar med «Barnehagevegen», er det lagt til rette for at tomtearbeid
kan setjast i gong, dersom det ikkje hindrar anleggsarbeidet.
Formannskapet meinar at det er viktig å minna om kriteria for tildeling
av tomter, slik at ein unngår «hytter».
Les
meir i Grannar
17.11.06
Straumprisane på nedtur igjen
Haugesunds
Avis: Mot normalt for årstida er straumprisane på nedtur.
Faren for kraftkrise i vinter er minimal. På denne tida av året
er det normalt ikkje tilsig i vassmagasina. Nedbøren oppe i fjellet
kjem normalt som snø som blir liggjande. Men no regnar det høgt til
fjells. Tilsiget ligg på meir enn 60 prosent av det normale hittil i
november.
– Nei, her er ingen grunn til krisemaksimering, lyder godlåten frå
elverksjef Kristoffer Vannes i Skånevik Ølen Kraftlag.
Faren for kraftkrise og rasjonering denne vinteren er no minimal, melder
NVE.
Større tilsig enn normalt, betre fyllingsgrad i vassmagasina og lågare
kraftprisar bør vera godlyd i øyro på kvar ein elforbrukar. Legg ein
til at vêrmeldingane for dei næraste dagane er som våte draumar,
tyder det at neste straumrekning kan opnast utan frykt for at det ikkje
skal bli att nok til salt i julegrauten.
Les
meir i Haugesunds Avis
16.11.06
Blodprøvar i bosset
Grannar: Blodprøvar
frå Etne og Skånevik legekontor går rett som det er i bosset på
Haugesund Sjukehus. Grunnen er at posten går altfor seint.
— Berre den veka har me måtta kalla inn mellom fem og ti
pasientar på ny. Grunnen er at me må ta ny blodprøve, fordi den andre
var for gammal då laboratoriet ved Haugesund Sjukehus endeleg fekk den
i posten, seier Grete Stølås, legesekretær ved Etne legekontor.
Blodprøvar held seg mellom eitt og fire døgn i kjøleskåpstemperatur,
då seier det seg sjølv at legekontora er avhengige av Posten er
effektive og nøyaktige.
Les
meir i Grannar
14.11.06
Julekonsert med Hanne Krogh
Nils
Lavik: Sett av tysdag 19.
desember i år klokken 19.00. Da byr Hanne Krogh og musikerne
hennes på fantastiske musikalske førjulsopplevelser i Skånevik Kirke.
Med på årets juleturné er Tarjei Nysted (fiolin, perkusjon
mm.), Torstein Sødal (tenor) og Stein Austrud (keyboards og musikalsk
leder).
Krogh har i flere år turnert land og strand rundt med juleshowet sitt,
til strålende kritikker. Les for eksempel VGs
anmeldelse fra fjorårets turné her, eller kanskje Haugesunds
Avis opplevelse av konserten her. Billetter
kjøpes på Skånevik
Fjordhotel, kontakt resepsjonen på telefon 53770700 for mer
informasjon.
Les
mer på websiden til hotellet
10.11.06
Småkraftverk gir jobb til fleire
Grannar:
Stabilt høge straum-prisar og stadig stigande
kraftetterspurnad skapar nye arbeidsplassar for lokale bedrifter. I
tillegg er det med på å auka verdiskapinga på landsbygda.
I mange år har smelteverksindustrien og produksjon av avanserte
industrimaskinar vore hovudindustriområde for SMV i Skånevik, medan
produkt og tenester til kraftindustrien har vore ein varierande og liten
del av den totale omsetjinga. I år kan selskapa Energi Teknikk AS og
SMV byrja hausta inn frukt av åtte års beinhard satsing på
kraftindustrien.
— I samarbeid med Energi Teknikk AS i Dimmelsvik, som er SMV sin
hovudkunde, konstruerar og produserar SMV kraftturbinar for mini –og
småkraftverk til heile landet. Energi Teknikk AS står for
systemdesign, marknad og sal, medan SMV står for konstruksjon og
produksjon av turbinane, opplyser Lars Hovda, dagleg leiar ved SMV.
Lars Hovda vonar at dagens kraftmarknad vil halda seg i åra framover.
— Dersom regjeringa skal halda på lovnadene sine, vert det aukande
marknad for småkraftverk i tiåra som kjem. For SMV tyder det at
bedrifta får eit ekstra bein å stå på. Allereie til neste år vil me
ha ni til ti årsverk som er retta mot dette marknadsområdet, og
omsetninga vil då auka med omlag ni millionar kroner, seier Lars Hovda.
Les
meir i Grannar
10.11.06
Samarbeider om Beatles - konsertar
Grannar:
Kommande helg er det Beatles som står på
plakaten i Etne og Skånevik. Det kan ein takka eit ruktbart samarbeid
mellom dei to musikklaga i Etne kommune for.
Leiaren i Skånevik Musikklag, Hildegunn Larsen, og leiaren i Etne
Musikklag, Anlaug Tesdal, er nøgde med samarbeidet dei har hatt denne
hausten. Dette er det første prosjektet dei har saman, men det er ikkje
første gongen dei har spelt i lag.
— Musikkorpsa våre har vore gjestekorps hjå kvarandre tidlegare, så
me har eit godt forhold frå før, seier dei to smilande leiarane.
Det var etter ein opptreden saman forslaget kom om dei kanskje skulle
starta eit prosjekt saman. Larsen og Tesdal fortel vidare at dei har måtta
tilpassa seg til kvarandre.
— Etne janitsjarkorps blanda med Skånevik brasskorps er ikkje berre
– berre, så ein del tilpassingar måtte me ha.
Les
meir i Grannar
09.11.06
Cruiseskip til Fjæra?
Haugesunds Avis:
15 fastbuande og eigen kai for cruiseskip heile sommaren. Det kan bli
framtida for Fjæra frå sommaren 2008. Tror du på cruisetrafikk på
Åkrafjorden? Si din mening. Flåm er fullbooka og Geiranger har
mange cruiseturistar sett før. Difor vurderer Fred. Olsen Fjæra og Åkrafjorden
som eit nytt tilbod til sine cruisepassasjerar frå sommaren 2008.
– Me treng nye plassar som ingen andre har, seier Anne Wiers-Jensen i
Fred. Olsen Travel.
Måndag har ho invitert ordførar Amund Enge og prosjektleiar i
landbruk/reiseliv Egil Ørjan Thorsen frå Etne til ein presentasjon i
Oslo. Veka etterpå skal ho leggja fram Åkrafjord-alternativet for
Fred. Olsen Cruise Lines Ltd., som held til i Ipswich i England.
– Dette er den andre presentasjonen av Fjæra og Åkrafjorden. Me
syntest denne destinasjonen, med den tronge bygda med dei stupbratte
fjella inst i fjorden, og Langfossen, virka så interessant at me har
bestemt oss for å sjå nærare på dette alternativet, seier
Wiers-Jensen.
Ho understrekar at det er oppdragsgjevaren, Fred. Olsen Cruise
Lines i England, som tar den endelege avgjerda. Det kan skje før jul.
Les
meir i Haugesunds Avis
07.11.06
Stiller ut fotografi
Kari
B. Bengtson frå Oslo og Elisabeth N. Emmerhoff frå Skånevik har
fotografiutstilling i Ekspedisjonen Skjenkeståva på Lofthus i
Hardanger. Begge er mastegradstudenter i fotografi ved
Kunsthøgskulen i Bergen og dei har si bachelorutdanning frå
universitet i Brighton og London. Opning er fredag 17.11.06 Kl 20.00 (Stenger kl 01.00).
Les
meir om utstillinga
07.11.06
Blonder & Blues er i gang
Nils Lavik: Mellom 100
og 200 Skåneviksbuer var innom i løpet av kvelden og natten,
stemningen var høy og dansegleden stor. Olav Eger Hesjedal bidro med
dansemusikk, og Hanne Krogh skapte stemning med et variert
repertoar der hun til og med sent på natt smelte til med La det
swinge, til publikums store glede - og med høy allsangfaktor.
Dessuten rocket eks- medlem i Just 4 Fun Eiríkur Hauksson scenen med røff
gitar og hes vokal, som traff publikum rett i blueshjertene.
Bakgrunn: Vi ønsket totalendring av kaféen vår, og utfordret derfor
interiørarkitekt Stig Anderson fra Artlab
i Bergen på innspill til hva som kunne gjøres med dette lokalet -
som i mange år bar preg av en blåaktig marin og kanskje noe
upersonlig stil, vil mange hevde.
Les
meir på websida til hotellet
06.11.06
Fjellgarden Valdra i Skånevik
Ingvald Åsheim:
Valdra er ein gard som det har budd folk langt
tilbake i tida. Eg kan minnast alle som har vore der frå slutten av
tjueåra og fram til i dag.
Eg har barndomsminner frå Valdra. Me som var frå Åsheim var
ofte der oppe og leika med dei som var på vår alder. Den første eg
kan minnast som dreiv garden, heitte Todleiv Valdra. Den neste var
Reidar Brandskår, etter han kom Thorvald Kjemhus. Den som eig garden i
dag er Ove Tyssebotn.
Mor mi var tenestejenta hjå Todleiv Valdra og kona Brita, og det var
Brita som bar meg til dåpen for snart 90 år sida. Då eg vart
konfirmert fekk eg kr. 10,- i gåve, det var mykje pengar på den tida.
Mor mi lika seg godt på Valdra. Det var snille folk å vera hjå, og ho
fekk læra mykje den tida ho var der.
Der var mykje dyr på garden, både sauer og geiter, kyr og hest. Ei tid
hadde dei to hestar. Om sommaren laga dei geitost. Slåttonna var ei
travel tid, det var stor vidde å fara over med ljåen, men dei var
flinke slåttekarar som visste korleis dei skulle bryna ljåen for å
halde den krass. Dei var svært nøye så det ikkje vart ståande eit
strå att.
06.11.06
Ny utdanningsmesse
Sunnhordland: Stord Rotary held no på med
planlegginga av den 17. utdanningsmessa for Sunnhordland på Vikahaugane
Stord Sportssenter. Messa skal etter planen avviklast 31. januar og 1.
februar, og i samband med dette vert det no søkt om økonomisk stønad
frå Stord kommune med ei krone pr. innbyggjar, til saman 16.300 kroner.
Det er og sendt søknad til kommunane Bømlo, Kvinnherad, Etne, Sveio og
Tysnes.
Til messa har ein i år, som tidlegare, invitert elevar i
avgangsklassane i ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i dei
nemnde kommunane. På sjølve messa deltek vel 70 utstillarar som
representerer eit breitt spekter av utdanningsinstitusjonar, offentlege
og private verksemder. På messa i år var det kring 3.500 besøkjande,
og av dette var 2.500 elevar. Les
meir i Sunnhordland
04.11.06
Om kommunebudsjettet
Haugesunds
Avis: Handelsmann
John Karsten Hustveit (32) trur knapt det han høyrer. Nå kan Åkrafjorden
og andre utkantar i kommunen snart kopla seg til det raske
breibandsnettet.
For
første gong på år og dag er Etnebudsjettet fritt for kutt og nedturar
for bebuarane i grendene. Rådmann Elling Hetland har for ein gong skuld
fått lov å vera "julenisse" og tilbyr ei skikkeleg gåvepakke
til dei mest grisgrendte stroka; breiband i form av ADSL.
– Dette betyr eit langt steg for oss her ute. ISDN-tilkopling
held ikkje. Spesielt er næringsdrivande i utkanten avhengig av breiband
for å henga med, stråler John Karsten Hustveit, dagleg leiar ved Åkrafjordtunet.
Spleiselag
Etne er
saman med Vindafjord og Utsira den kommunen på Haugalandet med dårlegast
utbygd breiband. Rådmannen foreslår å løyva 900.000 kroner på neste
års budsjett i eit spleiselag saman med fylkeskommunen og staten via
teknologiorganisasjonen Høykom for å retta på dette.
Les
meir i Haugesunds Avis og i Grannar.
02.11.06
Aukar aktiviteten
Grannar: Frivilligsentralen
i Etne fyller eit år 1. novem-ber. Stiftinga har i løpet av året vore
til god hjelp og støtte for svært mange. No vil dei auke tilbodet.
— Til trass for at dette året har vore litt prega av at me er
ein nystarta organisasjon, har me fått gjort meir enn forventa. Me har
ope tre faste dagar i veka. Ein dag i Skånevik og to dagar i Etne. Målet
på lang sikt er å kunne ha ope alle dagar i veka, seier Ole Funderud,
dagleg leiar.
Nokre av måla til Frivilligsentralen Etne er å skapa trivsel for
personar i utsette grupper, motvirke isolasjon av enkeltpersonar og
formidla praktisk hjelp.
To i leiarstolen
Sidan oppstart har det også skjedd ting innan leiinga av stiftinga. 15.
september overtok Anne Fredriksen frå Etne, 40 prosent av den fulle
stillinga til Funderud. Dei to jobbar saman ein dag i veka.
— Det er veldig kjekt og
nyttig å vera to om dette arbeidet, seier Ole Funderud.
Les
meir i Grannar
02.11.06 Utset
tunnelselskap
Haugesunds Avis:
Alle vil ha Skåneviktunnelen, men politikarane i Etne vil sjå nærare
på vedtektene for tunnelselskapet før dei går med. Ordførar
Amund Enge blei parkert som inhabil då Etne kommunestyre mot berre ei røyst
bestemte seg for å utsetja spørsmålet om kommunen skal gå med i Skånevik–Etne
tunnelselskap A/S. Victor Carlsen jr. i tunnelselskapet er skuffa og
lurer på motiva.
– Me måtte utsetja generalforsamlinga som var tidfest til måndag i
denne veka. Me har ikkje meir enn tida og vegen for å få noko med om
tunnelen i Etne sitt langtidsbudsjett. No lykkast me kan hende ikkje med
det, og dermed er i realiteten tunnelarbeidet utsett med eit år, sukkar
Carlsen.
Les
meir i Haugesunds Avis
31.10.06
Anleggsstart på Vintertun
Haugesunds
Avis: Idag startar anleggsarbeidet på
ny E 134 over Vintertun. Den skal stå ferdig 7. november neste år.
Det er Mesta som har fått oppdraget, og i
gjennomsnitt vil 30 mann vera i arbeid med å laga 3,2 kilometer ny veg frå
grensa mellom Etne og Odda, forbi Vintertun.
–Me skal driva ein liten tunnel på knappe 90 meter på grensa
mellom Børstø og Vintertun. Så blir det ny veg i dagen på andre sida
av elva forbi Vintertun, fortel prosjektleiar i Mesta, karmøybuen Lars
Harald Nordnes. Han seier dei første dagane vil gå med til å rigga.
Kontorrigg skal på plass på rasteplassen på Vintertun.
Så vil sjølve maskinarbeidet i vegtraséen starta på andre sida
av vegen ved rasteplassen om ei god vekes tid. Mesta har to
underleverandørar som skal stå for graving og masseflytting. Det er Skånevikstrand
Maskinstasjon og Brødr. Flatebø, Etne.
Les
meir i Haugesunds Avis
27.10.06
Sakte mat i Torino
Grannar: Frida
Eikemo og Carina Vevang Valsvik skal på verdas største messe for slow
food i Torino. Der skal dei blant anna hente inspirasjon dei kan bruke på
kjøkkenet på Fugl Fønix.
Utgangspunktet er at dei skal presentere matrettar av vestlandske
råvarer på Salone del Gusto i den italienske industribyen. Dei skal
vere med i eit lag på 16 kokkar, to servitørar og to støttespelarar
som skal presentere prosjektet Fjordmeny på den gedigne happeningen der
såkalla slow food blir diska opp og vist fram.
Fjordmeny er eit prosjekt i regi av NHO Reiseliv Region Vest. Også kjøkkensjef
Tomas Sletten på Skånevik Fjordhotel skal delta på dette
vestlandslaget.
Presentere råvarer
— Vi skal hente inspirasjon og ikkje minst presenterer gode råvarer.
Det er spennande å få profilere norske matvarer i utlandet, meiner
soussjef Frida Eikemo på Fugl Fønix Hotel.
Les
meir i Grannar
22.10.06
Vil støtta tunnel
Grannar: Formannskapet
i Etne tilrår at Etne kommune skal gå inn i tunnelselskapet Skånevik
–Etne AS, med ein aksjekapital på 24.970 kroner.
Formannskapet i Etne tilrår at Etne kommune skal gå inn i
tunnelselskapet Skånevik –Etne AS, med ein aksjekapital på 24.970
kroner. Det tidlegare løyvde og utbetalte tilskotet til forprosjektet
for utbetring av vegen mellom Valen i Kvinnherad og E 134 i Etne
kommune, vert omdisponert og innbetalt som Etne kommune sin del av
aksjekapitalen i selskapet.
Les
meir i Grannar
16.10.06
Ansvarleg politikk
Leiar i Grannar: SV
har gått med på å gje konsesjon til det planlagde gasskraftverket på
Mongstad. At det ville gå slik er ikkje overraskande etter at partiet
gjekk vekk frå kravet om reinsing frå dag ein. At dette er svært
provoserande for mange er det ingen tvil om. Både medlemmer i partiet
og naturvernarar sette si lit til at SV skulle vera det partiet som stod
opp for miljøet. Difor vil dette skade omdømmet til Kristin Halvorsen
og co., og partiet vil tapa veljarar.
Men trass i at mange er såra og vonbrotne etter at SV snudde, har
partiet i denne saka vist seg som eit ansvarleg regjeringsparti. Det har
også Senterpartiet som for få år sidan gjekk frå regjeringsmakta når
Stortinget vedtok å gje konsesjon til gasskraftverket på Kårstø.
Noreg treng å produsera meir energi for å unngå den ventande
kraftkrisa. Samstundes har landet eit ansvar for miljøet gjennom
Kyoto-avtalen. Å oppfylla den kan gasskraftverket på Mongstad hjelpa
til med.
Les
meir i Grannar
12.10.06
Gondolbane i Åkrafjorden
Ove Wiland:
På Voss kan du oppleva ei eventyrleg reise med
Dinglo og Danglo frå Vangen og opp mot dei høge tindar. Med ei utsikt
og ein naturoppleving ein aldri vil gløyma, der Vossevangen ligg og
speglar seg i Vangsvatnet. Dei som har opplevd dette, er blitt eit minne
rikare for livet.
I Bergen har me ”Ulriken”, som også skal vera ein fantastisk
oppleving å reisa med. Spesielt etter at det blei ein annan leiar eller
ansvarleg for banen.
Ifølgje ordførar Amund Enge sine spådommar både i media og på NRK
lokal skal det bli ein gondolbane med noko attåt i Åkrafjorden.
Investorar skal allereie vera klare med pengepungen open. Det skal visst
vera den store etterspurnaden etter vatnet som renn ned Langfoss som
skal vera med på å finansiera prosjektet. Ein vil oppleva ei god gamal
pilegrimsferd for dei som har behov for vatnet. Det blir som i gamle
dagar, og det blir heilt sikkert slik at heile fjorden reiser seg til
slutt.
Les
meir i Grannar
10.10.06
Reguleringsplan for Skålnes - Hagavik
Etne
Kommune: Kommunestyret har i sak 033/06 i møte 27.06.2006
endeleg godkjend reguleringsplan for Skålnes-Hagavik etter § 27-2 i
Plan- og Bygningslova - Klagesakshandsaming.
Planområdet er på ca. 166 da, og er no regulert tilbyggeområde
for bustader, hytter, naust og forretning/kontor, offentlege trafikkområde,
spesialområde, friområde, fellesområde og kombinert føremål.
Les
meir og sjå planen på websida til kommunen
02.10.06
Lynet tok fire sauer
Haugesunds
Avis: Dei fire sauene søkte ly mot uveret under nokre tre ved
ei gammal telefonlinje. Det kosta dei livet. Pawel
Blaszkiewicz kjende lukta av svovel då toreveret herja som verst
laurdag kveld. Søndag morgon fann bonden fire medlemmer av saueflokken
liggjande døde på bakken.
– Sauene gøymde seg på feil plass. Det var tydeleg at det hadde slått
ned i den gamle telefonlinja. På trea var barken svidd av, seier bonden
som etter uveret sit att med ein saueflokk på 36. Sauene var to år
gamle, og nett komen opp i god avlsalder.
Skummelt
– Det er veldig trist at sauene mista livet, men naturkreftene kan ein
ikkje gjera noko med, seier polakken som saman med kona Agnieszka kjøpte
Sandvik gard for tre år sidan. Han sit att med skrekken frå hendinga.
– Det er skummelt å tenka på. Eg sat i gravemaskinen då lynet slo
ned 50 meter vekke frå meg, seier Blaszkiewicz. Han tør ikkje tenka på
kva som kunne hendt om lynet slo ned i maskina.
Lukta svovel
– Det var verkeleg nære. Eg er veldig glad for at det ikkje gjekk
verre, seier Blaszkiewicz., som fortel om underlege verforhold laurdag
kveld.
Les
meir i Haugesunds Avis
14.09.06
Takk til Aslaug Mala
Hans Olav
Tungesvik: I Grannar for torsdag 31. august
ser eg at redaktør Aslaug no har redigert sitt siste nummer av avisa. I
det høvet vil eg gjerne blanda meg med dei mange som i desse dagar
helsar Aslaug og takkar for fylgjet.
Du har vore ein framifrå god redaktør i dei 10 åra du
har hatt jobben, og eg vil særleg peika på dei mange gode
leiarartiklar om aktuelle tema som du har hatt desse åra. Dei er
ofte det første eg les når eg opnar avisa.
Du har vore rettferdig og balansert, og gjeve rom for meiningar som
kanskje ofte gjekk på tvers av redaktøren sine eigne meiningar. Det
er kjennemerket på ein god redaktør at det blir gitt godt rom for
breidda og nyansane i meiningar.
Les
meir i Grannar
11.09.06
Stor dag for liten bluesbygd
Skånevik
Fjordhotel, v/Nils Lavik: Den største
og viktigste dagen for Skånevikssamfunnet på mange år, var
beskrivelsen lokale ildsjeler brukte om prosjektåpningen denne lørdagsettermiddagen
i nydelige høstomgivelser i den like vakre Skåneviksidyllen. Gledelig
var det å observere det store antallet Skåneviksbuer som møtte opp.
Og minst like gledelig at så mange unge i tyve- og tredveårene stilte,
både boende og utflyttede, og som ergo er veldig bevisst det store
utviklingspotensialet som hjembygden deres har!
For første
gang i fjordhotellets arrangementshistorie ble scenen plassert i
restauranthjørnet ut mot Skåneviksfjorden, for på den måten å
presse inn mest mulig folk både innover i restauranten og utover i
barområdet – og der alle samtidig fikk mulighet til å se hva som
foregikk.
Ordfører Amund Enge startet ballet med åpningstale og
lykkeønskninger,
der han avslørte stor tro på Skånevik generelt og bluesbygdprosjektet
spesielt. Han understreket dessuten at han svært gjerne kunne tenke seg
å sitte i prosjekt- eller styringsgruppen selv (om det skulle bli
aktuelt), før han avsluttet med å lese dikt fra lokalpoeten Ingvar
Moe.
Les
meir på websiden til hotellet og i Grannar.
02.09.06
Brakstart
for bluesbygda
Nils Lavik:
Lørdag 9. september går startskuddet for det toårige
pilotprosjektet, initiert og finansiert av Kommunal- og
Regionaldepartementet, som skal utvikle vesle Skånevik til bluesbygda i
Norge. Festlighetene starter 18.00 og ender ikke før langt ut i
de små timer.
Programmet for ettermiddagen, kvelden og natten inkluderer en spennende
miks av lokale matopplevelser og tilhørende forfriskninger, kulturelle
innslag, spontane overraskelser samt mer detaljerte
prosjektpresentasjoner. Som kommer til å gi lokalbefolkning,
politikere,
turister og ikke minst overnysgjerrige journalister svar på alt de måtte
fundere på i forbindelse med dette unike pilotprosjektet! Brakstarten
finner sted på Skånevik Fjordhotel, beliggende midt i sentrum av Skånevik
og et steinkast fra ferge- og hurtigbåtkaien.
Initiativtaker og leder for bluesbygdprosjektet er stordabu, coach og
hotelleier Inger Karin Larsen, med en fortid som bygdeutvikler på
Vestlandet, næringssjef på Bømlo og statssekretær i Nærings- og
Handelsdepartementet – blant mye, mye annet.
Fra programmet kan kort nevnes følgende: Ordfører Amund Enge klipper
snoren og holder åpningstale, Inger Karin Larsen presenterer visjoner,
målsettinger og konkrete planer - i tillegg til lokale kunstnere som
bidrar med musikk, dikt,
historier og happenings underveis.
Les
meir på websiden til hotellet
26.08.06
Bluesfest på hotellet
Skånevik
Fjordhotel: Lørdag
9. september smeller det. Vi har nemlig endelig klart å lokke et av
Norges mest spennende band innen rock- og bluessjangeren hit til
Skånevik!Helt siden daværende Tommy & The Runaway Boys skapte
stormende jubel og vill stemning i forbindelse med Blueslunchen på
hotellplenen under Skånevik Bluesfestival for noen år siden, har vi drømt
om å få dem tilbake. Endelig har vi klart det - og det til tross for
at bandet stort sett bruker all tid på å reise land og strand rundt
for spilleoppdrag på langt større scener enn vår.
Trioen går nå under navnet Frogner Tennisclub, og fra å være
et rent rockabilly – og bluesband, har de etter hvert utviklet seg til
å bli et band som spruter av energi og livslyst med rufsete rock &
roll-pop/blues som grunnlag.
Les
meir på websiden til hotellet
Les
også om Irsk Aften fredag 8. september!
23.08.06
Ein Oselvar
vert til
Å byggja ein båt er
utfordrande. Krav til materiale, byggjeplass, mål og standardar
er ei side. Tidsfaktoren ei anna. ”Det er jo berre å spikra
saman nokre fjøler”, er eit useriøst utsegn frå ein båtbyggjar.
For Njål og Reidar vart det å byggja oselvar arbeidskrevjande,
men også svært interessant og lærerikt. Harald Dalland frå
Tysnes har vore ein særs god rådgjevar og rettleidar og skal
ha mykje av æra for at resultatet vart så bra som det vart.
Her kan du sjå nokre bilete frå prosessen.
Sjå fotoalbum
13.08.06
Frihamn-dagen
2006
Tida
nærmar seg for den årlege Frihamndagen i Skånevik.
Den blir i år søndag 10. september,
og stiftinga Frihamn
innbyr då alle til ein festdag frå kyrkjetid til seint på dag.
Gudstenesta
blir som vanleg ved vår eigen Frihamnprest, Synnøve Rydland Overweg,
og den landskjende songaren og komponisten Gunstein Draugedalen
vil syngja under gudstenesta med
akkompagnement av organist
og pianist Nils Einar Helland.
Det
blir kyrkjekaffi for alle på Frihamn-senteret etter gudstenesta.
For
tilreisande blir det høve til å kjøpa middag både på MA-senteret
Toflebrekko og på Skånevik Fjordhotell.
På
festmøtet i Skånevik Idrettshall om ettermiddagen vil tidlegare
sjefredaktør i Haugesunds Avis, Ragnar
Larsen, dela av si
livserfaring under tittelen
”Topplederen som møtte veggen”.
Det
blir rikeleg med song og musikk ved Gunstein
Draugedalen og Nils Einar Helland.
Lyrikaren Kjellaug Bakke frå Bjerkreim
vil lesa frå eigen produksjon av både dikt og prosa.
Det
blir enkel servering og tid til prat,
kjøpa bøker, kassettar og CD-ar.
Arrangementa
er gratis, og alle er
hjarteleg velkomne.
01.08.07
Knuseverk til Island
Grannar: Aldri
før har det vore så gode tider ved Sunnhordland Mekaniske Verksted (SMV)
i Skånevik. No jobbar dei for fullt for å bli ferdige med sitt største
prosjekt nokon gong; eit knuseverk som skal leverast til Island.
— No held me på å gjera ferdig eit knuseverk som skal sendast til
Island i slutten av august. Det er eit veldig spennande prosjekt som
alle avdelingane våre har vore med på å framstilla. Kor mykje
kontrakten er verdt, kan eg ikkje seia på grunn av avtale med kunden,
men eg kan røpa at det er eit tosifra millionbeløp, seier dagleg leiar
ved SMV, Lars Hovda.
Behov for meir folk
— Alle har stått skikkeleg på for å få i hamn dette prosjektet, og
det er me veldig glade for, seier Hovda.
Ringverknadane av den høge aktiviteten ved SMV, gjer at det også vert
gode tider for andre industribedrifter i nærområdet.
— Ein av dei viktigaste underleverandørane våre er Maritime
Contracting Etne AS, legg han til.
Les
meir i Grannar
31.07.06
Haugalandet
som reisemål
Grannar:
Dei siste dagane har det vore debatt i Haugesunds
Avis om korleis ein best kan selja distriktet overfor utanlandske
turistar. Ikkje minst reisande som kjem frå andre sida av Nordsjøen
med flyselskapet Ryanair.
Bakgrunnen for debatten er at det irske flyselskapet kjem til å
redusera i rutene mellom Helganes og London frå vinteren. Grunnen er
oppgitt til å vera høge drivstoffkostnadar, for lågt belegg og
generell dårleg lønnsemd. Ryanair er heller ikkje nøgd med jobben som
er gjort for å marknadsføra Haugalandet overfor turistane.Haugesunds
ordførar Petter Steen jr, meiner Haugesund vil klinga betre i turistane
sine øyro enn Haugalandet. Han meiner Haugesund er betre kjent enn
Haugalandet.
Det kan vera at ordføraren i Haugesund har rett i det. Men me trur ærleg
talt ikkje det er så mykje i byte på dei to destinasjonane.
Skal me vera heilt ærlege, har me vel ikkje
klart å markera oss særleg bra utanfor landet sine grenser verken på
Haugalandet eller i Sunnhordland. For den del ikkje så godt innanlands
heller. Me veit sjølve at me har mykje å by på. Men feilen er at me
ikkje har klart å samla oss under ein felles paraply.
Les
meir i Grannar
20.07.06
Drikkevatnet er reint igjen
Haugesunds Avis:
Ein
ny prøve av drikkevatnet i Skånevik som blei analysert i dag tidleg,
viser at vatnet nå er reint og utan E. coli-bakterier. Men Mattilsynet
krev to reine prøver før dei meiner folk kan slutta å koka
drikkevatnet. – Gullande reint vatn, jublar Torleif Bjerkreim i
Skånevik vassverk L/L i dag føremiddag etter at dei siste prøvene frå
laboratoriet låg føre.
Ein ny prøve vil vera analysert i morgon tidlig. Dersom også denne er
rein og fri for bakterier, vil drikkevatnet til vel 400 abonnentar til
Skånevik vassverk bli friskmeldt.
Kvifor det blei funne E. coli-bakterier i drikkevatnet i Skånevik
mandag, har korkje vassverket eller Mattilsynet noko klart svar på ennå.
Les
meir i Haugesunds Avis
14.07.06
Hus med historisk sus i Skånevik
Sunnhordland: Heggelund ruvar stor og kvit mellom
fjell og fjord i Skånevik. No pussar Svein Klingsheim det opp slik at
det snart kjem til å gjere stas på bygda si.
Det var for tre år sidan at Svein og kona Marit kjøpte huset
Heggelund i Skånevik sentrum. Dei har feriert mykje i området rundt Skånevik
med båt, og kjøpte seg for nokre år sidan det tidlegare slaktarhuset
der som dei brukar til feriehus. Då dei såg at Heggelund var til sals,
slo dei til.
Heggelund var opphavleg bygd som hotell i 1890. På den tida var den
kjende kunstnaren Lars Hertervik der for å måla. Ifølgje kyrkjeboka
var reglementet at ein ikkje fekk lov til å spela kort, dansa eller
gjera andre usømelege aktivitetar der. Huset har oppetter åra vorte påbygd
mange gongar og den siste påbygginga vart gjort på 50-talet.
Les
meir i Sunnhordland
14.07.06
Bluesgangsterar til Notodden
Sunnhordland: I
helga fekk eit ungt band med rot i musikklina på Stord 10 000 kr i
stipend frå Skånevik bluesfestival og posten. Første helga i august
skal dei til Notodden og konkurrera.
-
Me veit ikkje kva me skal gjera med dei 10.000 kronene enno, me tar det
etter Notodden, når me ser korleis det har gått der, seier Stig Are
Sund frå Os, gitarist i "Hereide and the Bluesgangsters".
Bluesfestivalen i Skånevik og Posten har gått saman for å gje støtte
til ungdom som gjer ein innsats i det lokale bluesmiljøet. Det var ein
del søkjarar, men "Hereide and the Bluesgangsters" utmerkte
seg og stakk av med stipendet.
Gutane er frå Bømlo, Jondal, Os og Skånevik og møtte kvarandre på
musikklina for eit par år sidan. Etter det har det blitt mange øvingar,
mykje jamming og ein god del spelejobbar. Namnet har dei etter
trommeslagar og vokalist Bård Henrik Hereide.
- Me er ikkje eit standard norsk bluesband. Me brukar mange andre
element enn blues. Musikken er meir funky og jazza.
Les
meir i Sunnhordland
11.07.06
"Skånevik" til
Riksantikvaren
NRK.NO: Riksantikvaren
vil ta kontroll over den videre skjebnen for bilferga «Skånevik» som
har trafikkert ferjestrekninger i Sunnhordland og Hardanger. Det
gjelder også hjulbåten «Skibladner» på Mjøsa.
Et
fredningsforslag er for begge disse kulturhistorisk viktige fartøyene
er nylig sendt på høring. Fredningsbestemmelsene setter strenge
begrensninger, som kan påvirke eierselskapenes økonomi og muligheten
for videre drift.
-
Det er ikke tillat å endre skipets eksteriør, interiør, konstruksjon,
generalarrangement, fast inventar og utstyr, heter det i forslaget
til fredningsbestemmelser.
Men
Riksantikvaren kan dessverre ikke garantere årlige faste driftstilskudd
selv om fartøyet nå blir fredet, skriver riksantikvar Nils Marsten i høringsbrevene
som er sendt ut både om «Skibladner» og «Skånevik».
Fartøyene
eies av henholdsvis Oplandske Dampskibsselskap og Ferjelaget
Skånevik.
Les
meir på nrk.no/hordaland og i
bt.no.
11.07.06 Tidenes bluesfestival
TV-Haugaland:
Festivalgeneral Alf Warloe Christophersen melder om 10.000 solgte
billetter og kjempestemning i Skånevik i helga. Skånevik Bluesfestival
ble arrangert for tiende gang, og i følge festivalledelsen er de nå
der de ønsker å være.
–Vi er nå kommet opp på et nivå, der vi har økonomi til å
arrangere store konserter, sier Christophersen til TVHaugaland. I år
var DumDum Boys trekkplasteret på åpningskonserten, mens
Whitesnake-konserten på lørdag trakk mest folk.
Les
meir i Grannar 1
Les
meir i Grannar 2 Les
meir i Grannar 3 og
innnsida.no.
08.07.06
Blå regnlunch
Haugesunds Avis: Etter
opphald heile dagen begynte det sjølvsagt å regna under dei fyrste
utekonsertane på Bluesfestivalen. Men ein kan ikkje avlysa på grunn av
litt vatn.
Skåneviksbuen Bård Henrik Hereide med sitt bluesband "Hereide
& the blues gangsters" startar lunchen, men maten er enno ikkje
komen på bordet. Folk held fram med å strøyma til blues-bakgården,
"House of Blues". Og når regnet kjem, sprett paraplyane opp,
og folk prøvar å karra seg til ein stad under lydmannens litle
regntette telt. Det
er enno nokolunde opphald, og (frå venstre) Håvard Matre, Paul
Tungesvik, Maren Tungesvik og Ørjan Tveite sit og står mens dei høyrer
på Frogner Tennisklubbs blå tonar. "Når regnet kjem, sprett
paraplyane opp, og folk prøvar å karra seg til ein stad under
lydmannens litle regntette telt"
Kjærast og musikk
Frogner
tennisklubb går på scena og bakerst med gjerdet sit det to avslappa
karar som nyt ei kalde ei.
– Eg har vore her to gonger før, seier Håvard Matre frå Sandeid som
er på besøk hos sambuaren og hennar foreldre under festivalen.
– Kjærasten er jo ein grunn og dessutan musikken då, fortel han om
kvifor han kjem tilbake til Bluesfestivalen.
DumDum boys er det store høgdepunktet og Matre sier han har alt av
bandet, og såg dei for fyrste gong i torsdag.
Les
meir i Haugesunds Avis
07.07.06
Jenter med blues i årene
Skånevik-jentene Heidi Hus (17), Alis Langhelle (19), Maria
Vinje (16) og Ida Hjelmervik (18) går på på skule forskjellige
plassar i Hordaland, men er kvart år heime for å få med seg
bluesfestivalen.
–Me
er vel nesten dei einaste ungdommane som høyrer på Eric Clapton og
Gary Moore på vorspiel, seier Ida.
Men det gjer jentene på den eine campen, som er sett opp for dei fleire
tusen festivaldeltakarane i Sunnhordland-bygda. Dei er klare på at dei
digga bluesmusikk. –Eg har vore på festivalen heilt sidan eg
fekk lov til å vera ute etter elleve, seier ei entusiastisk Heidi.
Dum Dum på Singstar
Dum Dum
boys-konserten er det 15-årsgrense på, så då slepp alle jentene inn.
– Splitter pine og Singstar svarar jentene på kva forhold dei har til
trønder-gruppa.
Men når det er fredag og laurdag, er det også råd for dei under 18 å
få med seg musikken, trass i aldersgrense på 18 år i bluesteltet.
– Før har me stått på fotballbanen bak teltet og høyrd musikken
godt. Og er me heldige får me av og til lov å komma inn til artistane.
Eit par av jentene var visstnok så heldige å koma inn backstage
med Wig Wam i fjor.
Det er teltliv denne helga, men ikkje berre baluba. Heidi og Ida skal
jobba fredag og laurdag:
–Me skal vera vaktar, og ordna ting bak scena blant anna.
Og Heidi poengterer at alt er dugnad, og skryt veldig av dugnadsånda
i bygda.
Les
meir i Haugesunds Avis
07.07.06
Rutinerte Dum Dum
Haugesunds Avis:
I eit uhorveleg varmt telt gjekk DumDum Boys på scena som torsdagens
hovudattraksjon. Timen dei spelte før ekstranumra var prega av mange
nye låtar. Ikkje alle held like god standard som klassikarane frå 80-
og 90-talet. Men og med magiske augneblink. Som då vokalisten Prepple
etter ein dryg halvtime sa "denne er det lenge siden vi har spilt.
Den er litt personlig", og så set i gang med "Tyven, tyven".
Ein fantastisk sterk ballade som handlar om då han mista barnet sitt.
Ein hard versjon av den frå før harde "Møkkamann" er også
godt å reinska øyra med.
Bandet har stort sett same besetning som under den store tida på
byrjinga av 90-talet. Vokalist Prepple er enno stjerna – i bar
overkropp, dansande som ei ekte rockestjerne og flørting med publikum
og bandkompisar.
Les
meir i Haugesunds Avis
og i
Grannar.
05.07.06 Lover tidenes Skånevikfestival
Haugesunds
Avis: Skånevik Bluesfestival har tiårsjubileum.
Festivalledelsen håper på 10.000 besøkende.
: – Aldri før har vi opplevd så stor interesse. Det koker
rundt festivalen. Billettsalget er jeg ikke så opptatt av, men jeg vet
at det kommer enormt med folk til Norges råeste bluesfestival, skryter
festivalgeneral Alf W. Christophersen.
De siste årene har arrangørene av Skånevik Bluesfestival solgt mellom
8.000 og 9.000 billetter. I år har man troen på at den magiske
10.000-streken vil bli brutt. Mer penger enn noensinne er lagt ut for å
sikre den sterkeste artistlista noensinne. DumDum Boys er trekkplasteret
på torsdag.
– Det blir en kanonsterk åpning, lover Christophersen.
Fredag spiller The Original Blues Brothers Band i Skånevik.
– De var her for tre år siden, da var det skikkelig partystemning i
teltet. Det var det bandet flest folk ønsket seg i år, kommenterer
Christophersen.
Les
meir i Haugesunds Avis
04.07.6
Blues gir håp i
Skånevik
Bergens
Tidende: Ti
år med bluesfestival har gitt mange tro på lille Skånevik. 700.000
kroner fra kommunaldepartementet skal blant annet gi konserter også
utenom denne ukens festival.
Whitesnake og DumDum Boys er de store
trekkplastrene når Skånevik bluesfestival i helgen åpner dørene for
tiende år på rad. Fra å være et lite stunt har Etne-festivalen vokst
til en av distriktets største sommeropplevelser. –
Vi forventer å selge 10.000 billetter, sier festivalsjef Alf W.
Christophersen, som dro det hele i gang i 1997.
Med 150 frivillige og et budsjett på 4
millioner kroner er festivalen et stort løft for en bygd med under 1000
innbyggere. Økonomisk går man fremdeles på stram line hvert eneste år,
men nå har de statlige myndighetene fått øynene opp for hvordan
bluessatsingen skaper trivsel og forsterker Skåneviks identitet.
Som del av en økt satsing på
distriktssamfunn bevilget derfor Kommunal- og regionaldepartementet
nylig 700.000 kroner til pilotprosjektet «Bluesbygda Skånevik».
Midlene går ikke til festivalen, men til nærliggende prosjekter som
skal bygge videre på det den står for. –
Midlene skal bygge opp bluesidentiteten i Skånevik og forhåpentlig
bidra til å skape nye arbeidsplasser, sier Christophersen.
Les
meir i Bergens Tidende
04.07.06 Bru
Ølen - Skånevik?
Haugesunds Avis:
Først trudde me vindafjordpolitikerane hadde fått solstikk.
Men nei; dei foreslår at Rogaland fylkeskommune ser på ei bru frå
Dreganes ytterst i Ølensfjorden, over munninga av Etnefjorden, til Børkjeneset
på vegen til Skånevik.
ØLEN:–
På tide, jublar Brynjulf Hus i Skånevik, som foreslo ei slik bru for
tre år sidan. Dessutan vil han flytta ferjekaien i Skånevik sentrum
til Mortveit. Det gir ti minuttars ferjetid over til Halsnøy når det
nye fastlandssambandet er klart.
Ordførar Arne Bergsvåg (Sp) i Vindafjord forsikrar at desse tankane om
bru Dreganes–Børkjenes ikkje er meint som ein rød klut for etnebuar
og tunnelpådrivarar i Skånevik.
– Det er eit faktum at trafikken alltid vel den kortaste vegen. Og det
må vera lov å tenkja fritt om samferdsel for alle. Ingen har monopol på
vegløysingar, svarar Bergsvåg. Han fortel at Vindafjord, i sine
innspel til samferdsleplan for Rogaland, kjem til å be fylkeskommunen
greia ut om brua har noko for seg.
Les
meir i Haugesunds Avis
29.06.06
Fotografiutstilling på Fabrikken
You
and Me.
How does it make you feel?
Onsdag 5 juli kl 19.00 opnar Norway Foodsfabrikken i Skånevik
igjen sine dører. Fire jenter, med tre nasjonalitetar, alle med ein BA
grad i fotografi frå London, ynskjer å visa fram sine bilete. Tre
veker etter at deira hovudutstilling blei tatt ned frå veggane i
lokaler i sentrum av London, står turen for Skånevik. Etter
suksessen i fjor med
nesten 300 besøkande på fira dagar er motet godt, med
sommarfuglar i magen.
Utstillarane er:
Rama Lee frå Seoul i Sør Korea - Sarah Roesink frå Kassel i Tyskland
- Gry Bruseth Traaen frå Ulefoss i Telemark - Elisabeth Nilsen
Emmerhoff frå Skånevik i Sunnhordland.
I tilegg kjem eit bidrag i film frå Eugenia Ivanissevich frå Buenos
Aires i Argentina
”Me ynskjer å fortelja små
historiar mellom menneske i bileta, med håp om å gje ei kjensla i
fotografia og opna for tolkningane til sjåaren. Sjåaren tolkar sjølv
gjennom erfaringar og kunnskap. Historier
i bilete om historier av tid som alt har gjenge.”
Opningstider:
Onsdag 5. juli kl. 19.00 - 21.00 Torsdag 6. juli kl. -
Fredag 7. juli - Laurdag 8. juli alle
dagar kl. 12.00 - 17.00.
Takk
til:
Sunnhordland Mekaniske
Verksted AS - Skånevik
Bluesfestival - Etne
Sparebank - Etne
Kommune for flott støtte til utstillinga!
28.06.06
11 - 10 for kulturhus i Etne
Haugesunds
Avis: Tilhengjarane truga med at Ølen kom til å bli kultursentrum
om ikkje kulturhus blir bygt i Etne no. Motstanderane trur kulturhus til
65 millionar betyr avvikling av Rygg og Fjæra skular og kan hende også
deler av skånevikskulen.
Etne kommunestyre var delt nesten på midten då fleirtalet i går
vedtok at Etne sports- og kultursenter skal byggjast. I forlenginga av
samfunnshuset, som skal pussast opp, skal det byggjast vidaregåande
skule, bibliotek, fleirbrukshall og kunstgrasbane. Etter planen skal
senteret stå klart til august 2008.
Det fall harde ord i den nesten tre timar lange debatten. Eit
utsetjingsframlegg frå Frp fall med 11 mot 10 røyster.
– Er me villige til å leggja ned skular i utkantane for å byggja eit
monument i Etne sentrum? spurte motstandar Finn Ove Solberg (Skånevikslista).
Og kjære ordførar, er det fordi naboen (Vindafjord) har fått større
bil som gjer deg så engasjert? spurte han ironisk.
Les
meir i Haugesunds Avis
21.06.06
Breiband over fjorden
Haugesunds Avis: Tidleg
tysdag morgon la Skånevik og Ølen Kraftlag (SØK) 1.800 meter
breidbandkabel på rundt hundre meters djup frå Vaka ved Ølensfjorden
til Børkjenes ved Etnefjorden.
Dermed får heile gamle Ølen
kommune, pluss Skånevikstrand og Skånevik, breibandtilbod. Folk og
firma får tilbod om internett, 25 TV-kanalar og telefoni. Nett som i
byen.
E-verksjef Kristoffer Vannes i SØK seier sjøkabelen bind heile
dekningsområdet deira saman. I år investerer SØK rundt ni millionar
kroner i breiband. Frå Ølen er det lagt breiband til Ølensvåg og
vidare til Bjoa skule, som blir kopla til i september. Til neste år, i
juli, skal Vikebygd også ha breiband.
Frå Børkjenes er det meste gravd heilt fram til Skånevik, slik at det
kan koma "lys" i breibandkabelen til Skånevik idrettshall alt
dei første dagane i juli. Skånevik skule skal vera tilkopla i
september og firma som Johanson Rør er klare. Bustadfelt som Ligrend
vil ha breibandet operativt tidleg i 2007.
Les
meir i Haugesunds Avis
20.06.06
Midlar til Bluesbygda Skånevik
Pressemelding
frå KRD: Kommunal- og regionaldepartementet har sett i gang
ei småsamfunnssatsing retta mot lokalsamfunn i distrikta som eit
element i distriktsløftet. Småsamfunn er lokalsamfunn med lange
avstandar til regionale sentra, nedgang i folketalet og med ein sårbar
næringsstruktur.
– Regjeringa legg opp til
å løyve meir enn 100 millionar kroner til dette viktige formålet i
stortingsperioden, seier statsråd Åslaug Haga.
Småsamfunnssatsinga er ei
fleirårig satsing, og skal vere ein del av regjeringa sitt
distriktspolitiske løft som blir presentert i stortingsmeldinga om
distrikts- og regionalpolitikken. Satsinga inkluderer ulike
pilotprosjekt rundt om i kommunane og ein særleg innsats overfor
utkantbutikkar gjennom MERKUR-programmet (Merkantilt kompetanseprogram
for utkantbutikkar) samt eit eige utviklingstilskot. Det er også
aktuelt å setje i gang utgreiingsarbeid som kan medverke til å målrette
politikken på dette området ytterlegare.
Les
meir i på websida til KRD Hordaland Fylkeskommune har i
tillegg gitt kr. 200.000 til prosjektet.
16.06.06
Skånevik Bluesfestival deler
ut stipend
Skånevik Bluesfestival
skal i år dela ut eit kulturstipend til unge musikarar.
Stipendet på kr 10.000 er eit resultat av samarbeidet med
Posten. Festivalen vert
arrangert for 10. gong og stipendet er ein del av markeringa.
Unge framstormande utøvarar er aktuelle for stipendet innan
sjangrar som blues, rock og soul. Det
andre kriteriet et at kandidatane må vera frå Etne eller Vindafjord
kommune. Send inn cd med
smakebitar på det de har laga av musikk til Skånevik Bluesfestival v/
Alf Warloe Christophersen 5593 Skånevik.
Ein jury vil vurdera kandidatane og prisen vert delt ut under konserten
ved House of Blues laurdag 8. juli.
Les
meir i Grannar
12.06.06
Sommaren kom til torget
Grannar: Det
mangla ikkje på sommarstemning på torgdagen i Skånevik på laurdag.
Stine Sandvold vart lokka av jordbær som strutta av solglans.
— Det passar å ete jordbær i dette veret, seier Stine Sandvold som får
fritt val på jordbærbordet til Tommy Johansson.
Ikkje akkurat norske jordbær, men belgiske gjorde også susen med kø
framfor bordet til Johansson.
Varmt ved grillen
Litt lenger borte var Sawic Stanislaw blant dei som fekk eit par
varmegrader ekstra over grilljobben. Polakken som har fått seg jobb på
SMV, synest det var stas å vere med på torgdagane.
Enkelte var nok freista til å sole seg i hagen eller tøffe på fjorden
i det fine vêret. Det var eit jamt sig med folk ut over dagen, men
ikkje så stor trengsel som det av og til pleier å vere på den populære
torgdagen på kaien og sentrum i Skånevik.
— Det er kjekt med det fine vêret, men det er eit kjent fenomen for
slike arrangement at då finn folk også andre ting å gjere på. Men
her er no ein del folk, seier konferansier Olaf Larsen.
Strandebarm songlag og Skånevik musikklag var det mange som stoppa opp
for å lytte til.
Les
meir i Grannar
09.06.06
300 gjekk over fjellet
Grannar: Sjølv
om enkelte tykte turen over fjellet frå Skånevik til Etne 1. pinsedag
var litt slitsam i periodar, var det ingen som ikkje ville ta turen på
nytt eit anna år. Det var flott turver, men litt kjølig på toppen.
Men utsikten var det ingen ting å seia på, den var fantastisk i det
klare juniveret.
Dag Silde i arrangementskomiteen fortel at rundt 300 personar
deltok i den 18. Postvegmarsjen, som dette året gjekk frå Skånevik
til Etne med målområde ved kulturhuset.
— Det må me seia er brukbart. Det er ikkje rekord, men dei siste åra
har talet lege på 200-250 deltakarar. Det som var litt spesielt i år
var at det var så mange som gjekk for fyrste gong. Heile 92 personar,
det er jo svært positivt, seier Silde. Han kan også fortelja at det
var fem personar som gjekk for 18. gong, det vil seia alle gongene
Les
meir i Grannar
01.06.05
Suksess
i dårleg vêr
Grannar: Det
vart nesten deltakarrekord i Langs Åkrafjorden, sjølv om vêrgudane
slett ikkje var på arrangørane si side.
— Me er ekstra fornøgde med at mange deltok for fyrste gong i
år. Det merka me godt i og med at dei som kom i mål fekk ulike krus i
forhold til kor mange gonger dei har vore med før, seier John Karsten
Hustveit.
Den gamle deltakarrekorden på 333 står framleis, men det var ikkje
mykje om å gjere. I år var 320 deltakarar med på Langs Åkrafjorden.
44 av dei var så spreke at dei sprang løypa, 115 gjekk tur og 161
sykla.
Av dei som tok turen, var mange med for fyrste gong. To av dei var
Ingebjørg Haugen Skjervheim og Trude Pedersen frå Odda som gjekk turen
frå Tjelmeland til Teigland. Dei var gjester på Kyrping Camping denne
helga.
— Kva synest de om turløypa?
— Det er heilt utruleg flott. Eg har til og med sett blåveis, det har
eg ikkje sett sidan eg var lita jente, seier Trude Pedersen.
— Me har sett så mykje flott! Kvifor har me ikkje vore med på dette
før, spør Ingebjørg Haugen Skjervheim.
Les
meir i Grannar
22.05.06
Hans Olav Tungesvik fyller 70 år
Liv
Tungesvik: Måndag 22. mai fyller
mannen min, Hans Olav,
70 år. Då
vil han gjerne samla slekt, bygdefolk
, vener og samarbeidspartnarar til Ope hus på Skånevik Fjordhotell
kl.1500.
Dagen
før skal familien og ein del -
for det meste tilreisande gjester -
på cruise i Sunnhordlandsbassenget med veteranferja M/F
Skånevik.
Ingen
treng tenkja på gåver til jubilanten.
Skulle nokon derimot ha lyst til å gi ei gåve til gode føremål,
så kan han tenkja seg å dela det som blir gitt, på
3 gode tiltak der han har engasjert seg.
Det gjeld eit lokalt tilta
k, eit
nasjonalt og eit internasjonalt, nemleg:
a) Etne
Frivilligsentral, b)
Viken Senter for Psykiatri og Sjelesorg i Bardu
(Modum Bad i Nord)
og
c) Misjonsalliansen.
Gåva kan gjevast på Fjordhotellet
eller adresserast til Hans Olav Tungesvik og setjast på konto nr. 3565.57.69453.
( Feil kontonr. i Grannar ) Skånevik
Fjordhotell har uavgrensa kapasitet,
og alle som har lyst til å helsa jubilanten,
er hjarteleg velkomne.
15.05.06
Formannskapet
klagar
Grannar: Takstnivået
blir klaga inn til overskattetakstnemnda, og rammene for eigedomsskatt
skal utgreiast. Det vedtok Etne formannskap måndag i eit
ekstraordinært møte etter at dei nye takstane har skapt furore blant
dei involverte partane.
— Me meiner nivået verkar for høgt, seier ordførar Amund Enge (H)
til Grannar.
— Burde ikkje de sett på førehand at ei omtaksering ville gi
vesentleg høgare takstar?
— Eg trur ingen såg føre seg at det skulle bli slike takstar. Det
var ikkje det som var intensjonen. Takstane var gamle, og nå tok det
litt av. Kommunestyret hadde vel ikkje kunnskap om at det var
omsetningsverdien som skulle ligga til grunn, seier Enge.
Fleire formannskapsmedlemmer uttrykte skepsis til å klaga til
overskattetakstnemnda. Etter mykje att og fram gjorde formannskapet til
slutt eit samrøystes vedtak om å klaga på den generelle taksten.
Dermed skal overskattetakstnemnda nå gå gjennom takstane på nytt.
Les
meir i Grannar
09.05.06
Ikkje
tilfredse med svar
Grannar: Aksjonistane
i eigedomsskattetvisten i Etne er slett ikkje tilfredse med dei svara
kommuneleiinga kunne gje. Utmarsjen frå kommunen sitt orienteringsmøte
onsdag kveld var planlagt. Nå går det mot rettssak.
Ordførar Amund Enge kalla torsdag inn formannskapet til ekstraordinært
møte i ettermiddag. Eigedomsskatten er den einaste saka som står på
dagsorden.
Med i sakspapira følgjer ei utreiing av Inge Danielsen ved Geoservice
Trondheim. Ordføraren bad om ein slik rapport etter møtet onsdag
kveld.
— Me må sjå på om det kan gjerast noko. Det er sju forskjellige måtar
å gjera noko på, forklarer Enge, som tilbakeviser kritikken som kom
mot han då han ikkje kom på det første møtet om eigedomsskattesaka.
Amund Enge eig sjølv ein av eigedommane som ligg innanfor skattegrensa,
og han oppfatta det første møtet som eit internt møte der han var
invitert som grunneigar. Difor valde han å ikkje prioritera møtet.
Hadde han vore invitert som ordførar ville han ha gått, forklarer han.
Les
meir i Grannar
28.04.06
Etnebuen
krev full retrett
Haugesunds
Avis: – Rot, ulovleg og heilt feil taksering. Korleis kan
dei taksera hus dei ikkje har vore inne i?
Gamlelensmann Olav Hermansen ville at sentrumsbuarar i Etne og Skånevik
skal gå rett til advokat med kommunen sin eigedomsskatt. – Me er
ikkje meir bymessige enn Sand, og der slo retten fast at dei ikkje kan
krevja eigedomsskatt på bustadhus, sa han.
Rot
Fleire næringsdrivande
skildra rotet under takseringa: Ivar Åsbø i Åsbø Sanddrift fortalde
at han har fått rekninga for sementsiloen til Erik Grunnaleite i Etne
Betong.
– Ja, ikkje nok med det. Eg fekk også rekninga for ei pizzabedrift
som held til i Geco-bygget, fortel han. Før betalte han 8.000 kroner i
eigedomsskatt. Nå krev kommunen han for 56.000 kroner og Gravelsæter i
Etne Betong har fått auka rekningen frå om lag sju tusen kroner til
49.000 kroner, sjøl om sementsiloen havna på rekningen til naboen.
Les
meir i Haugesunds Avis
28.04.06
Blues Brothers til Skånevik
Grannar: Jubileumspresangen
til bluespublikummet er klar: 7. juli blir det eit gjensyn med Blues
Brothers.
— Det er kanonbra. Det er bandet som har fått teltet til å dirra
mest og er vel det bandet som flest av publikum har ønskt tilbake
igjen, seier festivalsjef Alf Warloe Christophersen i Skånevik
Bluesfestival.
For tre år sidan fekk 3.000 publikummarar med seg Steve Cropper, Donald
«Duck» Dinn & co då dei besøkte Skånevik.
Gjensynet med bandet er eit ledd i ti års markeringa av festivalen.
— Sidan me feirar ti års jubileum ville me ha tilbake nokre av
dei som har vore den største suksessen på festivalen tidlegare, seier
Warloe Christophersen, som stadfestar at avtalen med Blues Brothers er i
boks. Fredag 7. juli står «The Original Blues Brothers Band» igjen på
scena i bluesbygda Skånevik.
— Då kjem det til å svinga i teltet, trur festivalsjefen.
Les
meir i Grannar
27.04.06
Siste finpuss
for Villmarka
Grannar:
I fjor var nærare 2.000 publikummarar
innom Jakt, fiske og turdagane i Skånevik. Komiteen vonar på minst
like mange gjester i år.
— Det byrjar å kome seg no. Det meste av grovarbeidet er ferdig, så
no står berre finpussen att, seier leiar for Jakt, fiske og turdagane,
Turid Straumsøy.
Arrangementskomiteen vil i år skryte spesielt av ungdommane i bygda.
— 10. klassingane har vore spesielt flittige på dugnadar, dei er
ikkje redde for å ta i eit tak, seier Paul Tungesvik i
arrangementskomiteen.
Gjerde rundt uteområdet
Etter å ha fått inn eit evalueringsskjema frå fjoråret, viste det
seg at utstillarane inne i idrettshallen syntes det var urettferdig at
det var gratis for publikum å vera på uteområdet. Det gav
utstillarane som heldt til ute ein fordel. Dette skal arrangørane ta
omsyn til år. Det vil bli sett opp eit gjerde, slik at ein også må
betale inngangspengar for å kome inn på uteområdet. — Eg forstår
godt at dei reagerte på det, me lærer litt for kvart år, seier Turid
Straumsøy og smiler.
Les
meir i Grannar
26.04.06
”Skånevik”
skal bli eit flytande kulturhus
Den
freda ferja har fått fast liggjeplass ved kaien til den nedlage
hermetikkfabrikken i bygda ho har namnet etter. Om det blir bluescruise
under den store festivalen første helga i juli, er uvisst. På litt
sikt er slike oppdrag noko ferjelaget satsar på.
– Ja, målet vårt er at ”Skånevik” skal bli eit flytande
kulturhus. At fartyet er freda betyr slett ikkje at det skal liggja i
fred og ro. Tvert om, ferja skal vera i aktivitet. Men først må ho
setjast i fullgod stand og stetta krav til sertifikata. Mykje av
arbeidet må av økonomiske årsaker gjerast på dugnad og då tek det
si tid.
Etter år i opplag er det litt å ta att, seier leiaren i ferjelaget
Viggo Nonås.
Les
meir i innsida.no
18.04.06 Nye jobbar i Skånevik
Haugesunds Avis:
Maskinarbeidar Arne Leknes ved Sunnhordland
Mekaniske Verksted (SMV) i Skånevik treng fleire kollegaer.
Produksjonslivet
i bygda fossar fram. Bedriftene gjer alt dei kan for å skaffa fleire
folk. –
Me manglar seks ingeniørar og fagarbeidarar. Dei skulle fått jobb på
dagen, seier dagleg leiar i SMV,
Lars Hovda (38). Han er
tredje generasjon i verksemda. Dei har sett ut komponentproduksjon til
Estland og deler kvart år ut lokale utdanningsstipend og er lærlingbedrift
for lokal ungdom. Alt for å skaffa nok arbeidskraft.
Heile
verda
– Me
utviklar og lagar kjøretøy og stasjonære anlegg for
aluminiumsindustrien over heile verda. Så lagar me motordeksel og andre
deler til båtmotorar for mellom andre Rolls Royce. Og så har me ei
serviceavdeling. Der reiser folka over heile verda, Qatar, Island,
Canada…, fortel den unge leiaren. 56 tilsette gjer SMV til den
største produksjonsbedrifta i Etne. Og Skånevik-bedrifta samarbeider
tett med Energi Teknikk A/S i Dimmelsvik (tidlegare SMV-leiar Paul Hovda
er medeigar). 14 kraftstasjonar til småkraftanlegg er alt levert, mykje
er produsert i Skånevik og ytterlegare 20 kraftanlegg er i bestilling.
Ikkje åleine
Det
industrielle produksjonsmiljøet er forbausande stort og tel over 200
arbeidsplassar. Alt frå Skånevikstrand
Maskinstasjon (26 tilsette) til Industrivask Haugaland (23 tilsette)
til hyttebyggjaren Tungesvik
Bygg A/S.
– Me har investert 2,5 milionar kroner i topp utstyr, mellom
anna ei ny produksjonslinje for hyttedeler til 700.000 kroner som er
ferdig montert i desse dagar, forklarar Trond Rune Tungesvik medan han
viser rundt. Han starta for seg sjølv i 1973. To søner, Torgeir og
Halldor, har gått tømrarvegen som faren og tel med blant dei 20 som
reiser hytter i inn- og utland.
Les
meir i Haugesunds Avis
07.04.06
Heimebakst frå Indre Nes
Grannar:
Dei aller fleste likar ei eller anna form for
heimebakst. Det har to søstrer og mor deira satsa på og opna si eiga
vesle bedrift i kjellaren på Indre Nes. Der tryller dei fram lefser,
potetkaker og nordlandskaker av beste sort.
Når me kjem inn døra, slår den gode lukta frå nylaga lefser mot oss
og kaffien er heller ikkje langt unna. Dei to søstrene er i full sving
med dagens bakst og det er lefser som står for tur. Men dei tek seg tid
til litt kaffi og ein prat med Grannar sin utsende. Frå omnen sprakar
det i veden og dei nysmurte lefsene glir ned på høgkant.
— Draumen vår er vel å kunne drive med dette på full tid, men me er
ganske nystarta så me får sjå korleis det går, seier Kari Hansen.
Les
meir i Grannar
07.04.06
Skal
setja jetfart på Etne
Grannar: Oppleving
med jetbåt skal skapa fart og spenning og vera Etne sitt nye fyrtårn.
Den skal vera med og identifisera kommunen som reiselivsdestinasjon.
I alle fall om innbyggjarane tenner på Egil Ørjan Thorsen sin nyklekka
plan for å fart på reiselivet i Etne.
Thorsen er nyleg tilsett som prosjektleiar innan reiseliv og landbruk i
Etne kommune. Nyleg inviterte han til ope møte på Fugl Fønix hotel
for å presentera seg sjølv og prosjektet. Før møtet hadde han
gjennom Grannar varsla at han ville presentera eit heilt unikt prosjekt
som etter hans visjon skulle vera med og setja Etne på kartet.
Om det var det som lokka etnebuen og tilreisande ut eller ikkje skal
vera usagt, men folk strøymde til hotellet i hopetal. Sjølv om det
etter kvart blei både trongt og varmt i konferansesalen, var det eit
lydhøyrt publikum, samansett av nær sagt alle yrkesgreiner, som lytta
til det Thorsen hadde å fortelja.
Les
meir i Grannar
01|.04.06
Høgre stør arbeidet for tunnel
Skånevik og Etne
Innsida.no:
Kvinnherad Høgre stør arbeidet for tunnel
mellom Skånevik og Etne. I eit brev til ordføraren i nabokommunen
peikar partiet på at ein tunnel m.a. vil gje store delar av Kvinnherad
kortare og betre veg til Haugesund. Ja, tunnelen vil vera til svært
stor nytte for kvinnheringar som skal både aust og vest etter å ha
kome med ferja til Skånevik, heiter det i ein uttale etter eit medlemsmøte
i Høgre.
– Men før vi om ein del år får tunnel, må kommunane Etne og
Kvinnherad arbeida for at dei to – tre siste kilometrane av riksveg 48
frå Håland mot Skånevik sentrum vert opprusta. Slik som vegen er her
i dag, kan ikkje ein riksveg vera, skriv Kvinnherad Høgre.
Lesarinnlegg
i Grannar
27.03.06
Set sluttstrek i Vadsø
Grannar: Førstkommande
helg set tre lokale langrennsess sluttstrek for ein lang og
begivenhetsrik sesong. Chris Jespersen har ambisjonar om å prestere på
NM-femmila. Det same har Bjørnar Larsen og Thomas Vestbø i
noregscupfinalen.
Chris Jespersen har brukt denne vinteren til å ta eit steg vidare. Det
var ikkje hans øvingar verken i NM eller Ungdoms-VM. Skånevik-guten
beherskar nemleg fristil betre enn klassisk. I Vadsø får han sjansen
til å gå favorittstilarten. 50-kilometer fristil står på programmet
i andre del av NM. Det er ein forventningsfull 22-åring som reiser til
Finnmark.
Les
meir i Grannar
24.03.06
Villmarksmessa
i Skånevik nærmar seg
Leif
Arne Løvereide:
Leif
Arne Løvereide:
Dag
Kjelsaas, redaktør i bladet Villmarksliv opnar årets Jakt,-Fiske og
Turdagar i Skånevik 28. til 30 april.
Han vil og fortelje om spennande snikjakt, som ikkje må forvekslast med
ulovleg jakt.
Han dreg og
like godt til med eit føredrag om snikfiske, kunsten å lura seg innpå
storfisken for få han på kroken i staden for å skremma maten vekk.
Med hans lange erfaring som naturfotograf og villmann med lokalkunnskap
frå heile landet, vil det bli spennande og interessant å høyra hans
betraktningar i temagarasjen lørdag og søndag.
På
messedagane vert det lodda ut et hjorteløyve, 4 årsabonement på
bladet Villmarksliv, jaktjakke frå Felleskjøpet og et fiskedøgn i
Etneelva frå Etne Jeger og Fisk m.m. Villmarksmessa tilbyr og i år eit
mangfald innan aktiviteter, informasjon, video, lysbildeføredrag,
friluftsutstyr, båtar, bilar med meir.
Informerande
flygeblad om messa er alt i omløp, plakatar kjem snart og messeavisa
med et opplag på nærare 25.000 eksemplar går snart i trykken.
Arrangørgruppa
er i høggir for tida med planlegging og ser fram til for 3. gang å
presentere ei
Villmarkshelg
du berre må få med deg!
20.03.06
- Saman er vi sterkare
Grannar: Saman
kan naboane Etne og Sauda hjelpa kvarandre, og med felles front kjempa
for både Skånevik-tunnel og Sauda-tunnel.
Onsdag møttest dei to formannskapa til felles møte i Sauda. Victor
Carlsen jr., leiar i interimsgruppa, presenterte planane om tunnel
mellom Etne og Skånevik for formannskapet i Sauda i håp om å få støtte
frå saudabuen. For tunnel mellom Etne og Skånevik vil ikkje berre
gagna lokalbefolkninga.
— Det kan verka som ein lokal vegstubb, men det er viktig for
heile regionen, frå Ryfylke til Bergen, sa Etne-ordførar Amund Enge
(H) til Sauda-politikarane.
Samla prosjekta
Tanken er at Sandsfjord bru, tunnelen mellom Sauda og Etne og Skånevik
og Etne vil bli ein del av den indre stamlinja mellom Ryfylke,
Sunnhordland og Bergen.
— Sauda, Etne og Kvinnherad vil vera sentrale knutepunkt langs denne
linja, sa Carlsen jr., som fekk god respons då han presenterte planane
for formannskapet i Kvinnherad.
Les
meir i Grannar
17.03.06
Færre vil til Ølen
Grannar: 37
færre elevar har Ølen vidaregåande skule som sitt førsteval
samanlikna med i fjor. Også ved Etne vidaregåande skule er søknadstala
låge.
249 primærsøkjarar har valt Ølen vidaregåande skule, mot 286 i fjor.
— Me synest det er litt lågt, men det skal vera eit inntak til
og me håper og trur at tala kan bli endra, seier rådgivar Marthon
Hustoft ved Ølen vidaregåande skule.
Heller ikkje ved Etne vidaregåande skule jublar dei over søknadstala
som viser 35 primærsøkjarar.
— Det er på dette nivået det har lege dei siste åra, men me skulle
sjølvsagt ynskja oss fleire søkjarar. Det er litt låg søknad til
alle Vg1-kursa, mens det er betre på kjøretøy og arbeidsmaskinar (VKI),
seier rektor Ivar Fredriksen ved Etne vidaregåande skule.
Les
meir i Grannar
17.03.06
Blei ny på jentekveld
Grannar:
Reidun Grønfur
blei skeina opp frå topp til tå under jentekvelden på Skånevik
Fjordhotel sist fredag. Ho var den heldige vinnaren av «bli-ny-billetten»
som Trimgruppa i Skånevik Idrettslag freista med på inngangsbilletten.
Medan dei andre kvinnene rundt borda i restauranten, rundt hundre i
talet tippar me, blei viste siste nytt på motefronten, blei Grønfur
tatt med til fornying.
Er det noko som lokkar kvinnene ut, så er det motevising. Og ingen gong
er det meir freistande med noko nytt enn når våren er i kjømda.
Mannekengar frå Skånevik sin eigen motebutikk, Alfee, viste antrekk
for kvinner i alle aldrar og for alle høve. Langbukser i mange modellar
og toppar i lekre pastellfargar, stilige drakter og skjørt og blusar.
Alt sett saman i vårens fargar, med markerte belte og smykke som
naturlege tilbehør.
Les
meir i Grannar
16.03.06
Auka verdiskaping mellom landbruk og
reiseliv
Egil
Ørjan Thorsen: Prosjektet
auka verdiskaping mellom landbruk og reiseliv har starta.
Prosjektleiar er på plass og har nå vært aktiv arbeidande i to veker.
Etne kommune og alle som har jobba for å få prosjektet på beina vil
med dette rette ein takk til bedrifter, lag og organisasjonar som har
mogleggjort at me nå har kome i gang.
Me har sjansen til å bevisa at gjennom koordinert samhandling kan me gjøra
Etne til ein enda betre plass å komma til som turist, gjennom å tilby
målretta og framtidsretta tilbod basert på Etnes lokale ressursar. I så
fall kan me styrkja eksisterande tilbod og arbeidsplassar, og samstundes
ha moglegheita til å skapa nye arbeidsplassar.
Me satsar friskt med stormøte måndag 27.
mars kl. 1930 Hotell Fønix kor alle som er interessert å få
vita meir om prosjektet kan koma. Det blir lett servering med fokus på
lokalt foredla råvarer, og elles opent for kjøp av forfriskingar med
hyggelige prisar. Sjå
vedlagt program for kvelden.
16.03.06
Vil ha bompengar på ferja
Grannar:
Victor Carlsen jr. kan tenkja seg førehandsbompengar
på ferja Skånevik-Utåker til finansiering av tunnelprosjektet Skånevik-Etne.
Interimgruppa for tunnel orienterte sist veke 34 frammøtte i Etne
kulturhus om planane.
Førehandsbompengar er ikkje ukjent på ferjestrekningane i Kvinnherad,
opplyser rådmann Trond Sætereng. Det har blitt kravd inn førehandsbompengar
på ferjene både i Halsnøysambandet og i Hardangerfjordsambandet.
Politikarene har i utgangspunktet akseptert at førehandsbompengar har
vore ein nødvendig del av finansieringa av større vegprosjekt, men dei
har ikkje konkret diskutert bompengar på Skånevikfjorden.
Få etnebuar møtte fram til orienteringsmøtet i Skånevik for ein månad
sidan, og ordførar Amund Enge tok difor til å orde til å presentera
prosjektet også på Etne-sida av det planlagde holet gjennom fjellet.
Dei 34 som møtte fram, var positive og engasjerte, og dei stilte mange
spørsmål og kasta fram mange tankar for interimgruppa.
Les
meir i Grannar
14.03.06
Kveldsete
med Anders Hovden
Skånevik
Mållag: Fredag 31. mars blir det ny Kveldsete i Skånevik Mållag
sin regi. Det er i år 100
år sidan Noregs Mållag vart skipa,
og i det høvet blir det ein av dei som var med på skipingsmøtet
natta mellom 4. og 5. februar 1906, som står i sentrum for programmet:
Diktaren, presten og folketalaren Anders Hovden.
Det var eit langdrygt møte,
og utpå natta gjekk lyset. Då
ropa Anders Hovden: ”Det gjer ikkje noko,
me hev ljos innvertes.”
Både
i salmane, i dei nasjonale
og folkelege songane og diktsamlingane
har Anders Hovden etterlete seg rike skattar.
Dei fleste nordmenn kjenner både ”Fagert er landet”
og ”Hjelp meg, Herre Krist,
å strida” og mange
andre tekster.
Skånevik-venen
og sunnmøringen Arne Grimstad, som
var styrar ved Skånevik Realskule frå 1949 til 1953,
står for programmet. Han
er – som Hovden – sunnmøring og ein framifrå kjennar av Anders
Hovden sitt liv og diktinga hans.
I tillegg til foredrag, skal
me syngja Hovden-songar, og
me skal dela ut målprisen 2006 til ein førebels ukjend vinnar.
Som vanleg
ét me kveldsmat i lag, og
det blir ei enkel utlodding.
Kveldseta
er open for alt folket. Kvar
og ein er velkomen.
13.03.06 Dum Dum Blues?
Haugesunds
Avis: Skånevik Bluesfestival er i dialog med Dum Dum Boys. I følge
festivalsjefen tok trønderne selv kontakt og vil uansett ikke spille
andre steder på Haugalandet.
-
Det er mange som tar kontakt med oss og vil spille her. Dum Dum Boys er
et eksempel på det. De har veldig lyst til å spille her, sier
festivalsjef Alf W. Christophersen.
Noen kontrakt er foreløpig ikke skrevet. Band og festival regner med å
bli enige i løpet av en uke eller to.
- Det er egentlig ikke noe spesielt det står på. Vi er interessert.
Bandet er interessert. Vi bestemmer oss snart, sier Christophersen.
Les
meir i Haugesunds Avis
og i Grannar.
10.03.06
Whitesnake til bluesfestivalen
Den
verdskjende britiske rockegruppa Whitesnake med David Coverdale i
spissen kjem til Noreg i sommar.
Gruppa kjem til å laga eit forrykande show under Skånevik
Bluesfestival laurdag den 8. juli.
Du vil få oppleva ei gruppe av store dimensjonar som har seld
meir enn 40 mill. plater.
Whitesnake
blei starta i 1977 av Deep Purple vokalisten David Coverdale som mange
meiner har ein av rockens beste stemmer.
Mange store artistar har vore innom gruppa som framleis vert
rekna som ei av dei største innan rock.
Dei kjem til Skånevik Bluesfestival rett frå sin store 2006 –
turne i Storbritannia og ikkje sjeldan vert showa deira utseld lang tid
på førehand.
Gjennom
den lange karrieren har Coverdale vore bandet sin store leiar.
Han har utvikla seg og bandet heile tida og har tatt dei til
stadig nye høgder. I Skånevik vil ein møta ein vokalist og ei gruppe
som verkeleg vil skapa noko for publikum.
Les
meir i Haugesunds Avis
10.03.06
Kolås til ny bank
Grannar:
Per
Rune Kolås er tilsett som seniorrådgjevar for bedrifts- og
personkundar i Sparebanken Vest, med Etne og Skånevik som ansvarsområde.
Han kjem frå Etne Sparebank.
Per Rune Kolås byrjar i Sparebanken Vest om lag 1. juni, med Skånevik
som kontorstad. Organisasjonsstrukturen i regionbanken er under
omlegging, mellom anna fordi Sparebanken Vest opnar nytt avdelingskontor
i kjøpesenteret i Etne i november.
— Kolås skal arbeida i Skånevik inntil kontoret i Etne blir opna,
seier regionbanksjef Arnt Sortland.
Når Etne-kontoret er opna, vil Kolås truleg bli øvste leiar for både
Skånevik-kontoret og det nye Etne-kontoret, med Etne som hovudbase.
Den nye seniorrådgjevaren i Etne og Skånevik rapporterer til Arnt
Sortland, som har kontorstad i Leirvik. Han er regionbanksjef for alle
Sparebanken Vest sine kontor i Sunnhordland, pluss den nye
Haugesunds-avdelinga.
Banksjef Sigve Leknes i Sparebanken Vest si avdeling i Skånevik gjekk
av med AF-pensjon 1. mars.
Les
meir i Grannar
27.02.06
Tredje best i Hordaland
Grannar:
Etter å ha blitt nummer tre av skulane i
Hordaland i matematikk-konkurransen KappAbel, er elevane i 9. klasse ved
Skånevik skule samstemde, matte er kjekt.
I Niels Henrik Abels ånd har 9. klasse ved Skånevik skule
delteke i den nordiske matematikk-konkurransen KappAbel 2005/06. I Noreg
og Island deltek 9. klassetrinn, medan elevar frå 8. klasse deltek frå
Danmark, Finland og Sverige.
Konkurransen blir arrangert av «Stiftelsen KappAbel», som er oppretta
av Froland kommune og Det Norske Videnskaps-Akademi, Oslo til ære for
matematikkgeniet Niels Henrik Abel (1802-1829).
I utlandet er Abel like berømt som Ibsen og Munch. Han døde berre 27
år gammal. Han er gravlagt på Froland kyrkjegard i Froland kommune i
Aust-Agder.
I sitt korte liv løyste han og førde bevis for problemstillingar som
matematikarar over heile verda hadde strevd med i over 250 år utan å
lukkast.
Les
meir i Grannar
21.02.06
Bibelomsetjar som yrkesmål
Grannar: Silje
Malene Garvik (22) siktar seg inn på eit yrke utanom det vanlege. Ho
vil bli bibelomsetjar. Det er ikkje utenkjeleg at den blide skåneviksjenta
blir lokalkjent på Papua Ny-Guinea i løpet av yrkeslivet.
Eit besøk frå Sigmund Evensen i den tverrkyrkjelege
misjonsorganisasjonen Wycliffe sådde kimen til kallet som
bibelomsetjar. Dette var for tre år sidan, då den unge jenta gjekk på
Normisjon sin bibelskule på Hurdal på Romerike.
I gjennomsnitt kvar fjerde dag startar arbeidet med å setja om Bibelen
til eit nytt språk, og Wycliffe står for brorparten av prosjekta.
Etter bibelskulen gjekk Garvik eit halvt år på landbrukshøgskulen på
Ås, men det veksande kallet til å bli bibelomsetjar gjorde at ho søkte
seg inn på bachelorstudiet i lingvistikk ved Universitetet i Oslo.
Les
meir i Grannar
17.02.06
Ser lys i tunnelen
Haugesunds
Avis: Tunnelen
Skånevik-Etne må bli en realitet raskt. Den må komme lenge før 2025.
Ellers er jeg redd Skånevik visner bort. Jeg tror det er et spørsmål
om være eller ikke være for bygda.
Det sier leder for interimgruppa som har arbeidet med tunnelsaken,
Victor Carlsen jr. Med seg i gruppa har han hatt Alf Ove Nilsen, Sarah
Haaland, Roar Knudsen, Kristoffer Vannes og Turid Straumsøy fra Skånevik,
og Geir Grindheim og Kjell Grønstad fra Etne sentrumsforening. Dessuten
har etneordfører Amund Enge vært med.
Nå ser interimgruppa boksatvelig talt lys for tunnelen. På folkemøtet
i idrettshallen i går fikk de full tilslutning fra et par hundre skåneviksbuer
til planene for fortsatt arbeid for å realisere tunnelen.
-- Vi trenger ikke finne opp kruttet på nytt, derfor har vi hatt
kontakt bl. a. med Gerhard Eide og Nils Arne Fosse som har vært
drivkrefter bak Halsnøysambandet, sier Carlsen. Han legger ikke skjul på
at tunnelen som det har vært snakk om siden 1990-tallet, er helt avgjørende
både for bosetting og næringsetableringer Skånevik. Tunnelløsningen
med vei i begge ender vil trolig koste mellom 250 og 300 millioner
kroner.
Les
meir i Haugesunds Avis
09.02.06
Ingen "flymat" til dei
eldre
Haugesunds
Avis: Pleie- og omsorgstrengjande i Etne
skal serverast nylaga, varm middag også i framtida. Men det er uvisst
kven som skal laga maten.
ETNE:
Med fire mot tre røyster vedtok Komité Folk i Etne kommune i går at
konsulentar skal utgreia om kommunen, private som Rodin eller Åkrafjordtunet
eller andre skal laga maten til sjukeheimar og heimebuande i framtida.
Høgre, Sp og Skånevikslista utgjorde fleirtalet. Mindretalet, Ap, KrF
og ein uavhengig vararepresentant, Annbjørg Flåte, ville også halda på
vanleg middagslaging lokalt. Men dei ville ikkje utgreia om matstellet
skal setjast ut til private firma. Men dei ville ofra eit av dei to
kommunale kjøkena, enten Etne eller Skånevik.
Kommunestyret avgjer saka 21. februar.
Skeptiske
Heile
Komité Folk var tydeleg skeptiske til kokt og kjølt middagsmat i plast
frå Bergen eller andre plasser. Komiteen slår fast at det skal vera
kok-server prinsippet.
Faglærar i kokkefaget og representant for Skånevikslista, Finn Ove
Solberg, ba alle politikarar testa to-tre vekar gamal middag laga etter
den såkalla sous vide-metoden (kokt med minimal lufttilsetting, pakka i
plast og raskt nedkjølt).
Les
meir i Haugesunds Avis
08.02.06
Runda 100 med stil
Grannar: Denne
helga har stått i nynorsken sitt teikn, 100 år etter at utsendingar
til Maalmannsstemna i Oslo skipa Noregs Mållag. — Utruleg
inspirerande, er dommen frå far og son Tungesvik, etter ei særs
vellukka mottaking på Det Norske Teatret, fredag.
Få har som Hans Olav Tungesvik vore med på å forma den moderne utgåva
av Noregs Mållag. I 1965 vart han som den yngste nokon gong valt til
leiar. På landsmøtet i Ål.
— Eg var 29 år den gongen, og hadde heilt sidan eg starta med
medisinutdanninga mi i Oslo vore engasjert i målsaka. Det var ei tid
prega av indre strid. Kraftige konservative krefter ønskte ein heilt
annan kurs enn det me andre ville ha. Ein kurs som garantert ville vore
svært skadeleg for den moderne nynorsken sin plass i samfunnet vårt.
Kuppforsøket vart slege ned, og då eg etter seks års leiarskap takka
for meg, var det i eit samla og framtidsretta mållag, minnest
Tungesvik. Han er også den leiaren som har site lengst etter krigen.
Les
meir i Grannar
07.02.06
Jespersen til Skandinavisk cup
Haugesunds
Avis: Korlevoll-løperen Chris Jespersen er tatt ut i den
norske troppen til Skandinavisk cup i Estland til helgen. Jespersen er
tatt ut på 10 km skøyting og 30 km klassisk. Som kjent pådro
Jespersen seg en tåskade da han falt under U23-VM i helgen. Det gjorde
at han måtte bryte duatlon.
Les
meir i Hgs. Avis
06.02.06 Vil ha lokal mat
Grannar:
Ferdigmat frå Bergen er uaktuelt. Ordførar Amund
Enge (H) vil ha maten produsert i Etne.
— Viss dagens kjøkken blir lagde ned, har me to store og gode kjøkken
ståande. Med litt ombygningar og fantasifulle løysingar kan me laga
det om til sous vide-kjøkken, seier ordførar Amund Enge.
Sous vide inneber vakuumpakka mat.
— Det er sagt at det kostar 1 million i ombygning og utstyr viss ein
lagar sous vide-kjøkken utifrå eitt av dei kommunale kjøkkena, seier
Enge.
Torsdag skreiv Grannar at dei to kjøkkena ved omsorgssentra i Etne og
Skånevik blir foreslått lagde ned i omorganiseringsprosessen innan
pleie og omsorg. Innsparingane er kalkulert til 1,2 millionar kroner.
Innkjøp av ferdigmat frå Bergen blir vurdert, men ordføraren vil at
maten skal produserast i bygda.
— Det er uaktuelt å få mat frå Bergen. Me skal klara å laga eit
produksjonskjøkken sjølv i Etne. Dette handlar også om
arbeidsplassar, seier Enge.
Nabokommunar
— Det kan henda at nokon kan tenka seg å starta ei slik privat
bedrift eller utvida bedrifta si til eit ekstra bein å stå på. Det
kan også tenkast at kommunen lagar ei bedrift ut av det, seier Enge.
Ein konsulent er nå hyrt inn for å gi svar på om det er mogleg og
korleis ein kan etablera eit produksjonskjøkken i Etne.
Les
meir i Grannar
03.02.06
Chris tilbake i toppform
Haugesunds Avis:
Les
meir i Hgs. Avis , Grannar
og VG.
01.02.06
Byggjer ut fiberoptisk
breiband
Skånevik Ølen Kraftlag (SØK) har valt Haugaland Kraft
AS som leverandør av innhaldstenester i si satsing på fiberoptisk
breibandsnett.
Vi er svært nøgd med å ha inngått avtale med Haugaland Kraft og har
stor tru på at produkta vil bli godt motteken av selskapet sine kundar
seier daglig leiar Kristoffer Vannes.
- Innhaldstenestene er produsert for distribusjon på høgkapasitets
fiberoptiske nettverk, og er difor ideelle i samband med Skånevik Ølen
Kraftlag si satsing på denne type framtidsretta infrastruktur.
Arbeidet med å etablere fibernettverk i Ølen, Ølensvåg
og Skånevik er allereie i god gang og vi forventar å kunne levera til
dei fyrste kundane til sommaren seier Vannes.
Avtalen omfattar levering av Internett, telefoni og digitale TV tenester
til private husstandar og bedrifter i Skånevik Ølen sitt nettområde.
Kunden vil kunna velje Internettkapasitet frå 6 til 50 Mb, gratis
teljarsteg for telefoni på fasttelefon i hele Noreg, opp til 40 ulike
TV-kanalar, i tillegg til leige av kvalitetsfilmar over nettet. Det
digitale TV-tilbodet inneheld også programguide for alle TV-kanalane,
og mange populære radiokanalar. Dette er den såkalla ”Lysepakken”.
Skånevik Ølen Kraftlag er også ein viktig samarbeidspartnar for oss når
slik at vi kan oppfylle avtalen vi har med Vindafjord kommune og Etne
kommune om leveranse av breibandstenester til kommunane seier
breibandsansvarleg i Haugaland Kraft, Jan Håland.
Haugaland Kraft AS er samarbeidspartnar med Lyse som no har over 20
partnarar i heile Noreg og ein samarbeidsavtale med Midt Vest Breiband på
Jylland i Danmark. Samarbeidsgruppa veks fleire stader i landet og i
regionen er både Haugaland Kraft, Finnås Kraftlag, Fitjar Kraftlag,
Sunnhordland Kraftlag, Tysnes Kraftlag og Tysnes Breiband
samarbeidspartnarar med tilsvarande tenesteinnhald. «Lysegruppa» har
no nærmare 40 000 kontraktar på levering av breibandstenester.
Olav Linga, administrerande direktør i Haugaland Kraft AS, har store
forventningar og ser med glede frem til det denne samarbeidsavtalen legg
grunnlag for. - Vi kan nå samarbeide om aktivitetar og ressursar i
regionen på ein positiv og effektiv måte.
|
Kontaktpersonar:
|
|
Skånevik
Ølen Kraftlag
Daglig leiar Kristoffer
Vannes
Tlf: 41552997
|
Haugaland
Kraft AS
Adm.dir. Olav Linga
Tlf: 91161324
|
Haugaland
Kraft AS
Breidbandsansvarlig Jan Håland
Tlf.: 98237181
|
01.02.06
Fysioterapitenestene i Etne kommune
Gudbjørg
Christophersen: På
vegne av oss fire vaksne damene som var litt forundra over ulike
meldingar om fysioterapitenestene i Skånevik, vil eg takka for den
informasjonen helseleiaren gav i samtale med Grannar sin medarbeidar.
Men det er fortsatt einskilde sider ved informasjonen som er gitt (og
informasjon me om mogleg ikkje har fått), som gjer at me undrar oss om
alle brikkene i puslespelet, som helseleiaren kallar omorganisering,
ikkje er lagde fram for oss.
I eit oppslag på omsorgssenteret i Skånevik seier nemleg helseleiaren
i slutten av 2005 at ho er lei for dei lange ventelistene, men at stoda
skal bli mykje betre etter 1. januar 2006, for då skal ein ergoterapeut
styrke og avlaste fysioterapeuten.
Like etter vart dette oppslaget fjerna. I staden kom det eit nytt
oppslag med opplysningar om at dei lange ventelistene m.a. var grunna
oppfølging av born med funksjonshemmingar, søknadar om hjelpemidlar
som hadde auka sterkt. Den same auken hadde ein fått innan
rehabiliteringsarbeid på sjukeheimen og med nyopererte pasientar. Elles
var det tiltakande arbeid ved helsestasjonen.
I denne informasjonen var det ikkje sagt eit ord om omorganisering av
tenestene, heller ikkje eit ord om at den kommunale fysioterapeuten i
Etne hadde sagt opp stillinga si og skulle gå over til privat verksemd
i Etne.
Denne siste opplysninga har me fått frå «folk på bygda». Ingen i
den kommunale tenesta, som me har hatt kontakt med, har kunna
dokumentera at dette er slik. Medarbeidarar av denne fysioterapeuten er
etter det me veit heller ikkje orientert om at fysioterapeuten skal
slutta.
Derimot har me høyrt at det er på gang ein avtale mellom kommunen og
ei privat verksemd om kjøp av denne typen helsetenester.
Fleire politikarar me har hatt kontakt med er litt forvirra over desse
uklåre puslebrikkene, og me blei ganske forundra då me såg at Etne
kommune lyste ut etter ergoterapeut i Grannar den 26, januar.
Var det den terapeuten helseleiaren lova skulle vera på plass 1.
januar? Kva har gått gale?
Eller er heller dette ulne og uklåre biletet prov på at kommunen er på
veg til å privatisera deler av helsetenestene sine?
Me ber om ei meir eksakt avklaring enn den helseleiaren gav oss i
Grannar. Det vil dessutan vere storvegs om ordføraren kan gje oss svar
på korleis me i framtida skal motta korrekte informasjonar om vitale
endringar som ligg føre i tenestetilbodet, anten dei er planlagde eller
ikkje.
Ordføraren har enda ikkje svara oss på korleis han ser for seg
informasjonen til interesserte innbyggjarar som ikkje sit tett innåt
den politiske leiinga, skal vera.
Med helsing
fire vaksne damer
ved Gudbjørg
Christophersen
31.01.06
Sit att med 25 kr dagen
Grannar: Når
Rannveig Tungesvik (85) har betalt husleige, mat og heimehjelp har ho
att 776 kroner å leva for i månaden. Rannveig Tungesvik
bur i bufellesskapen på Skånevik omsorgssenter. Der har ho eit rom og
eit bad for seg sjølv, og har felles matstove, kjøkken og to andre
opphaldsrom saman med sju andre bebuarar. Rommet hennar er omlag 21
kvadratmeter stort, inkludert badet. For dette betaler ho 4.755 kroner i
husleige kvar månad. Oppvarming og kommunale avgifter er inkludert, men
rommet er umøblert.
I tillegg betaler Rannveig 2.578 kroner i månaden for abonnement på
alle måltida. Heimehjelp har ho ein gong i veka og betaler til saman
600 kroner i månaden for det.
Rannveig får utbetalt 8.709 kroner i minstepensjon kvar månad. Dermed
har ho 776 kroner att å bruka på vask, toalettsaker, presangar,
telefon og andre ting.
— Eg hadde hatt lyst til å vore hos fotterapeuten igjen, men eg syt
med det. Det kostar 300 kroner, og eg kan jo gå utan òg, seier
Rannveig medan ho kikar lengselsfullt ned på beina sine.
Les
meir i Grannar
30.01.06
Tunnelselskap like rundt hjørnet
Haugesunds
Avis:
Les
meir i Hgs. Avis
og i Grannar.
30.01.06
Misvisande om HSD-ruter
Lesarinnlegg av H. O.
Tungesvik i Grannar: Det
er ikkje alltid like lett å lesa eit rutehefte. Dette er godt
dokumentert i Grannars oppslag 12.01.06 om «Svekka snøggbåttilbod». I
dette oppslaget har det nok kome inn ein god del feilinformasjon som bør
korrigerast.
Men ikkje eit vondt ord til journalisten: Det er vanskeleg å lesa
ruteheftet med det opplegget HSD har nytta. Til trøyst og orsaking
for HSD kan seiast at det jammen er vrient nok i rutehefta til
mange andre ruteselskap og!
Så til feilinformasjonen. I ingressen til artikkelen heiter det:
«Frå å ha hatt fem daglege avgangar til Bergen har Skånevik no berre
ein». Dette er feil, men feilen er ikkje lett å sjå.
Skånevik har no fylgjande avgangar til Bergen:
1 Avgang frå Skånevik kl.0530 går som før, framme i
Bergen kl.0820.
2 Avgang frå Skånevik kl.0825 kjem til Leirvik kl.0920. Denne går
ikkje vidare til Bergen, men her kan ein gå over på Kystbussen frå
Leirvik kl.0925 dersom båten er i rute. Framme i Bergen kl.1140.
3 Avgang frå Skånevik kl.1040 via Ølen og Leirvik er i Bergen
kl.1345.
4 Avgang frå Skånevik kl.1330 via Ølen og Leirvik går berre torsdag
og fredag, og er i Bergen kl,1620
5 Avgang frå Skånevik kl.1515 kjem til Leirvik kl.1705.
Her blir det dessverre ein pause fram til kl.1900, med
framkomst i Bergen kl.2045, altså ein tur Skånevik-Bergen som
tar nesten 5 timar. Alternativ er å gå over på Kystbussen på
Leirvik kl.1725. Då er ein i Bergen kl.1940, altså vel ein
time tidlegare enn snøggbåten.
Les
meir i Grannar
24.01.06
Jespersens store
opptur
Haugesunds Avis:
Les
meir i Hgs. Avis
23.01.06 Lovar
betre tilbod
Grannar: Helseleiar
Marion Kallevik avviser planar om å bygga ned fysioterapitenesta i Skånevik,
men ber om tålmod i omorganiseringsprosessen.
I eit lesarinnlegg i torsdagens Grannar uttrykte fire kvinner
bekymring for fysioterapitilbodet i Skånevik der det er snakk om at
fysioterapeuten i Skånevik skal nytta ein dag i veka i Etne.
— Me bygger ikkje ned tenesta i Skånevik. Me held på å omorganisera
og i samband med det vurderer me behovet for både fysioterapeut og
ergoterapeut i Skånevik og Etne, mot tidlegare der me berre kunne tilby
fysioterapeut, seier Kallevik.
I oktober i fjor vedtok kommunestyret i Etne Handlingsplanen for
fysioterapitenesta 2005-2008. Dette inneber eit samarbeid mellom private
og kommunale fysioterapeutar og tilsetjing av ein ergoterapeut i 50
prosent stilling.
Les
meir i Grannar
19.01.06
Fysioterapitenesta i Skånevik
Lesarinnlegg i Grannar av
Gudbjørg Christophersen, Helga Bøthun, Aud Langhelle og Olaug Skålnes:
Me er nokre skikkeleg vaksne damer med
kroniske lidingar som har stått på ventelista til fysioterapeuten her
i Skånevik i to år.
Arbeidsområdet til fysioterapeut Sylvia er stort, og me ber ikkje nag
til henne for det vanskelege tilhøvet som er mellom behov og tilbod
innafor denne tenesta her i sona vår. Me veit at ho har dagen full med
behandling av pasientar, rehabilitering, arbeid i høve til
Hjelpemiddelsentralen og vurdering, behandling og tilsyn med born i førskule-
og skulealder.
Tålmodig har me lengta mot opprykk på ventelista. Håpet vart tend
litt då helseleiaren for ei tid tilbake slo opp ein plakat på
omsorgssenteret og sa seg lei for stoda slik ho var i Skånevik. Oppløftande
var det å lesa at ho lova betring ved nyttårstider. Etter 1. januar
ville den nytilsette ergoterapeuten ta over ei rekkje av arbeidsoppgåvene
til fysioterapeuten. Me vart litt oppløfta og gjekk inn i nyåret med håp
om betre tider og avansement på ventelista.
Stor var nedturen i humøret då me for nokre dagar
sidan fekk høyra at no skal fysioterapeuten, som til no har hatt fire
arbeidsdagar i Skånevik, nytta ein vekedag i Etne.
Les
meir i Grannar
19.01.06 Chris
på pallen i Sverige
Grannar: Chris
Jespersen har slite ein god del dei to siste sesongane. Søndag fikk han
endelig bevist kva som bur i den lovande langrennsløparen. Skånevik-guten
hadde all mogleg grunn til å smile etter at han blei nummer tre i
Skandinavisk Cup.
— Eg er veldig godt fornøgd med dette resultatet. Det er nok det
beste eg har gjort i seniorsamanheng, sa ein glad Chris Jespersen til
Grannar. Den tidlegare juniorverdsmeisteren har forhåpningar om å få
gå verdscup på tampen av sesongen. Han må gå fort i fleire renn for
å halde liv i den draumen. 22-åringen gjorde ein brukbar figur det første
året han var senior. Førre sesong var det lite som stemte. Det førte
blant anna til at han ikkje fekk fornya plassen på
rekrutteringslandslaget. Jespersen har fått ein god start på sin
tredje sesong på seniornivå. Noregscuprennet i Stokke var oppløftande,
sjølv om han ikkje var med heilt inn på fellesstarten. Han var ikkje
blant dei som blei tatt ut til å representere skiforbundet i Sverige.
Les
meir i Grannar
12.01.06 Svekka
snøggbåttilbod
Grannar: Dei
nye snøggbåtrutene til HSD gjer at reisande frå Ølen og Skånevik får
ein meir kronglete tur både til og frå Bergen. Frå å ha hatt fem
daglege avgangar til Bergen, har Skånevik nå tre.
Frå 1. januar la HSD om rutene sine og Flaggruten sin frekvens blei
redusert. Dette gir seg også utslag i hurtigbåttilbodet for
passasjerar frå Utbjoa, Ølen og Skånevik. Frå Skånevik er talet på
avgangar redusert. Ølen har mista to anløp frå Bergen, Skånevik har
fått ein ekstra, men passasjerar må i større grad venta på Leirvik.
— For nokre blir det dårlegare tilbod, ja, men når politikarane har
bestemt at rutene skal ut på anbod kan ikkje me driva ruter som går
med tap. Me leverer hurtigbåtruter i samsvar med fylket sine avgjerder.
Bakgrunnen er anbodsutsetjinga av rutene, og anbodet gav oss høve til
å sjå dette i eit lengre perspektiv, seier Arild Sondre Sekse,
informasjonsdirektør i HSD.
Les
meir i Grannar
11.01.06
Interessant
frå HSD
Hans
Olav Tungesvik: Ope
brev til selskapet.
Det vekte jubel hos fleire av oss i Skånevik då den seine snøggbåten
frå Bergen kom att
frå 01.01.06. At
Ølen miste den same båten
var jo ikkje så kjekt, men
dei får kompensasjon. I
ein interessant merknad nr.7
til klokkeslettet då båten er i Skånevik kl.2310,
heiter det: ”Drosje til Ølen viss passasjerar”.
Dette er flott.
Det
var 01.11.03 Skånevik
miste denne seine kveldsbåten, og
det har vore eit stort sakn for mange av oss.
Båten enda då opp i Ølen,
men det stod ingen merknad om ”Drosje til Skånevik viss
passasjerar”.
For
underskrivne har konsekvensen vore at kona mi har henta meg i Ølen
klokka 2335 mellom 10 og 20 gonger desse åra.
Det
som undrar meg, er dette: Korleis
kan denne forskjellsbehandlinga henga saman?
Det skulle eg gjerne ha HSD sitt svar på.
Men
i gleda over at den seine båten har kome tilbake,
går ikkje dette hardt inn på oss.
Det kunne likevel vera svært interessant å vita……
Med
vennleg helsing
Hans
Olav Tungesvik.
09.01.06
Skoen sat i nevane
Grannar:
Lars Halleland feira 105-årsdagen sin fredag, og
er ein av dei eldste i landet. Men trass i høg alder, har jubilanten både
vitalitet og glimtet i auga i behald. Det at han har vore
to gonger på sjøen på fiske sist sommar, og at han av og til tek øksa
i handa for å kløyve ei vedskie, synest den vitale 105-åringen, Lars
Halleland i Skånevik, ikkje er det minste rart.
Når han blir spurt om gode råd for å ha ei så god helse i så høg
alder, humrar og ler han. Røykt har han gjort det meste av livet.
— Men eg drog aldri ned i lungene. Det trur eg er ein grunn til at eg
har tola røyken så godt, seier han.
Einaste klaga er at han måtte ein tur på sjukehuset før jul. Det
skuldast feilmedisinering, og sjukdomen vart konstatert å vere for
mykje magesyre.
— Det fekk eg tablettar for, og nå er eg heilt god igjen, slår han
fast.
Les
meir i Grannar
02.01.06
Skånevik – ei bygd med positiv
utvikling
Lesarinnleg av
Hildegunn Larsen i Grannar: Då eg las
Ove Vilands betraktningar om situasjonen i Skånevik i Grannar før jul,
byrja eg undrast korleis to personar i same bygd kan oppfatte ting rundt
seg så totalt forskjellig.
Eg òg har rett nok oberservert at folketalet går ned og at dermed
elevtalet på skulen vert redusert som ein fylgje av det. Eg òg ser at
politikarane i årevis har nedprioritert utbetring av vegen mellom
sentrum og Tungesvik, og eg skulle så gjerne hatt tunnel til Etne
ferdig i nær framtid.
Men du skriv og at Skåneviksprosjektet har vore heilt bortkasta. Då
trur eg ikkje du har orientert deg om alle dei positive tinga dette
prosjektet har ført med seg. Me som driv i service-bransjen midt i
sentrum, var heilt handlingslamma av alle dei negative tinga som ramma
oss på kort tid i forkant av dette. Norway Foods vart nedlagt,
Trekantsambandet og Folgefonntunnelen vart opna med det resultat at
fergetrafikken gjekk ned og hotellet hadde fleire mislykka eigarskifte.
Kommunen kom på banen då, og bruka tid og ressursar for å hjelpe Skåneviksamfunnet
til å få pusten igjen.
Les
meir i Grannar
28.12.05
Jobbskaparane
Leiarartikkel I Bergens
Tidende: Enkeltpersonar
kan vera avgjerande for næringslivet i Bygde-Noreg. Jobbskaparane
fortener anerkjenning og tilrettelegging av offentleg infrastruktur. Publisert:
27. des. 2005, 06:00
Oppdatert: 27. des. 2005, 06:37
Å DRIVA EIT DATASELSKAP i ein liten utkantkommune kan
innebera større føremunar enn ulemper, hevdar Hans Jørgen Neset,
primus motor i Uni Micro i Modalen. Han er ikkje åleine om å tenkja
slik. Bergens Tidendes artikkelserie «Jobbskaparane» viser at fleire
av dei mest suksessrike verksemdene på Vestlandet er å finna på
stader der ingen skulle tru at gründerar kunne bu.
Artikkelserien viser også at å ha ein jobbskapar i sin midte kan vera
den faktoren som skil mellom vekst og tilbakegang i ein kommune. I
Modalen, med om lag 400 innbyggjarar, er Uni Micro med sine 41 tilsette
ei hjørnesteinsverksemd. 14 av desse driv utviklingsarbeid, med 6
millionar kroner i budsjett. Tidlegare kommunekasserar Hans Jørgen
Neset reknar med å utvida verksemda med fem personar i året.
SLIKE DATAEVENTYR er det ikkje mange av i utkantane, men Dale i
Sunnfjord kan visa til eit liknande tilfelle, og i mindre målestokk er
det fleire. I andre bransjar finst det også jobbskaparar som har rydda
seg ein nisje mot mange odds, som Lars Magne Bysheim på Tysse på Osterøy
og Alf Warloe Christophersen i Skånevik i Sunnhordland.
Les
meir i BT
24.12.05
Chris
Jespersen tilbake for fullt
Grannar: Chris
Jespersen er tilbake for fullt i langrennssporet. Laurdag sette han
samtlege konkurrentar på plass i førjulsrennet i Tydal. 22-åringen
beviste der at han framleis kan gå fort på ski. Stortalentet skøyta
inn til siger.
— Eg føler eg er godt i rute til årets sesong. Har trent bra i
sommar og haust, seier Chris til Grannar. Han har framleis base i Meråker.
Der bur han saman med Liv Miriam Nordtømme. Henning-jenta, som også
har ei fortid som juniorlandslagsløpar. Jespersen hadde ingen god
sesong sist vinter. Etter ei fin opning, sleit han med å følgje opp
dei bra resultata. For første gong på fleire år har han ikkje noko
tilbod i forbundsregi. I fire sesongar var han med på junior- og
rekruttlandslaget. Norges skiforbund fann ikkje plass for
juniorlandslagsløparen då dei tok ut dei nye landslaga på vårparten.
Chris var klar over at det kom til å bli slik. Han gjekk ikkje fort nok
i sin andre sesong på seniornivå til å vere med i vurderinga.
— Du treng ikkje vere på landslag for å gå fort på ski. Den største
forskjellen er økonomien og samlingstilbodet. Eg fekk det eg trong av
utstyr då eg var på rekruttlandslaget. I tillegg hadde vi eit stipend
på 40 000 kroner. Det var pengar som kom godt med, seier
Jespersen.
Les
meir i Grannar
23.12.05
Song jula inn i Skånevik
Grannar:
Hanne Krogh og hennar gjesteartist Torstein Sødal
saman med Voice Of Joy, trong ikkje julesnø for å fylla Skånevik
kyrkje med julestemning under ein praktfull julekonsert tysdag kveld.
Det har nå gått ni år sidan Hanne Krogh med musikarane sine la ut på
første juleturné, og etter det har dei aldri blitt leie.
— Me har gjennomført kring 250 julekonsertar, så det blir litt. Men
når me reiser rundt og møter fulle hus og gode kritikkar, gir det oss
motivasjon til å drive med dette år etter år, smiler turnéleiar og
musikar Stein Austrud.
For eitt år sidan hadde dei konsert i Etne kulturhus, og det var minst
like bra som det dei leverte tysdag kveld. Men det er ein viss forskjell
frå ein konsertsal og ei kyrkje likevel, du kan kjenne at kjenslene og
atmosfæren er annleis i ei kyrkje.
— Julekonserten vår er eigentleg rekna på kyrkjer, det er her
programmet passar best inn, seier Hanne Krogh, som
er glad for å vere tilbake i distriktet.
Les
meir i Grannar
20.12.05
Blinkskot i fleng
Grannar:
Elevane ved Etne vidaregåande skule hadde sist onsdag open dag for alle
som ville sjå noko av det den talentfulle gjengen har produsert.
Tommy Rasmussen var blant dei som synte fram fleire flotte
bilete. Sjølv om han lenge var i tvil om han skulle velje mekaniske fag
føre media og kommunikasjon, er han i dag svært glad for valet han
tok. I gangen på den vidaregåande skulen i Etne dekka halve veggen
blinkskot frå Tommy si linse. Blinkskota som møtte publikum er eit
tydeleg bevis på at foto er det rette for karen frå Skånevik.
— Eg valde denne linja fordi eg høyrde at det vart bruka mykje data
og i tillegg likar eg å fotografera, seier han.
Les
meir i Grannar
16.12.05
- Etne må satsa
Grannar:
Skal Etne komma ut av dvalen og få fleire
innbyggjarar, må kommunen satsa og gjera bygda meir attraktiv. Løysinga
er ikkje å konsentrera alt i sentrum.
Det meiner Tor Kjetil Fosse, utflytta etnebu, som har budd i Stavanger i
åtte år.
Før kommune- og fylkestingsvalet i 1999 hadde Tor Kjetil Fosse eit
lesarinnlegg på trykk i Grannar der han peika på manglande
arbeidsmoglegheiter og busetjing i Etne kommune. Seks år seinare er dei
same problemstillingane like aktuelle.
— Det er ikkje noko nytt at folk flyttar frå Etne. Eg føler kommunen
ikkje gjer noko som helst for å gjera seg sjølv attraktiv. Ein gjer
seg ikkje attraktiv med å ha fem skular ståande tomme. Viss ein hadde
vore tidlegare ute med å gjera seg attraktiv, hadde ein ikkje trengt å
legga ned skulane. Folk hadde flytta til grendene og då ville det vore
livsgrunnlag for skulane. Det høge presset på sentrumsnære tomter
heng saman med nedlegging av grendeskulane, hevdar Fosse.
Les
meir i Grannar
12.12.05
Stor stas med proffbesøk
Grannar:
Det var stor stas for handballklubbane frå Ølen
og Skånevik då dei laurdag fekk vitjing av landslagsspelar og
Danmarks-proff Håvard Tvedten.
Møbelringen er ein av hovedsponsorane til det norske damelandslaget i
handball. Sidan Ølen har eit aktivt handballmiljø tok Ole Strømø frå
Møbelringen Etne kontakt og spurde om han skulle freista å få ein
kjend spelar til å vitja klubben. Ølen har flest jentelag og den
spelaren dei hadde høgast oppe på lista si var Håvard Tvedten frå
Stord.
— Frå fyrste gong eg tok kontakt med han så var han positiv, men han
har eit travelt program og denne helga var den einaste han hadde litt
fri før jul. Tenk at me var så heldige å få han til å komma her til
oss, seier Ole Strømø.
Les
meir i Grannar
12.12.05 Rekordfå elevar
Grannar:
Aldri før har elevtalet ved Skånevik skule vore
så lågt som det er i år.
Dei siste ti åra har elevtalet ved Skånevik skule gått vesentleg
nedover, frå 141 elevar i 1995 til 95 elevar for inneverande skuleår.
Av desse er 26 elevar ved ungdomsskulen. Seks elevar i 8. klasse, ni i
9. klasse og elleve i 10. klasse.
— I fjor var det ein klasse med 21 elevar, difor stupte elevtalet i år.
Totalt sett vil ikkje elevtalet gå nedover, men oppover mot 2010. Eg
trur me har nådd botnen, seier Kjell Ingvald Matre, rektor ved Skånevik
skule.
På midten av 90-talet var det gjennomsnittleg 20 elevar i ein klasse
ved Skånevik skule. Nå er snittet 9,5 elevar i kvar klasse.
Les
meir i Grannar
10.12.05
Kvinnherad med gratis ferjer?
Innsida.no:
Styret i Samarbeidsrådet går sterkt inn for at
Sunnhordland vert ein prøveregion for gratis riksvegferjer. Tre samband
i Kvinnherad er aktuelle for deltaking i prøveordninga.
Då styret i Samarbeidsrådet 24.-25.
november var i Oslo i møte med samferdselsdepartementet og
stortingspolitikarar, var prøveordninga med gratis ferjer eit sentralt
samtaleemne. Samarbeidsrådet har no sendt brev til departementet for å
følgja opp dette, og samferdsledepartementet stiller seg etter det innsida.no
forstår, positive til innspelet.
Ikkje bompenge-samband
Styret i Samarbeidsrådet har ikkje teke standpunkt til kva strekkjer i
regionen som skal vera med i prøveordninga, men meiner at samband der
det vert innkravd pengar til bompengeprosjekt ikkje bør vera med i
ordninga.
Les
meir i Innsida.no
|