29.12.09 Leo Andre Markhus i Chile Ved hjelp av
sin chilenske trenar
Julio Nuñez
i Skånevik IL fikk
den talentfulle Leo Andre høve til å reisa til Santiago i Chile for å
trena og bu der i eit heilt år. Les den fantastiske historia til
den 16 år gamle Leo Andre Markhus frå Skånevik.
28.12.09 Skåneviksbu leia
redningsaksjon
sunnhordland.no:
Ein cabincruiser stod i ettermiddag ( 20.12.09) i full fyr i Leirvik
hamn. To vaksne og to born - deriblant ein baby - vart redda frå
infernoet av éin av Tide sine snøggbåtar.
Politiet opplyser at dei fire er frakta til Stord sjukehus med
røykskader. Relasjonen mellom dei er førebels ukjent. Brannen
starta like etter klokka 13.30 søndag på Vikafle utanfor Leirvik. Dei
fire blei henta av ein av Tide sine snøggbåtar.
- Me oppdaga at det brann utanfor Moloen og gav bånn gass. Der såg me
eit lystbåt i fyr og flamme, fortel kaptein om bord på "Tranen", Bjarte
Hornenes. Les
meir
i sunnhordland.no
21.12.09 Tannlegesaka i Skånevik
Hans Olav Tungesvik:
Det er eigna til stor undring
at Fylkestannlege Inge Magnus Bruvik i framlegget til fylket sin plan
for tannhelsetenesta for dei komande åra, rår til at tannklinikken i
Skånevik skal nedleggjast den dagen Olaf Larsen sluttar i tenesta.
Dette framgår av reportasjen i Grannar 23. november.
Framlegget
står sterkt i strid med dei inntrykka underskrivne sit att med etter å
ha hatt samtalar om saka med fylkesordførar, fylkesrådmann og
fylkestannlege så seint som i sommar og tidleg på hausten. Etter
at det hadde kome framlegg om radikal nedskjering av tannlegetilbodet i
Skånevik og overføring av det meste av Olaf Larsen si arbeidstid til
Etne, gjorde han det klårt at han kom til å seia opp stillinga og søkja
arbeid annan stad. Dette vart meldt til fylkesrådmannen, som melde
tilbake at han hadde gitt melding til fylkestannlegen at det måtte
finnast ei løysing som gjorde at tannhelsetilbodet i Skånevik kunne
halda fram.
Fylkestannlegen var i Skånevik 26. august, og i samtale underskrivne
hadde med han då, kom det klårt fram at tannhelsetenesta i Skånevik
skulle haldast oppe med 3 faste kontordagar. Dette vart oppfatta som
ei prinsippavgjerd og ikkje berre knytt til Olaf Larsens person, jamvel
om det i samtalen og vart peika på den viktige funksjonen han har som
medlem av Skåneviksamfunnet, med fleire viktige verv innan frivillig
arbeid. Det er lite meining i å knyta eksistensen av ein offentleg
tannklinikk til ein persons nærver og arbeidstid.
Eg har
forstått at ei grunngjeving for å leggja ned kontoret i Skånevik, var
at ein rekna med at det ville vera vanskelegare å få tannlege til
Skånevik enn til Etne. Det er vel ingen konkrete haldepunkt for at så
er tilfelle, all den stund stillinga i Skånevik ikkje har vore utlyst
på 29 år!
Det er
Fylkestinget som skal ta avgjerd om tannhelsetenesteplanen, og det skal
skje først til våren. Det blir derfor viktig å driva lobbyverksemd i
månadene framover for å berga tannklinikken i Skånevik. Denne saka har
me ikkje råd til å tapa! Det gjeld framtida for dei som har vanskar
med å ta seg fram til eit tannlegekontor 3 mil unna, det gjeld einkvar
som har behov for tannlegehjelp, og det gjeld ikkje minst framtida for
eit levande lokalsamfunn som og skal vera attraktivt for tilflyttarar.
Hans Olav Tungesvik.
20.12.09 Rekordstort snøfall skapte
kaos
Grannar:
Det indre Haugalandet er ramma av det største snøfallete på fleire tiår.
Søndag føremiddag var det kome nærare ein meter snø, og framleis var det
nedbør i lufta. Over Fikse var det i natt kolonnekøyring. Uveret har
skapt mange problem på vegane det siste døgnet, og verst har det truleg
vore på E34 mellom Ølen og Etne. Haugaland og Sunnhordland
politidistrikt har fått inn mange meldingar frå bilistar om dårlege
køyreforhold på denne strekkja.
- Vegtrafikksentralen blei informert, og opplyste at tilgjengelig
mannskap var i arbeid. Me hadde politipatrulje til staden kl 23.20
laurdag kveld, då meldingane blei fleire, og vegen blei sperra, opplyser
operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland
politidistrikt. Les
meir
i Grannar
17.12.09 Utbetring av Skånevik
stadion
Under handsaminga av budsjettet og økonomiplanen for Etne
kommune vedtok Etne K-styre m.a. dette: Det
skal setjast i gong utgreiingsarbeid vedkommande opprustning av
idrettsanlegget i Skånevik med tanke på at anlegget har sege og må
tilførast massar og rettast opp, både grasmatte og løpebane.
Kommunen må snarast gå i
dialog med Skånevik Idrettslag for å få avklart kostnad,
arbeidsfordeling og når opprustningsarbeidet av Skånevik stadion skal
ferdigstillast.
Det skal i 2010 fremmast eiga sak for K-styret som skal innehalda
budsjett og framdriftsplan for prosjektet. Begge idrettsanlegga i
kommunen bør vera i ønska stand før starten av sesongen våren 2011. Dei
noverande vedlikehaldsavtalane mellom Etne kommune og Etne
Idrettslag/Skånevik IL skal reforhandlast. Før kvar budsjetthandsaming
skal avtalepartane peika på kva arbeid som bør gjerast i kommande
budsjettår og kva kostnader dette vil få for kommunen.
11.12.09 Bevar tannhelsetenesta i Skånevik Fylkestannlegen ønskjer i sin plan til
fylkestinget å leggja ned tannhelsetenesta i Skånevik når tannlege Olaf
Arne larsen sluttar. Tysdag skal Etne kommunestyre komma med utale
til planen og rådmannen i Etne er klar i sin tale:
Tannlegetilbodet i Skånevik skal bestå uavhengig av noverande tannlege.
Skånevik Helselag har underskriftsliter liggande ute på
Spar og Bøthun for at folk i
bygda skal kunna få sei si meining om denne viktige saka for Skånevik.
Skriv under på skrivet
som vert sendt til fylkestannlegen saman med svaret frå Etne kommune.
11.12.09 Grasrotandelen til
Skånevik kultur - og idrettshall Skånevik kultur - og idrettshall:
Du kan støtta Skånevik kultur - og idrettshall via
Grasrotandelen.
Tenk deg at du kan spela favorittspela dine – Lotto, Tipping og Joker og
samtidig gi noko til det laget eller den foreningen du sjølv ønske og
støtta. Dette er nå mogeleg via Grasrotandelen.
Dei som ønsker å gi sin andel til Skånevik kultur- og idrettshall må
registrere seg på Skånevik IdrettslagOrg.nr 990 432805 og på den måten støtte Skånevik kultur - og
idrettshall.
Sidan Skånevik
kultur - og idrettshall
er eit aksjeselskap
er det ikkje mogeleg for idrettshallen å bli direkte grasrotmottakar.
Men vi er det altså indirekte gjennom Skånevik Idrettslag. Merk deg at
grasrotandelen ikkje på nokon måte går ut over innsatsen eller premien
din og du blir ikkje belasta noko for å være grasrotgjevar.
Knytt deg til ordninga allerede i dag, kan gjerast på ein av følgande
måter:
Hos kommisjonæren - Sms: GRASROTANDELEN
971493054 til 2020 (tjenesten er gratis) -
Internett:
www.grasrotandelen.no eller
www.norsk-tipping.no - Norsk Tipping
Mobilspill. 10.12.09 Takk for innsatsen
Skånevik Kultur - og idrettshall:
Kjære sambygding! Hjarteleg takk for positiv og heiderleg
dugnadsinnsats i året som har gått! Skånevik kultur- og idrettshall har
hatt mange vellukka arrangement, me nemner: Mote- og brudeshow, 17. mai,
torgdagar, helsemesse og julemarknad.
Vaffelrører, lappesteiking, bering og rigging, rydding og anna innsats!
Les
meir
02.12.09 Storetablering i Fjæra
Grannar:
Oppdrettsgiganten Marine Harvest ASA ønskjer å etablera settefiskanlegg
innerst i Åkrafjorden, og med det kan Fjæra-grenda koma til å husa
nærare 15 nye arbeidsplassar. Dersom Marine Harvest får det som
dei vil, kan det koma settefiskanlegg i Fjæra-grenda i Åkrafjorden.
Etter det Grannar erfarer dreier det seg om 10-15 nye arbeidsplassar.
Anlegget vil då bli ein større arbeidsplass enn det er innbyggjarar i
grenda.
Folketalet i den vesle bygda har sakte, men sikkert gått nedover siste
åra, og per i dag er det berre ni fastbuande att. Nå kan likevel den
børsnoterte oppdrettskjempa Marine Harvest pusta liv i Fjæra-grenda, med
eit stort settefiskanlegg. Førebels vil ikkje selskapet gå ut med særleg
informasjon om planane, men det er truleg ikkje noko småtteri som kan
koma til bygda.
— Marine Harvest har anlegg av denne typen i mange ulike storleikar, og
det som er planlagt på Fjæra er ikkje av dei minste, fortel ansvarleg
for prosjektet, Ørjan Tveiten til Grannar. Les
meir i Grannar
27.11.09 I en leilighet i Oslo Hardanger Folkeblad:
Sju kunstnere fortsetter prosjektet «I Et Hus» i en leilighet i Oslo
denne helgen. Og Elisabeth Emmerhoff presenterer der trinn tre i sitt
Velure-Haustveit-prosjekt. I vår åpnet sju kvinnelige kunstnere dørene
til et hus på Jåstad de hadde lånt for sitt prosjekt «I Et Hus». Der
ville de sette igang tankeprosesser om hva et hjem er, hva som gjør et
hus til et hjem. De gav publikum litt hjelp på veien; med sine
tolkninger og innspill.
Nå stiller de ut fortsettelsen av sine prosjekt i leiligheten til en av
kunstnerne på Grünerløkka i Oslo. Samtlige har hjemmet som utgangspunkt
for de nye arbeidene. Elisabeth har oppfordret sine sambygdinger
til å definere hva et hus eller et hjem er for dem i korte ordelag.
Les
meir i Hardanger Folkeblad
Kunsthøgskolen i Bergen om utstillinga
26.11.09 Riddaren av mat
Grannar:
Ølen vidaregåande skule har fått sin eigen riddar. Med høgtidleg
seremoni, sverdslag, flagborg og fleire tusen tilskodarar blei
kokkelærar Finn Ove Solberg (45) slått til riddar i Kølnerdomen. — Ein
tenkjer gjerne på pølser og øl når ein nemner mat i Tyskland. Men landet
er i høgaste grad ein matnasjon, meiner kokkelærar Finn Ove Solberg, som
kan flotta seg med den høgthengjande tittelen «ridder av
Laurentius-ordenen». Finn Ove Solberg er ein av to nordmenn som er blitt
slegen til riddar av Laurentius-ordenen. Saman med lærarkollega Klaus
Magnus Berg Hansen frå samarbeidsskulen Breivika i Tromsø, blei han 15.
august riddar i brorskapet.
Laurentius-ordenen består av kokkar og bakarar i Tyskland og nokre av
dei mellomeuropeiske nabolanda, og tidlegare er det ingen andre «utlendingar»
som har fått æra.Les
meir i Grannar
24.11.09 Julestemning i Skånevik
Linda Bøthun:
Det blir mange gode muligheter for å komma i julestemning i Skånevik i
helga som kjem. Bygdefolk og gjester inviteres til aktiviteter heile
helga: Julegateopning og julegrantenning - Julemarknad -
Stemningsfull juleøy - Familiegudsteneste.
Sjå heile programmet
23.11.09 God plass i Skånevik
Klubben ved Skånevik skule:
Vi kan lesa i Grannar at det er
plassproblem på Enge skule. Samstundes står kommunen framfor store
investeringar dei næraste åra, så det kan kanskje bli vanskeleg å finna
rom for om- eller utbygging på ei stund. Ser ein på kommunen under eitt,
har ein ikkje det same plassproblemet. Skånevik skule har nemlig god
plass! Vi vil difor foreslå at kommunen legg til rette for at elevane
frå Fjæra og ”Fjorden” kan gå på skulen vår, og vi vil oppfordra
foreldra der til å vurdera Skånevik som skulestad for borna sine. Vi
kan tilby eit godt læringsmiljø og stabilt personale med lang erfaring.
Klassane er oversiktlege, og nye elevar vil bli tekne imot med opne
armar. Velkomen til Skånevik!
For klubben ved Skånevik skule
Hjørdis Sævareid
23.11.09 Gissel for tannlegekontor
Grannar: Fleire
tannlegekontor i fylket kan bli lagt ned. Kontoret i Skånevik skal
leggjast ned når tannlege Olaf Larsen sluttar, men vedtaket om dette kan
bli gjort allereie i vår. Olaf Larsen har i fleire omgongar måtta
kjempa for å bevara klinikken sin i Skånevik. Nå kan klinikken likevel
bli bestemt nedlagt, med verknad frå den dag Larsen trer av. Ei rekkje
tannlegekontor i Hordaland blir føreslått nedlagde i fylkestannlegen sin
plan for tannhelsetenester som når er ute på høyring. Også
tannlegeklinikken i Skånevik står på nedleggingslista «ved endring av
bemanning». Det betyr at den dag tannlege Olaf Larsen ikkje jobbar meir,
så er kontoret nedlagt. — Eg føler det litt som om eg blir
halden som gissel til jobben, seier Larsen.
Fleire
kampar
I fleire omgongar har Larsen måtta kjempa for å bevara tannlegekontoret
i Skånevik. Frå fylkeshald var han helst ønska til Etne då
distriktstannlegen der gjekk over til privatpraksis. Larsen motsette seg
dette, og partane kom fram til eit kompromiss. Les
meir i Grannar
20.11.09 Skal forske på Den
kulturelle skolesekken Høgskolen
i Bergen:
Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon (SEKKK) ved Høgskolen i
Bergen og Rokkansenteret har vunnet anbudskonkurransen om å forske på
Den kulturelle skolesekken. – Det blir spennende og utfordrende å
arbeide med et annet forskningsmiljø, sier førsteamanuensis Catharina
Christophersen på musikkseksjonen ved Avdeling for lærerutdanning.
Christophersen har vært med på å skrive forskningssøknaden sammen med to
forskere fra Rokkansenteret. – Oppdraget med å forske på Den kulturelle
skolesekken er tematisert i fire områder, hvor det er særlig området ”De
gode møtene” som vi er involvert i. Konkret handler det om å gjøre et
nærstudium av møter mellom kunstnere, barn og lærere, sier hun. Les
meir på websidene til HIB
16.11.09 Stengjer etter 70 år
Grannar:
Etter 70 år er det slutt på heimelaga kulinariske herligdomar frå disken
i Skånevik, når Svein og Helga Bøthun stengjer dørene på P. Bøthun
Daglegvare like etter nyttår. Svein og Helga Bøthun kjem til å sakna
det sosiale ved butikkdrifta, men seier det har blitt hardare ei siste
åra å driva daglevarebutikk. Etter 32 stengjer dei dørene på butikken i
Skånevik sentrum. Avvikling av butikkdrifta er noko ekteparet har gått
med i tankane lenge. Dei har drive butikken i 32 år. Nå ventar
pensjonisttilværet, og like over nyttår er det slutt på den snart 72 år
gamle daglegvarebutikken. Matlagingshobbyen blei butikk for om lag fem
år sidan då dei byrja for fullt med sal av heimelaga julepålegg, salatar,
dessertar og leveranse av koldtbord. Likevel har det den siste tida
blitt for mykje arbeid og vanskelegare å driva daglegvarebutikk. Les
meir i Grannar
14.11.09 Hordalandshåpa
Bergens Tidende: Chris
Jespersen (26) vil til OL. Sjur Røthe (21) vil gå verdscup og U23-VM.
Dei to er hordalandshåpa i langrennssporet i vinter. Jespersen og
Røthe innser at dei helst må gå fort allereie i den nasjonale
sesongopninga på Beitostølen i helga. Kjem dei seg ikkje inn på
verdscuplaget no, kan det bli vanskeleg å kvalifisere seg seinare.
Landslagsleiinga har valt å gje landslagsløparar frikort til verdscup,
på grunn av førebuingar til OL i Vancouver. Det gjer nålauget ekstra
lite for løparar som Jespersen og Røthe.
Norge
har utvida kvote til verdscupopninga på Beitostølen neste helg, og begge
har håp om å vere blant dei 16-17 som får gå. - Viss ikkje er det
NM i Stokke i slutten av januar som gjeld, seier Jespersen. Les
meir iBT
12.11.09 Gler seg til tunnel
Haugesunds Avis:
Møtelokalet i Skånevik kultur- og idrettshall var heilt fullt då
optimisme for tunnel til Etne blei tent på ny i kveld.
– Eg gler meg til å køyra i tunnelen, eg gler meg til å sykla på
gangstien frå sentrum til idrettsanlegga og eg gler meg til å gå i
miljøgato i Skånevik sentrum, sa styreleiar i tunnelselskapet, Inger
Karin Larsen.
Ho oppsummerte tunnelmøtet og konstaterte at tunnelselskapet spelar på
lag med både fylkeskommune, kommune og vegvesen.
– At plansjef Torbjørn Aarethun i Hordaland fylkeskommune i kveld har
sitert sjefen sin, fylkesrådmannen, på at «Skånevikstunnelen er eit godt
fundert prosjekt som bør utgreiast vidare» har gjort meg til optimist,
held Larsen fram. Les
meir i Haugesunds Avis
09.11.09
Kommunebudsjettet for 2010
Haugseunds Avis: Rådmann
Elling Hetland har satt av dei seks første millionane til Skakkesenteret
i Etne-budsjettet 2010.
De seks første millionane til Skakkesenteret og 15 millionar til sykkel
– og gangveg i Skånevik blir dei største investeringane i Etne i 2010.
I forslaget til kommunen foreslår dessutan rådmann Elling Hetland å
oppretta tre nye stillingar i skulen. Les
meir i Haugesunds Avis
30.10.09
Kvitebjørnen-undring Astrid E. Hjelmeland : Deltakarelevane i Kvitebjørnen-undring og
læring frå Skånevik er godt i gong med det to-vekes opplegget for 7.
trinn. Målet for fyrste veka er å bli
betre kjend med bygda vår, både i fortid og notid, skriv lærar Hege
Garvik på bloggen. Elevane skal nytta fantasien og skaparkrafta si til å finna ting i
nærmiljøet som dei vil gjera enda betre, og dette skal enda opp i ei
utstilling fysisk og på nett på
kvitebjørnen.no i slutten av veke 45.
Les kva elevane ved Skånevik skriv på
bloggen.
16.10.09 Julemarknad med nytt og
gammalt Anna Eriksen: Me ynskjer kontakt med utstillarar,
både amatørar og profesjonelle. Me kan om ønskjeleg selja varene for
deg. Auksjon og salg av gamle/spesielle ting. Ta kontakt
dersom du har noko, så lagar me ein god avtale. Me ynskjer at dette
skal verta ein marknad med nytt og gamalt, smått og stort, noko for både
gamal og ung. Dato for arrangementet i Skånevik kultur - og
idrettshall er laurdag 28. november. Ta kontakt med Anna i
Skånevik kultur- og idrettshall Tlf: 97 76 75 85
e-post: sk-idrett@online-noSjå
annonse/plakat
14.10.09 Vaksinering i Etne kommune
Grannar:
Nye vaksineomgangar mot årleg influensa, og også svineinfluena, nærmar
seg. Kommunelege i Etne, Bengt Kallevik oppmodar risikogruppene til å ta
turen til helsestasjonen. Over helga blir det ny omgang med vaksine mot
den årlege influensaen. I månadsskiftet oktober/november blir det ny
vaksinasjonsrunde, då både mot årleg influensa og svineinfluensa
(H1N1-viruset). Kallevik meiner utsette grupper bør vaksinera seg, og
ser ingen grunn til vaksineskepsis.
— Det er alltid ein vaksinefrykt ute og går, men det er ingen forskjell
på verken kvalitet eller risiko mellom dei to. Det er likevel ein viss
skilnad; medan vaksinen mot den årlege influensaen er sett saman mot
virustypar ein trur vil koma, er H1N1-vaksinen retta mot ein bestemt
sjukdom og har difor ein sikrare verknad, presiserer Kallevik. Les
meir i Grannar
09.10.09 Tre lokale i Transportkomiteen
Haugesunds Avis:
Også Magne Rommetveit (Ap) havnet i transportkomiteen. Sunnhordland er
solid representert i komiteen.
Tidligere er det kjent at to bømlinger vil sitte i transport- og
kommunikasjonskomiteen på det nye Stortinget.
Knut Arild Hareide (KrF) skal være leder for komiteen. Selv om Hareide
er fra Bømlo, ble han valgt inn på fylkeslista til Akershus.
Øyvind Halleraker er plassert i samme komité, og skal i tillegg være
transportpolitisk talsmann for Høyre. Les
meir i Haugesunds Avis
02.10.09
Nytt liv utan rullestol og krykkjer Grannar:
Ho
hadde nesten konstant smerter, og var delvis lam i den eine foten i ni
år. Nå har Reidun Mariann Grønfur (64) frå Skånevik kasta krykkjer og
parkert rullestol. Med heile 27 sjukehusbesøk på eitt år hadde
64-åringen slått seg til ro med eit liv full av lidingar og plagar. I
dag er ho jublande glad, og takksam for det som har hendt.
—Tenk at eg nå kan gå rundt med begge hender fri. Eg kan bera ting, eg
kan reisa meg utan problem, og eg har ein smertefri kvardag. Mor mi
byrja å grine då ho fekk sjå det utrulege som hadde hendt med meg, og
resten av familien var jublande glade på mine vegner og meinte dette var
fortent, fortel Reidun Mariann Grønfur til Grannar. Les
meir i Grannar
28.09.09 Resultatet av kyrkjevalet
Grannar:
Oppslutninga rundt kyrkjevalet har aldri vore større enn i år, og for
dei åtte sokna i Vindafjord er den totale valdeltakinga på heile 29
prosent. Etne sine to sokn ligg på 18 prosent. Under soknerådsvalet i
haust har Imsland sokn ei overlegen valdeltaking på 48 prosent. Snittet
for Vindafjord kommune ligg på 29 prosent, og Etne har ei valdeltaking
på 18 prosent. Grannar presenterer her resultata frå soknerådsvala i
Vindafjord og Etne som blei haldne parallelt med stortingsvalet i haust.
Imsland sokn i Vindafjord peikar seg ut med ei spesielt høg valdeltaking
på heile 48 prosent. Les
meir i Grannar
27.09.09 Går inn for bompenger
Grannar:
Fylkesutvalget går inn for at det blir utarbeidet en bompengesøknad for
byggingen av Stordalstunnelen.
Byggingen av Stordalstunnelen på E134 i Etne kommune var opprinnelig en
del av bompengeprosjektet Teigland-Håland langs Åkrafjorden og var
tiltenkt fullfinansiert og sluttført i perioden 1998-2001.
På grunn av kostnadsøkningene ble byggingen utsatt. Prosjektet er nå
kommet inn i Nasjonal Transportplan 2010-2019. Prioriteringen av
prosjektet i NTP er betinget at det blir besluttet et opplegg for delvis
bompengefinansiering av prosjektet. Les
meir i Haugesunds Avis
23.09.09 Opnar over Hålandsheia Grannar: Rv 48
over Hålandsheia opnar til pendlarane skal heim i dag, onsdag
ettermiddag. To dagar før tida opnar riksvegen frå Stordalen til
Skånevik i Etne kommune for trafikk igjen etter å ha vore stengd sidan
16. februar på grunn av utbetringar. Opninga skjer kl 15.00.
- Mi
bøn til trafikantane er at dei køyrer varsamt ettersom det førebels er
fleire punkt utan autovern og asfalt, seier byggjeleiar Asbjørn Opedal i
Statens vegvesen. Les
meir i Grannar
18.09.09 Tidenes helsebløff?
Svein Leknes: Foredrag av og med ”The
Coach” Arvid Gerhard. La din mat være din
medisin, og la din medisin være din mat.....sa Hippocrates.
Dagens helseråd går ut på å spise store mengder plante og fiskefett. Vi
snakker om produkter så som merkevaren Vita hjertegod. Tran, Omega3,
Omega 6. Søndag 4 oktober kl 1400 bør du være i Skånevik
idrettshall på helse og velvære messe. Da kommer : ”The Coach”—Arvid
Gerhard. Arvid Gerhard arbeider som trenings og kostholds
rådgiver, og var over en seksårs periode personlig trener for kajakk
esset Knut Holmann.
Arvid taler “Roma” midt
imot, for via flere hundre timers undersøkelse, har han plukket opp
vitenskapelige artikler som gir et helt annet bilde av et hjerte foret
med plante og marine fettstoffer.For å teste utsagnene om kolesterol
sier Arvid Gerhard: Jeg spiste absolutt alt som moderne ernærings
vitenskap sier man ikke skal spise: Kremfløte,fett sauekjøtt,smør m/m.
Hvordan det gikk??? CC. Kr 50.- for foredraget ( og det er det verdt
)
Idrettshallen serverer
Chili gulrotsuppe + brød, kaffe og Gulrotkake. Messen er åpen Lørdag
1100- 1800 Søndag 1300-1800. Inngang kr 50.- Middagsulten?
Skånevik Fjordhotell og Fergekroa på kaien er åpen.
17.09.09 God oppslutning ved
kyrkjevalet
Grannar:
Rundt 18 prosent brukte stemmeretten sin ved kyrkjevalet i Etne og
Skånevik. Det er fire gonger fleire enn ved valet i 2007. Ved førre
kyrkjeval i 2007 var det 84 personar som stemte i Etne. I år var det
346. Valdeltakinga har blitt omlag fire gonger så stor, og kyrkjeverje
Harald Sirnes er godt nøgd.
— Me er ennå ikkje heilt ferdige med finteljinga, og det merkast at det
er mykje meir etterarbeid nå enn ved førre val, fortel Sirnes. I
Skånevik er det same tendens. Av dei 874 som kan stemma i soknet, har
159 personar nytta seg av stemmeretten. Valdeltakinga i Skånevik hamnar
derfor rett over 18 prosent, mens Etne med sine 1947 stemmeføre hamnar
rett under 18 prosent. Les
meir i Grannar
17.09.09 Tunnelen sprengt
Haugesunds Avis:
Han ramla saman i ei einaste salve, Tungesviktunnelen på Rv 48 på
Skåneviksvegen over Håland.
Det var klokka 19.30 i går kveld at ei samla dynamitt-salve sprengde
2.000 kubikk fjell og la den rasfarlege tunnelen «krasafaren» som ein
stor steinhaug på riks- vegen.
– Salva gjekk fint av. No står reinskinga att, seier Haldor Ebne i
Skånevikstrand Maskinstasjon. Dei utfører arbeidet for Statens vegvesen.
Byggjeleiar i vegvesenet, Asbjørn Opedal, seier at arbeidet med å lasta
ut steinmassane i vegen ikkje er einaste omsynet under det vidare
arbeidet med å reinska opp.
– Fjellet er mildast tala elendig og me har store utfordringar med
fjellsikring. Difor er det umuleg å seia når vegen er køyrbar att.
Les
meir i Haugesunds AvisLes
meir i Grannar
15.09.09 Sikra femtemandatet
Innsida.no:
– Glad, men letta, seier Magne Rommetveit etter at han klarte å kapra
femtemandatet til Arbeidarpartiet i Hordaland. Og det siste i fylket.
Stemninga var stor under valvaken til Hordaland Ap i Folkets Hus i
Bergen. I går kveld var Rommetveit glad for at han hadde tatt vegen til
Bergen, i staden for å vera med partifellane på Stord.
– Olav Akselsen sa til meg at her må du vera uansett. Det rådet har eg
fulgt, seier Rommetveit.
Den tidlegare ordføreren i Stord har svinga ut og inn av
meiningsmålingane den siste tida. I valdagsmålinga til NRK var han ikkje
inne på fast plass, medan TV 2 si måling gav han femteplassen.
– Dette er betre enn eg hadde trudd. Her er det nasjonale trendar som
slår inn. Det gler meg veldig at Ap får ein sterk Hordalands-benk. Der
er me på lik linje med Akershus og Oslo. Dette er viktig for å få fram
saker frå Hordaland og Vestlandet, seier Rommetveit. Les
meir i innsida.no
15.09.09 Frp toppar i Etne kommune
Grannar: Frp
hamna på topp blant Etne-veljarane ved stortingsvalet, med
Arbeidarpartiet like bak, medan Senterpartiet hamna på tredje plass.
Med 24,8 prosent av stemmene toppar førebels Frp valet i Etne, medan Ap
ligg hakk i hæl med 23,5 prosent. 27 stemmer skiller dei to partia
Senterpartiet hamnar kjem på tredje plass, med 19,7 prosent.
— Eg er Kjempenøgd! Eg håpa me ville matcha resultatet frå 2005-valet
og det gjorde me. Når det gjeld resultatet på landsbasis, hadde eg nok
håpa på meir, men slik går det alltid mot slutten av valkampane. Men eg
trur likevel folk byrjar å vakna nå, Frp viser seg å vera sterke i små
kommunar, det har blitt ein naturleg tendens, seier Roger Nilsen,
gruppeleiar i Etne Framstegsparti.
Les
meir i Grannar
09.09.09 Flott av
handballjentene
Anna Eriksen:
Jenter 13 år fra Skånevik var i Hgsd. 5/6 september på
Harald Hårfagre cup. Første kamp lørdag vant dei 11-5 mot Rival 1. Andre
kamp mot Tertnes vant dei 12-10, men tredje kamp mot Fitjar enda med et
tap på 3 mål 10-13. Dermed hadde me kvalifisert oss til A sluttspelet,
men p.g.a. nedsøkte spelarar enda me i B sluttspelet. Me møtte Avaldsnes
i semifinalen, til pause leda Avaldsnes 6-3, men etter pausen kom
revansjen og me knuste dei og enda opp med 10-6. Jentene spelte knall
bra sjølv uten innbyttarar på banen søndag. Finalen tapte me mot Rival
2. Men me er kjempe fornøyd med 2 plass.
04.09.09 Stenging av RV-48 Statens Vegvesen:
Riksveg 48 blir stengt ved Tungesvik III - tunnelen på strekninga Håland
- Skånevik i perioden kl. 07.00 den 14. september - til kl. 15.00 den
25. september. Sklita omkjøring gjennom FV 34 ( Skånevikstranda)
mellom Skånevik og Etne.
04.09.09 Stor auke i ferjetrafikken
Hauges. Avis:
Ferjetrafikken i Sunnhordland og Hardanger var større i juli i år en
juli i fjor. Ferjetrafikken i juli i år viser en pen oppgang for
de fleste lokale ferjesamband.
Utne - Kvandal -Kinsarvik i Hardangerfjorden hadde 117.255 passasjerer.
En økning på 4,4 prosent fra juli 2008.
Brimnes - Bruvaik i Hardangerfjorden hadde 205.301 passasjerer. En
nedgang på 5,4 prosent.
74.760 reiste med kvinnheradsambandet Løfallstrand - Varaldsøy -
Gjermundsstrand. En økning på nesten 10 prosent.
Ferden mellom Skånevik i Etne og Matre/Utåker i Kvinnherad økte
med 9,6 prosent.
Skjersholmane (Stord) - Ranavik (Halsnøy) registrerte en liten
nedgang på 2,3 prosent. Les
meir i Haugesunds Avis
30.08.09 Misjonssøndag i Skånevik
Hans Olav Tungesvik:
Misjonsalliansens årlege søndag i Skånevik blir i år søndag 6.
september. Som vanleg blir det gudsteneste kl.1100, der
misjonssekretær Hans Tore Leithe held preika og fortel om
Misjonsalliansen, sokneprest Harald Grønnevik presenterer og talar til
dei nye konfirmantane.
Om kvelden blir det festmøte på bedehuset kl. 1900 med Hans Tore Leithe
som hovudtalar, det blir song og musikk ved Kjellaug Holtermann og
Marit Lindekleiv frå Husnes. Ved begge samlingar blir det offer til
Misjonsalliansen sitt arbeid i 8 land. Alle er hjarteleg
velkomne.
Misjonsalliansen.
27.08.09 Bra fotballkveld for
Skånevik IL
Knut Ness: I to
bortekampar spelte A-laget uavgjort 1-1 mot Haugar 2, og gutelaget slo
Torvastad 4-3. A-laget opna godt mot Haugar, og lagspelet var noko av
det betre denne sesongen. Kampen var jamn, men Skånevik hadde dei
største sjansane. Etter kvart minka kreftene, og det vart meir
enkeltprestasjonar enn lagspel. Haugar laga 1-0 på straffe rett før
pause, men Frode Sævareid utlikna midtvegs i andre omgang på eit skot
frå 17-18m. Totalt hadde Skånevik dei flest og farlegste sjansane, medan
skåneviksforsvaret med ein suveren Martin Ojeda i spissen rydda opp i
det meste bakover.
24.08.09 Skaut til gull
Grannar:
Sverre Idland frå Skånevik er på veg heim frå Tyskland med gull i
kofferten. I helga gjekk han til topps i skytemeisterskap i Tyskland.
Under tysk meisterskap i dynamisk sportsskyting (practical rifle) med
rifle, skaut Idland til gull i standard klasse i helga.
Han reiste med håp om å komma langt, og alt gjekk etter planen.
— Ein reiser jo ikkje så langt utan ambisjonar, så eigentleg hadde eg
forventingar til å koma eit stykke og det gjekk som eg hadde tenkt,
fortel Idland til Grannar.
Mellom 100 og 150 skyttarar deltok på meisterskapet som føregjekk sør for
Frankfurt i helga. Les
meir i Grannar
22.08.09 Fylkesstøtte til
verneverdige båtar
innsida.no: Kultur- og
ressursutvalet i Hordaland har fordelt 729.000 kroner på tolv
verneverdige båtar. Mellom dei som har fått stønad er MF Skånevik, D/S
Stord 1, S/J Oline og S/S Loyal. Desse får tilskot:
20.08.09 Sjeldan fangst
Grannar: Marthon Idsøe fekk ein snodig
fiskeskapning på kroken då han fiska i Skånevik i dag. Ein robust fisk
blei dregen på land, då Idsøe låg med båten sin heilt inne ved Skånevik.
Han er ein erfaren fiskar, men kan ikkje hugsa å ha sett liknande
tidlegare.
Med sin 60 cm lange og 42 cm høge kropp har fisken vore eit aldri så
lite mysterium for fiskaren.
— Fisken er kvit under og mørk oppå, og har finner både oppå og under.
Eg har aldri sett liknande, men nokon meiner det kan vera ein månefisk
eg har dratt på land. Likevel meiner dei at han er noko for stor til
det, seier Idsøe. Les
meir i Grannar
12.08.09 Grasrotandelen til Norsk
Tipping
Kari Johansson:
Lag og organisasjonar i Skånevik er veldig glad for den økonomiske
støtta dei får gjennom Grasrotandelen til Norsk Tipping. Til
nå i år har dei ulike laga fått inn:
Norsk Tipping har alltid gitt heile overskotet til samfunnsnyttige
formål. Det nye med Grasrotandelen er at du som spelar kan
bestemme kva noko av overskotet skal gå til. Du vel eit lag eller ei
foreining som får 5 kr for kvar 100-lapp du tippar for, utan at det går
ut over innsatsen eller premien din. Du kan til ei kvar tid, og kor ofte
du vil, bytte mottakar av di støtte. Dersom du ikkje vel eit
lag/foreining så går pengane til den sentrale potten, og det er jo dumt
å ikkje la lokalsamfunnet få nytte av dei. Det kan og vera lurt å
oppfordra slekt og vener andre stader, som ikkje veit om nokon å støtte,
til å velje eit lag frå Skånevik J
Har du enno ikkje vald kven du vil gi støtta di til kan du: -
Ordne det hos Tippekommisjonæren, oppgi namn på lag/forening og evt.
organisasjonsnummer -
Ordne det på Internett:
www.grasrotandelen.no
For å støtte nokon av laga i Skånevik kan du oppgi eit av desse nummera:
Skånevik Idrettslag Org. Nr 990 432 805
Skånevikspeidarane Org. Nr 990 703 361
Stiftelsen Gjestgjevargarden Org. Nr 971 354 534
Skånevik Skyttarlag Org. Nr 993 835 102
Skånevik Musikklag Org. Nr 994 008 307
Takk til alle som alt har vald å støtte eit lokalt lag!
30.07.09 I sving med Kathinka
Grannar:
Den sårt etterlengta oppgraderinga av Kathinka-svingen i Skånevik blei i
gangsett på måndag. Etter nærare 30 års kamp er ein tryggare veg i
sikte. Eit mangeårig press frå bygdefolket i Skånevik førte fram i vår
då kommunestyret gjekk inn for å forskottera oppgradering av
fylkesvegen. Likevel var det knytt skepsis til om oppgraderinga nokon
gong ville komma på plass etter ein lang kamp for å få dette i orden. På
måndag tok gravemaskinen første jafsen av grøftekanten for vegutvidinga.
Mangeårig vegforkjempar Gudbjørg Christophersen jublar over oppstarten
ho lenge frykta det aldri ville bli noko av.
— Nå har eg berre lyst å ropa hurra! Det har sett spøke ut, me har fått
lovnadar ofte, og eg har ikkje hatt tru på det i det heile tatt. Men
dette er historisk og betyr ei stor forandring for Skånevik, seier ein
glad vegentusiast til Grannar. Les
meir i Grannar
30.07.09 - Ekstremt moro
Grannar: Samferdselspolitikaren Steinulf
Tungesvik har nå sjølv prøvd strikkhoppinga i Åkrafjorden. Han har vore
ein viktig pådrivar for å få til strikkhoppinga frå Trolljuv bru, og
står nå klar på brua med seletøyet på seg.
— Angrar du nå på at du har gitt lov til dette?
— Nei, det nyttar ikkje å tenke sånn, seier senterpartipolitikaren
Steinulf Tungesvik mens han går opp på den vesle plattforma på brukanten
og gjer seg klar til å hoppe utfor.
Og før ein får sukk for seg, fer han utfor med eit høgt brøl så det
gjallar i Åkrafjorden. Les
meir i Grannar
og i
Haugesunds Avis
21.07.09 Barnas blomsterdag
Linda Bøthun:
Fredag 24.juli arrangeres Barnas Blomsterdag for aller fyrste gong.
Alle born mellom 5 og 15 år kan komme og lage sin eigen
blomsterdekorasjon, men hjelp frå blomsterdekoratørane ved Skånevik
Blomster og Gaver. Alle vil få utdelt materiale til å lage ein
blomsterdekorasjon som dei etterpå får med seg heim.
Der vil vera ein ferdig modell som borna kan sjå på, og tips og råd
under arbeidet, for dei som ynskjer det. Påmelding er fint – ellers er
det ”fyrste mann til mølla”. Det vil koste kr.150.- pr.deltakar ,
for å dekke varekostnadar. Me startar kl.12.00 og held på så lenge
der er deltakarar. Kvar gruppe vil få ein time til å gjere dekorasjonen
sin ferdig.
Ideen til denne dagen fekk me då me arrangerte DM (distrikts mesterskap)
i blomsterdekorering her i Skånevik i april i år. Me hadde då samla 14
blomsterdekoratørar frå heile distriktet for å kåre distriktets NM (norges
mesterskap) deltagar. Alle deltagarane fekk to oppgåver med
blomearbeider som skulle lagast på ei viss tid. Etterpå blei arbeida
bedømt av to fagdommerar. Då alle var samla for poengutdeling kom ei
lokal jente (Kamilla Bøthun Vik) tilbake med eit fint lite
blomearrangement. Ho var blitt så inspirert at ho gjekk ut og laga noko
fint av kvitveis, mose og gummistrikk. Og av dette kom ideen til Barnas
Blomsterdag.
Så nå håpar me å så ei spire til nye blomsterdekoratørar til Skånevik
Blomster og Gaver og Interflora. Velkommen!
13.07.09
Etne løpsfestival stor suksess
Grannar: Etne Løpsfestival gjekk av stabelen
for første gong 11. juli. Dette arrangementet, som skal erstatte ”Fjordalangs”,
blei ein stor suksess frå første stund. Det var i underkant av 200
personar som var påmelde til opningsåret, noko leiar i IF Klypetussen og
eldsjel Gisle Sellevold ikkje kan beskriva som noko anna ein
braksuksess.
- Det er utan tvil over all forventning og det er noko som er svært
kjekt å sjå for oss som driv på med dette til dagleg. Eg må og få takke
alle som har stilt opp frivillig og som har gjort dette arrangementet
mogleg, seier den sympatiske løpsentusiasten. Han legg til at det er
godt å få maratonet av stabelen, for første gong på IF Klypetussen sine
arrangement. Les
meir i Grannar
10.07.09 Braksuksess med
Pippipremiere
Grannar:
Publikum storkoste seg under premieren på Pippi-førestillinga under
Pippi-festivalen i Skånevik. Eit par små regndråpar var ikkje nok til å
setje ein dempar for ute-teatret i hotellhagen i Skånevik. Eit
forventningsfullt publikum fekk sjå ei strålande framføring av Astrid
Lindgrens udøydelige forteljing om Pippi Langstrømpe. Blandinga av
profesjonelle skodespelarar og entusiastiske og flinke
amatørskodespelarar skapte store mengder av latter hos både born,
foreldre og besteforeldre. Ein av dei lokale heltane var Martin
Kristiansen frå Skånevik. Han hadde tre roller under showet.
— Eg hadde litt nervar, men det var likevel kjekt, forklarar
skodespelartalentet. Les
meir i Grannar Les
meir i innsida.no
07.07.09 Fire dagar med verdas
sterkaste jente
Innsida.no:
Det er duka for den andre festivalen i Skånevik på ei veke. Denne gong
er det Pippi Langstrømpe som står i sentrum. Regien for Pippiteateret er
kvinnhering, og i rollene finn vi folk frå Bømlo og Skånevik.Til helga ser nok ein
festival dagens lys for fyrste gong. Det skulle vel berre mangla om
Astrid Lindgren-figuren Pippi Langstrømpe, verdas sterkaste jente, ikkje
også skal ha sin eigen festival.
Arrangørane håpar Pippifestivalen kan bli ein årviss teatertradisjon i
bygda. – Målet er eit svar på Sørlandet sin suksess med Kaptein
Sabeltann, heiter det i ei pressemelding.
Les meir på innsida.no
06.07.09 Ein strålande festival Haugesunds Avis:
Alf Warloe Christophersen oppsummerer helgas bluesfestival med seks ord;
fantastisk. Beste bluesen vi har hatt. Og han er ennå ikke tom for
superlativer.
- Nå har jeg det helt perfekt. Hele helga har gitt oss masse energi til
å starte arbeidet med å planlegge neste bluesfestival, sier ildsjelden
til h-avis.no.
Publikumsrekord
Cirka 15.000 mennesker tipper Christophersen at har vært innom
bluesbygda denne helga.
Storinnrykket
tror han skyldes en kombinasjon av strålende vær, givende artister og
perfekt geografi.
01.07.09
Konsert med Norwegian Cornett & Sackbuts
Astrid A. Johnsen: Velkommen til konsert
med Norwegian Cornett & Sackbuts Skånevik kirke torsdag 23.07.2009 kl.
19.30. Norwegian Cornett & Sackbuts (NCS) er et unikt profesjonelt
tidligmusikkensemble som spiller renessanse- og barokkmusikk på
historiske messinginstrumenter. Ensemblet er det eneste av sitt slag i
Norge, og markerte seg internasjonalt da de var finalister i den store
internasjonale konkurransen for historisk brassmusikk, ”Premier Concours
de Cuivres Anciens de Toulouse” som ble arrangert i Frankrike 2006.
Ensemblet er nylig tatt ut til finalen i ”International Young Artist’s
Presentation”, som arrangeres i Antwerpen, Belgia, i slutten av august
2009. Les
meir
29.06.09 Sambafotballens nye elev Grannar:
Leo Andre Markhus (16) er i ferd med
å få fotballdraumen oppfylt. Etter ferien drar han til Chile for eit
langt treningsopphald i ein chilensk toppklubb.
I slutten av august set den unge skåneviksbuen seg på flyet til for eit
ni månaders langt gjesteopphald i den tradisjonsrike eliteserieklubben
Santiago Wanders. Julio Andres Nunez, hans chilenske trenar som kom til
Skånevik for tre år sidan, såg snart at den engasjerte guten hadde
talent og lidenskap for fotball
— Eg sa til han at om utviklinga gjekk rett veg, ville eg prøva å ordna
eit treningsopphald i Chile, seier Nunez til Grannar.
Utradisjonell
I Skånevik blei Julio Andres Nunez snart trenar til det som nå er G16
år. Gutespelarane er nøgde med trenaren sin, og fortel at dei har fått
både søramerikansk stil og kultur på laget. Ikkje utan grunn vert han
kalla ein utradisjonell trenar. Les
meir i Grannar
23.06.09 Pippifestival i Skånevik Skånevik Fjordhotel:
’Alle’ har et forhold til Pippi Langstrømpe, og derfor har ildsjeler i
Skånevik tatt initiativ til enda et nytt og fargerikt festivalkonsept! Festivalen
skal gå over fire dager fra torsdag 9. juli til søndag 12. juli, og det
blir seks teaterforestillinger totalt disse dagene. I tillegg til
teateret skal det være alle slags aktiviteter i bygda for både voksne og
barn disse dagene. Programmet kommer i neste uke. Hvis du kommer
langveis fra er det lurt å bestille rom så snart som mulig. Det er
ledige senger på fjordhotellet, så ring resepsjonen på telefon 53 77 07
00 for å bestille rom og billetter! Les
meir
23.06.09
Adam og Eva og Etterpå
Det er eit jubileum og ein tradisjon. Det er det
femte året det vert arrangert kollektiv kunstutstilling på
Sildafabrikken i Skånevik. Utstillinga har dei tidlegare åra hatt
opp til 350 besøkande på fire dagar og den har vore ein stor suksess.
Utstillinga går parallelt med Skånevik Bluesfestival og har desse
deltakarane: Anna Christina Lorenzen, Kjersti Lunde, Ane
Sagatun, Malene Bjørge, Ylve Thon og Elisabeth N. Emmerhoff.
Velkommen til opninga av Adam
og Eva og Etterpå onsdag 1. juli kl. 19.00. Les meir
19.06.09 Stener superpatriot Grannar:
Snart 90 år gammal held framleis
Stener Karlsen liv i pølsebua og på sidelinja for fotballmiljøet i
Skånevik. Innsatsen blei nok ein gong heidra, men sjølv meiner Stener
det er han som bør takka. Det er ikkje mange fotballag som kan
flotta seg med så trufaste og hardtarbeidande dugnadsånder som
Skånevik. 30. juni rundar Stener Karlsen frå Skånevik 90 år, men ser
ingen grunn til å pensjonera seg frå den 75 år lange dugnadskarrieren
for Skånevik-idretten av den grunn.
Sjølv har han aldri vore særleg aktiv på banen, likevel har Stener
brunne for idrettsmiljøet og stått fotballaga bi i tjukt og tynt.
Laurdag, under Torgdagane, blei den trufaste supporteren, som nærast er
blitt ein institusjon i bygda, heidra av heile fotballmiljøet, men
Stener sjølv meiner ikkje det er han som fortenar takk.
— Eg har hatt så enormt mykje glede av å vera med fotballgjengane både
på kampar heime og reiser ut. Og eg skal vera atterhalden med å lova
noko, men eg vil vera med så lenge beina ber meg, seier Stener.
Les
meir i Grannar
17.06.09 Bluesprisen til SMV og
Lars Hovda Grannar:
August Hjelmervik i Bluesbygdprosjektet,
delte ut pris for årets ildsjel i bluesbygda. I år gjekk dette til SMV,
ved Lars Hovda, for sitt engasjement i Skånevik.
Sjå
Grannar sin biletalbum frå Torgdagane.
14.06.09 Ja til forskottering Fylkestinget i
Hordaland: (Vedtatt samrøystes den 09.06.09:)
Fylkestinget godkjenner at Etne kommune får løyve til å forskottere
inntil 15 mill. kr til opprusting, oppgradering av ca. 1 000 meter av Fv
34 og bygging av gang- og sykkelveg frå Skånevik kai til idrettsanlegget
i Skånevik.
Refusjonstidspunktet vert fastsett i samband med handlingsprogrammet for
det fylkeskommunale vegnettet 2010-2019 og forskotteringa vert refundert
utan renter og kompensasjon for prisauke.
12.06.09 Dugnad på leikeplassen Liv Astrid H. Hesjedal:
Heilt sidan leikeplassen i doktorhagen stod ferdig i 2003 har den vore
ein populær stad for heimeverande mammaer på føremiddagen. Det er knapt
ein dag utan at ein kan sjå folk på benkane og høyre lyden av born i
leik når ein går forbi nede på vegen. Også ”daddene” i bygda er flinke
til å nytta staden på ettermiddagane når dei er ute å trillar.
Torsdag denne veka vart det halde ein liten dugnad der det vart rydda
litt, fylt opp i sandkassen, luka, lagt ut nye leiker og sett opp
fotballmål. Etter at arbeidet var utført vart det grilling og utprøving
av alt det nye for store og små.
I 2006 fekk me støypt oss ei gruve der oppe og sidan det har det vorte
servert mange svidde, rå og halvsteikte pølser til svoltne små magar.
Det har også vore arrangert st. hans feiring fleire år med grilling og
kos litt tidlig på kvelden slik at alle søte små kjem seg i seng til
rett tid. Dette satsar me på i år også så det er berre å møte opp med
grillmat, varme klede og godt humør.
09.06.09 Skånevik skule og Rasmus
Løland
Astrid Eidhammer Hjelmeland,
Norsk Plan as:
Skånevik skule er i vår blitt med på eit femårig pedagogisk opplegg i
regi av Markeringa Rasmus Løland 2007-2011 i Suldal. Fokus for opplegget
er auka lese- og skrivelyst og å få auka kjennskap til lokal identitet
og lokalmiljø. Måndag 8. juni hadde dei to framsyningar på skulen
for barne- og mellomsteget.
Sjå klassen sin eigen blogg.
Og her
er omtale av Skånevik skule på Nashornet (Løland-markeringa
2007-2011 si heimeside)Kontaktlærar på Skånevik skule er Hege Garvik
04.06.09 Musikk og song i ein
kveldstime Astrid Askeland
Johnsen:
Søndag 7. juni kl. 20:00 i Skånevik kyrkje. Sopranen Luitgard Kühne.
Organist
Kris Ulita. Organist/dirigent Lars Eirik Tjeldflåt. Skånevik kyrkjekor.
Alle velkomne!
Søndag kveld innbyd ein til ein kveldstime med ord og tonar i Skånevik
kyrkje. Songane og musikken har mange tema og femner vidt. Me har feira
pinse og går inn i den grøne delen av kyrkjeåret. Det kjem samlinga
søndag til å bera preg av. Det er Skånevik sokneråd og Skånevik
kyrkjekor som arrangerer. Kyrkjekoret sluttar med denne samlinga av for
sommaren og ynskjer å dela av det ein har arbeidd med dette halvåret.
Organist Kris Ulita spelar stykker for orgel. I tillegg vil me syngja
ein del salmar i lag, både kjende og mindre kjende og syngja oss inn i
sommaren.
Spanande er det at
me denne kvelden får vitjing av sopranen Luitgard Kühne. Ho er tysk,
utdanna frå m.a. konservatorium i Essen og Wuppertal, men no busett i
Kvinnherad der ho er tilsett i musikkskulen. Ho har hatt oppdrag ved
fleire store oratorieframføringar i Tyskland og i operaoppsetjingar.
Denne kvelden får me høyra Bach-koralar i tillegg til songar frå den
romantiske perioden av musikkhistoria.
Skånevik kyrkje er
eit godt rom både til å syngja i og til å lytta i. Kyrkja gjev difor
høve til både oppleving og deltaking. Det
er å vona at mange finn vegen denne kvelden.
03.06.09 Doktorgrad til Catharina
Christophersen Norges Musikkhøgskole:
"Rytmisk musikkundervisning som
estetisk praksis - en casestudie" er tittelen på Catharina
Christophersens avhandling. Hun disputerer på Norges musikkhøgskole
fredag 5. juni kl 9.00.
Catharina Christophersen er født i 1969, og kommer fra Skånevik i
Sunnhordland. Hun er utdannet allmennlærer med musikk, og har hovedfag i
musikkpedagogikk. Christophersen har bred musikkfaglig bakgrunn og
allsidig undervisningserfaring. Hun er ansatt ved Høgskolen i Bergen,
avd. for lærerutdanning, musikkseksjonen. Les
meir
20.05.09 På reisemåljakt i Etne
kommune Grannar:
Erica Hewitt og mannen Tato frå den internasjonale reiseoperatøren
Contiki er på jakt etter nye opplevingsreisemål på Vestlandet. Etter
opphald i Etne, har dei oppdaga Åkrafjorden og Skånevik, og blitt
overtydde om internasjonalt turistpotensiale. Reisebyrået Contiki driv
verdomspennande turistverksemd, mellom anna innan større cruise- og
skireiser i Europa. Etterspurnaden etter fleire og nye opplevingsturar
har auka på dei siste åra, og reiseoperatøren er på jakt etter nye
turistmål for større grupper.
Erica Hewitt og mannen arbeider i på Mallorca for Contiki og møtte
skåneviksbu Victor Carlsen på cruisetur for to år tilbake. Sidan har dei
haldt kontakten, og då ekteparet spurte etter tips om nye
opplevingsruter i Noreg, var Carlsen kjapt ute med forslag på
Haugalandet. Dei siste dagane har Contiki-medarbeidarane vore på
rundtur, og tatt pulsen på reisemåla Skånevik og Åkrafjorden i Etne.
Les
meir i Grannar
19.05.09 Besøk på Motormuseet Haugaland Veteranbåtlag:
I anledning av at vi fikk tilbud om å overta et smøreapparat til
Bolinderen fra Norsk Motormuseum i Skånevik,
og de ønsker å opprette en egen avdeling for Bauerapparater/historie,
ønsket
Sigurd Eikemo ved museet at
Magnus Bauer-Nilsen tok en tur inn dit.
Det passet da godt å invitere Magnus med for å hente apparatet, også
fordi det var flere apparater å velge i. Magnus ønsket at hans bror
Olav også kunne bli med, dermed var vel så mye
Bauerhistorie samlet på et brett som vel mulig pr. i dag.
For meg personlig, som en ”jypling” som ikke en gang har rundet 60, var
det en opplevelse å høre på alt disse karene er interessert i og vet, og
ikke minst husker. Hvis jeg om 20-30 år vet og husker en brøkdel
av det de gjør, skal jeg prise meg lykkelig. Les
meir på deira webside
18.05.09 Auke i fire av seks samband Innsida.no:
TIDE Sjø AS sin april-statistikk viser auke i biltrafikken i sambanda
Løfallstrand – Gjermundshamn, Utåker – Matre – Skånevik, Fjelberg –
Sydnes – Utbjoa – Skjersholmane og Hodnaneset – Jektevik – Nord-Huglo,
medan det har vore nedgang på sambanda Skjersholmane – Ranavik og
Langevåg – Buavåg.
Opp…
I april dette året vart 17.477 bilar (25.248 personbileiningar) frakta
over fjorden mellom Løfallstrand og Gjermundshamn. Det er ein auke på
nær 10 prosent i høve til april 2008.
35.231 passasjerar reiste med dette sambandet i årets fjerde månad – det
er 18 % fleire enn same månad i fjor.
I sambandet Utåker – Matre – Skånevik var det frakta 7089 bilar – 16
prosent meir enn i april 2008 (personbileiningar: 9,9 % auke). Ferja
frakta også 13.965 passasjerar – 22 prosent fleire enn same månad i
fjor. Les
meir i Innsida 14.05.09 Usikker tunnel blir
sprengt bort Grannar:
Den mykje omtalte Tungesvik III-tunnelen blir fjerna i løpet av hausten.
Restane av tunnelen skal brukast til utbetring av vegen mot Skånevik.
Etter mange års diskusjon om sikring
av tunnelen, skal Tungesvik III-tunnelen på vegen til Skånevik frå
Håland sprengjast bort i september. Ved fleire høve er det ropt varsko
om lausmassar og steinhagl frå taket i tunnelen som er den tredje
tunnelen på vegen til Skånevik. Sigve Håland har i fleire år hatt
vintervedlikehald på vegen og slått alarm om den farlege tunnelen.
Endeleg kan han pusta letta ut på vegne av dei som til dagleg brukar
vegen.
— Eg har skunda meg gjennom tunnelen kvar gong eg køyrer på vegen, og
det var på høg tid han blir fjerna. Gjennom åra har eg sett tunnelen bli
verre og verre. Det er mykje vatn som pressar på, og når frosten kjem
kan det bli svært farleg, meiner Håland. Les
meir i Grannar
11.05.09 Flåtten bekymrar
småbarnsforeldre Grannar/Radio102:
På det verste har Jonathan Vika (5) komme heim frå barnehagen med over
30 flått på kroppen. Foreldra i Skånevik fortvilar, og er bekymra for
kva risiko stikka vil utgjere på sikt. Kvar kveld må foreldra fram med
pinsetten for å sjekke han og broren Aron for flått. I fjor haust hovna
Jonathan sitt kne opp kvar kveld.
Mor Siren tok sonen med til legen for å utelukke borreliasmitte.
Blodprøven viste at femåringen hadde bakterien i seg, men at den ikkje
var aktiv.
— Ikkje ein einaste dag går utan at me finn flått på kroppen til
Jonathan og Aron. Flåttsjekken kvar kveld har blitt like obligatorisk
som tannpussen. Legar og barnehagepersonell rår oss til å kle på ungane,
men det hjelper lite når flåtten i hovudsak festar seg i nakken og
hovudbotnen hjå gutane.
Dessutan er det vanskeleg å nekta ungane å gå med shorts og mindre kler
på varme vår og sommardagar, fortel Siren Vika til Grannar. Les
meir i Grannar
Høyr intervju
05.05 Bulystprosjektet for
Etne kommune Rådmannen i Etne
kommune:
Bulystutvalet ”Etne United” har lagt fram sin rapport
4000-innbyggjarkommunen Etne” for kommunestyret i Etne. Denne inneheld
forslag til tiltak på korleis auka attraktiviteten til Etne Kommune for
dagens og potensielle innbyggjarar, samt alternative måtar å organisera
framtidig satsing på bulyst og aktiv folketalsutvikling i Etne Kommune.
Etne
Kommune sitt arbeid med folketalsutvikling kan ha budsjettmessige
konsekvensar og bør handterast i samband med budsjettprosessen 2009.
Samstundes er det ynskjeleg å halde oppe fokus på temaet i perioden fram
til dette.
Les rapporten
05.05.09 Vennskapet med Israel
Bergens Tidende gir i ein artikkel
på nærare to sider søndag den 3. mai omtale av boka «Glemt av sine egne»av
sogneprest i Etne Jens Olav Mæland. Også dagen etter støttar
redaktøren i BT, i sin leiarartikkel, Mæland sin beskriving av
konflikten i Midt Austen:
Mange nordmenn har nyorientert seg i forholdet til Israel. Nå står de
kristne israelsvennene for tur. DRØYT FEMTI ÅR etter opprettelsen av
staten Israel øker kritikken mot den sionistiske nasjonen. Holdningen
blant nordmenn flest er blitt radikalt endret de siste 20 årene. I 1948
ble den nye staten båret frem på en bølge av sympati som var lett
forståelig: Hitlers holocaust var bare noen år unna. Nå skulle et folk
uten land slå seg ned i et land uten folk. Det folketomme landet lå dess
mer i et område der jødene hadde hatt tilhold i tidligere tider. Kunne
det bli bedre?
FORESTILLINGEN OM at det ikke bodde folk i Palestina var falsk. Der
bodde det palestinere. Det var naturligvis et problem for de jødiske
innvandrerne, som skulle skape en jødisk stat – bare for jøder. Derfor
ble halvparten av palestinerne – om lag 700.000 – til dels under store
grusomheter fordrevet fra sine hjem. Resten ble som ikke-jøder redusert
til annenrangs borgere. De utgjør i dag en femtedel av Israels
innbyggere. Les meir
Kjøp bokaLes meir
i Grannar
29.04.09 Vil forskotera vegen Etne kommunestyre
har mot ei stemme (Arnold Solheim KRF) vedteke å søka fylket om å få
forskotera gang - og sykkelvegen og mellom Skånevik sentrum og
Idrettshallen med inntil kr. 15 mill. Viss fylket godkjenner søknaden er
vegen fullfinansiert og ein kan truleg starta det praktiske arbeidet i
forlenginga av arbeidet med Kathinkasvingen. Dette er eit svært
bra vedtak for Skånevik og Etne kommune.
29.04.09 Yrande
fotballinteresse blant dei minste
Liv Astrid Hesjedal:
I Skånevik har det ikkje vore nokon tradisjon på å ha fotballag til dei
under ti år, men ved nyttår vart dette endra. Raimund Sæle tok på seg
trenaransvar for første klasse medan Margareth Bull-Tornøe tok dei tre
neste års trinna. Margareth som sjølv har uttalt at ho har svært lita
greie på fotball får god hjelp frå Leo Markhus som saman med eit par
andre ungdomar dannar trenar teamet for om lag 25 jenter og gutar.
Laurdag 25. april stilte Skånevik for fyrste gong med lag i Vikeputten,
ein stor fotballcup i Vikebygd der over femti lag er med og her var det
mange ivrige spelarar som var med på sin første fotballkamp. Skånevik
melde på fire lag, alle i blanda klasse og alle med fem spelarar, dette
for å vera sikre på å få nok born til kvart lag. Etter å ha delt ut
drakter til alle viste det seg at øve tretti born hadde møtt opp til dei
fire laga og det vart mange byte for å la alle spele.
Alle laga fekk spele tre kampar kvar og det vart både store tap og
flotte sigrar for dei ferske laga. Born og trenarar var alle samde om at
det var ein super dag og dette gav meirsmak til meir trening og fleire
kampar. No som sesongen er i gong ventar kampar nesten kvar veke for
nokre av klassane medan andre berre satsar på cup deltaking. Med ei så
stor interesse for fotball blant dei minste ser det heilt klart ut til
at a-laget vårt går ei lys framtid i møte!
26.04.09 Klar siger i første kampen Skånevik møtte det
andre laget som rykka opp frå 7. divisjon i fjor, Fitjar 2, til sin
første kamp i 6. divisjon denne sesongen. Første omgang var
relativt jamnspelt og det sto 0-0 ved pause. Etter kvilen tok
Skånevik fullstendig over og då kampen var over hadde Heine Andre
Løhaugen, Erling Åsheim og Arve Ribesen scora kvart sitt mål. 3 -
0 til Skånevik var eit rettferdig resultat for kampen sett under eitt. Les meir
25.04.09 Turistbåtruta berga Innsida.no: Hordaland
fylkesutval har løyvd 265.000 kroner i tilskot til turistbåtruta mellom
Leirvik og Åkrafjorden i 2009.
– Hurra, me manglar nokre kroner, men no vågar me å satsa på tre dagars
turistbåtrute frå midten av juni og ut heile sommaren, seier dagleg
leiar i Åkrafjorden
Oppleving, Liv Kari Bødtker, til Haugesunds Avis.
Dei to siste åra har Åkrafjorden Oppleving AS tilbydd tre vekentlege
rundturar med MF «Rygerspeed» i Åkrafjorden retta mot turistmarknaden.
Båten har plass til femti passasjerar, og går frå Leirvik til Teigland
via Sæbøvik, Skånevik, Utåker, Åkra og Kyrping. Les meir
20.04.09 Vegoptimisme Rådmann Elling Hetland spreiar stor
optimisme for at opparbeiding av G-S vegen langs og utbetring av sjølve
E34 frå Skånevik sentrum til stadion vil bli gjennomført om ikkje lenge,
når han i
sitt forslag til politisk handsaming av sakja tysdag 28. april ber om at Etne kommune søkjer Hordaland Fylke om å få
forskottera inntil kr. 15 millionar. Fylkeskommunen har løyvd
kr. 1,5 mill. til oppgradering av litt av strekninga ( Katinkasvingen )
og dette arbeidet er lyst ut på anbod og skal starta om kort tid. Det er
stor grunn å tru at kommunestyret seier ja til søknaden, sidan ein ved
fleire høve, m.a. dei to siste budsjetthandsamingane, har sagt at dette
er noko som er svært viktig for kommunen å få orden på. Dei
fleiste politiske partia har også dette på programmet for inneverande
periode.
Vegvesenet har
kostnadsrekna denne strekninga samla til ca. 17 mill. kr og dersom
Hordaland Fylkesting seier ja til søknaden er heile arbeidet
fullfinansiert. Det er å håpa at arbeidet kan bli gjort i løpet av
hausten og vinteren. Det er grunn til å berømma administrasjonen
og den politiske leiinga i Etne kommune for at ein legg opp til eit
ekstraordinært K-styremøte for at søknaden skal bli sendt tidsnok
til fylket for avgjerdsle før sommarferien.
15.04.09 Programmet er klart Ein
har jobba hardt for å få på plass ei svært bra artistliste til årets
bluesfestival. Siste artisten er no klar: Rock'n Roll legenda Alice
Cooper (US) kjem til Skånevik den 4. juli. Vi kan også nemna store
artistar som det verbale fyrverkeriet Beth Hart (US), Watermelon Slim &
The Workers (US),
i
2008 vant dei to Blues
Music Award for beste CD og beste Bluesband,
Vasti Jackson og Ellis Hooks (US) og "verdas beste søskenband"
Trampled Under Foot
(US).
Les meir på
websida til festivalen og i
Haugesunds Avis
02.04.09 Utsending av kjøretøy frå
SMV SMV:
Fredag 20 mars startet transport av kjøretøy laga ved
SMV som skal sendast
heilt til Hydro Aluminium sitt nye anlegg i Qatar. Kjøretøya er store -
3,2 m breie, så her må vi bruke spesialtransport heile vegen. Første
etappe går frå Skånevik til Søral, der dei blir lasta om i ein større
båt.
02.04.09 Idrettslaga er
vinnarane Grannar: Grasrotandelen sper
på økonomien til lag og organisasjonar i regionen. Best ut kjem
Idrettslaga IF Klypetussen og Skjoldar IL.
Dei to idrettslaga har så langt fått 8.838 og 7.321 kroner meir rutte
ein månad etter at ordninga blei innført. Sjølv om Klypetussen og
Skjoldar tronar på topp av statistikken over størst overskot til
klubbkassa så langt, er det Etne IL som har desidert mest givarar i Etne
kommune.
Heile 78 personar har til no gitt sin støtte til idrettslaget i Etne.
Skånevik IL hamnar på ein andreplass med 27 givarar. I Vindafjord
kommune er givargleda størst til Ølen idrettslag. 80 personar har gitt 5
prosent av den samla tippesummen til laget. Skjoldar IL kjem ut som ein
god nummer to med 60 gjevarar. Les meir
i Grannar
01.04.09 Feiring av påsken i Skånevik! Skånevik
Fjordhotel: Vi inviterer til påskefeiring med mykje
vårstemning, god musikk, mat og drikke.
Påskearrangement i Skånevik
Påskeonsdag: Konsert med Vestlandsfanden,
House of Blues
Skjærtorsdag: Ein smak av Italia, nyopning av Blonder & Blues
Langfredag: Påskequiz
Påskeafta: Konsert med Meet, Skånevik Fjordhotel
29.03.09
Jespersen på 7. plass i NM Grannar:
Både Chris
Jespersen og Thomas Vestbø markerte seg under femmila under NM i
langrenn i helga. Chris Jespersen (25) frå Skånevik gjekk inn til ein
sjuande plass på femmila fristil under NM på Røros laurdag. Han kom inn
til mål på tida 2.05,1, berre eit hundredels sekund bak sjette plassen.
Thomas Vestbø (20) frå Sandeid gjorde også eit godt løp og kom inn på
tida 2.09,7. Vestbø sikra seg dermed 13. plassen etter rennet. Les meir
i Grannar
19.03.09 I løvas hole Grannar:
Sjokket og
skuffelsen i Etne Senterparti var stor, etter at stortingsfavoritten
Steinulf Tungesvik blei vraka som førstekandidat til fordel for Kjersti
Toppe i haust. På tysdag måtte Toppe svara for seg på Etne Sp sitt
medlemsmøte. Tidlegare statssekretær og nå fylkesleiar i Hordaland
Senterparti, Steinulf Tungesvik blei offer for ein hestehandel som til
slutt førte Kjersti Toppe frå Bergen opp til første plassen på
nominasjonslista til Hordaland Senterparti. Tungesvik hadde ein samla
nominasjonskomité i ryggen, og tapte voteringa med ei stemme, då eit av
medlemmene i komiteen snudde under valet. Strategien for motaksjonistane
var å få stordabuen Jacob Bjelland på andre plass.
Dåverande leiar i Etne Senterparti, Sigve Sæle melde seg i protest ut av
partiet etter sjokknominasjonen. Han meiner Tungesvik ville gitt
Hordaland Sp moglegheita til å trekkja mange nye veljarar, men den gang
ei. Les meir
i Grannar
18.03.09 Kveldstete med Sigrid Undset Skv. Mållag: Den 20.
mars kl. 19.30 blir det ei uvanleg spennande kveldsete på MA-senteret
Toflebrekko i Skånevik. Skånevik Mållag står som vanleg som arrangør,
og hovudgjesten for denne kvelden er redaktøren for utanriksprogrammet
URIX i NRK Fjernsynet, Sigrun Slapgard. Ho kan meir enn
utanrikspolitikk! Ho har skrive ein stor biografi som har blitt svært
godt motteken om vår største kvinnelege forfattar, Sigrid Undset.
Det mest kjende
verket av Sigrid Undset er romantrilogien frå mellomalderen om Kristin
Lavransdatter, som også er blitt filma. Sigrid Undset fekk
Nobelprisen i litteratur i 1928. I mogen alder gjennomgjekk ho ei
religiøs krise som førte henne over til katolisismen. I mellomkrigstida
engasjerte ho seg i kampen mot nazismen, og ved krigsutbrotet valde ho
å dra til USA. Derfrå kjempa ho mot urettferda i skrift og tale.
Det blir utvilsamt
ein stor kveld med Sigrun Slapgard, og samlinga er sjølvsagt open for
alle. Det blir og kunstnarleg underhaldning og eit felles kveldsmåltid
under kveldseta. Vel møtt!
Skånevik Mållag.
13.03.09 No kjem Stordalstunnelen Grannar:
I løpet av få år blir det oppstart av
anlegget som skal gi ny Stordalstunnel.
Nasjonal
Transportplan (NTP) opnar for pengedryss over den smale og til dels
rasfarlege stamvegen gjennom Stordalen i Etne kommune. Alt i perioden 2010 til 2013 er det
føreslått statlege midlar til bygging av Stordalstunnelen.
Men trafikkantane må vera med å finansiera gildet. Prioriteringa er
avhengig av det blir tilslutnad til eit opplegg for delvis
bompengefinansiering av prosjektet, som omfattar bygging av ein om lag
1,4 kilometer lang tunnel. Les meir
i Grannar
10.03.09 Modig om
Midtausten Grannar:
Forfattar
og sokneprest i Etne, Jens Olav Mæland brukar sterke ord om statens
Israel i konflikta i Midtausten, når han nå gjev ut boka «Glemt av sine
egne», der dei kristne palestinarane sin lagnad står i fokus. Som
tidlegare feltprest i sør-Libanon, og gjennom fleire studieopphald i
Beirut og Jerusalem, har Mæland gjennom mange år fått nær kjennskap til
korleis konflikten påverkar palestinarane. Omlag 175.000 kristne
palestinarar bur nå i Israel og i dei palestinske områda, av omlag ein
halv million på verdsbasis. Sidan 1948, då omlag 750.000
palestina-arabarar blei fordrivne frå heimane sine, har også dei kristne
palestinarane lidd under konflikten og opprettinga av staten Israel.
Sidan kom seksdagarskrigen og okkupasjonen i 1967. Les meir
i Grannar
26.02.09 Flyktar frå finanskrisa Grannar: Han har rømt
heimland og er nå på jobbjakt i Skånevik. Islendingen EinarThómas
Bjørnsson (17) opplevde finanskrisa så vanskeleg at han ikkje såg anna
utveg. Bjørnsson kjem frå den vesle bygda Stöovarfjordur på austkysten
av Island. Som 17-åring er det ikkje uvanleg å ta eit pauseår frå den
fireårige vidaregåande utdanninga på Island. Bjørnsson hadde planen
klar, han skulle arbeida eitt år på fiskebåt etter sommaren, før vidare
utdanning, eit vanleg val for mange unge islendingar.
I løpet av hausten slo finanskrisa innover Island, arbeidsløysa skaut
fart,
til liks med låna og prisane, ogparallelt med ein dramatisk
valutakollaps.
Brorparten avBjørnsson sine jamaldrande vener går på arbeidsløysetrygd,
nok ei uviss støtte.
— Mange er usikre på om Island i det heile tatt vil ha råd til å betala
ut all arbeidsløysetrygd framover. Alt er berre kaos i heimlandet,
fortel den unge islendingen til Grannar. Les meir
i Grannar
20.02.09 Andemysteriet held fram Grannar:
Gjerningsmannen med forsmak for fjørkre har slått til igjen. Dei to
siste endene frå andedammen på Milja gard i Skånevik er nå sporlaust
borte. Femten moskusender har vore ei populær attraksjon ved dammen hjå
Margaret Bull-Tornøe på Milja gard i Skånevik. I januar var elleve av
dei sporlaust forsvunne, i februar var endå to borte vekk. Førre helg
blei det heilt daudt ved andedammen. Det siste paret var også forsvunne.
Som tatt av vinden.
— Me såg ikkje ein bloddråpe, ikkje ei fjør. Me forstår ingenting, seier
tidlegare andeeigar, Margaret Bull-Tornøe. Les meir
i Grannar
18.02.09 Held fram som fylkesleiar Grannar:
Trass
motaksjonen som fekk Steinulf Tungesvik (42) vraka som toppkandidat på
stortingslista i november, vel han likevel å halda fram som fylkesleiar
i Hordaland Senterparti. På det dramatiske nominasjonsmøtet i
slutten av november i fjor, blei Steinulf Tungesvik frå Skånevik, som
var innstilt på første plass av nominasjonskomiteen, vraka frå
toppkandidaturet. Ein hestehandel som førte Kjersti Toppe frå Bergen og
Jacob Bjelland frå Stord opp på høvesvis første og tredje plass på
lista, skuva Tungesvik ned på femte. Ein svært overraska Tungesvik sa
den gong til Grannar at han ville vurdera vervet som fylkesleiar.
— Eg er ikkje på
val nå, men vurderte etter nominasjonen å trekkja meg midt i perioden.
Nå vil eg likevel sitja vidare som leiar, fortel Tungesvik før
fylkesårsmøtet i Ulvik til helga. Les meir
i Grannar
17.02.09 For glatt for skyss Grannar:
Foreldre på Skånevikstranda syntest det var heilt greitt at bussjåføren
frå Skyss sette foten ned. Inge Tendal (54) har fartstid som bussjåfør
i over 22 år. Måndag morgon var forholda på vegen så dårlege at den
røynde sjåføren frå Skånevik valte å setja frå seg bussen. 20 skulebarn
som skulle til Skånevik skule, stod utan skyss. I ettertid har Tendal
berre fått positive tilbakemeldingar på avgjerda si om å setja barna sin
tryggleik først. Foreldre har takka han, og han har mottatt blomar.
— Etter mi første rute frå Skånevik til Etne måndag klokka 06.40 var
valet enkelt. Det var våt is langs heile vegen, og ingen spor av
salting. Barna blir prioriterte først. Det er tross alt menneske eg
fraktar, seier bussjåføren med fartstid på 22 år som bussjåfør.
Les meir
i Grannar
112.02.09 Skånevik Kulturfond Magnus
Hjelmervik oppretta stiftinga Skånevik
Kulturfond 1. november 2007. Stiftinga sitt
føremål er å verka til fordel for
kulturaktivitetar i Skånevik, gjennom utdeling
av økonomisk påskjønning til slike aktivitetar.
Politiske og religiøse aktivitetar er ifølgje
vedtektene ikkje å rekna med. Kvart år skal ein
dela ut 75% av avkastinga frå grunnkapitalen. Utdelinga skal skje kvart år
på Torgdagane. I 2009 vert det laurdag 13. juni. Les meir
29.01.09 Boliggruppe med suksess Nils Lavik:
Gruppenarbeider med å tilrettelegge for alle typer av bolig i Skånevik. Et
viktig fokusområde er å skape en møteplass for alle som tilbyr og
etterspør boligobjekter, for slik å stimulere til tilflytting og økt
aktivitet i bygda. Gruppen jobber bredt: Alt fra kontakt med og
påvirkning av myndigheter til planlegging, rydding og klargjøring
av tomter.
Det ferskeste
prosjektet er arbeidet med å etablere tomannsboliger sentralt i
Skånevik. Dette er ’seniorboliger’; en-etasjes og med såkalt
livsløpsstandard – som innebærer bedre plass, åpnere flater og dermed
også tilrettelagt for mennesker med bevegelseshemminger. Spørreskjema er
blant annet iferd med å sendes ut til samtlige skåneviksbuer over 50 år,
for slik å kartlegge interessen for eventuelt å flytte fra store
eneboliger til mindre og mer moderne leiligheter. Også i prosjektets
startfase ble det sendt ut spørreskjema til skåneviksbefolkningen, den
gang for å kartlegge interessen for både ungdoms- og seniorboliger.
Les meir
på websida til Bluesbygda
22.01.09 Krev tunnelomsyn til
bygdeborg Grannar:
Fylkesutvalet i Hordaland går inn for
å godkjenna tunnelalternativet mellom Skånevik og Etne. Men tunnelen må
ta omsyn til bygdeborga på Vad. Fylkesutvalet handsama saka i eit
møte i dag. Kommunedelplanen for tunnel mellom Etne og Skånevik blir
godkjent under føresetnad av at det skal innarbeidast dei naudsynte
reguleringane av omsyn til bygdeborga på Vad, der tunnelen skal koma ut
på Etne-sida.
Fylkesutvalet gjekk også inn for alternativ 1b, ved Leknes på
Skånevik-sida. Fylkesutvalet seier også om at det skal innarbeidast
avbøtande tiltak for tunnelpåslaget i Skånevik.
Grannar og på
Tunnelselskapet si side.
16.01.09 Fire alt klar for
festivalen Skånevik
Bluesfestival har alt fire gode amerikanske artistar klar for
sommardagane 2. - 4. juli.
Ingen ringare enn legendariske
Watermelon Slim & The Workers (US) er første band som er klar for
Skånevik
Bluesfestival 2009. I 2008 vant dei to Blues
Music Award for beste CD og beste Bluesband. Det
musialske og verbale fyrverkeriet Beth Hart (US) kjem også.
Vasti Jackson (US) laga eit
stort show i fjor og kjem tilbake i år! Ellis Hooks (US) er av
same kaliber og kjem også. Du har verkeleg noko å sjå fram til i
Vestlandets Blueshovudstad. Websida til
festivalen
Haugesunds Avis
16.01.09 Gjer klar til solfest Nils Lavik:
Rundt 20. november kvart år forsvinn ho nemleg frå Skånevik. Mot slutten
av januar kjem sola endelig attende, noko vi sjølvsagt feirar med brask
og bram. Staden er Skånevik Fjordhotel, laurdag den 24. januar 2008.
Dørene opnar 19.00.
Solfestarrangementet inneheld spanande solmat med freistnader ifrå
varmare strøk og livemusikk. Ta med solskinshumør og sommarlengsel for
ein minneverdig solfest på fjordhotellet – og ifør deg gjerne eit
antrekk som gjev assosiasjonar til blå himmel, 30 grader og milelange
sandstrender! 20.00- 21.30:
Solmat i restauranten Ca 22.00: Konsert
og dans med Strait Ahead Pris: 200,-/ person (solbuffé
og konsert/dans) Les meir
16.01.09 Skånevik tunnel: - Gjekk vegen Grannar:
Samferdselsutvalet i Hordaland har behandla
trasevalet for Skånevik-tunnelen denne veka.
Utvalet gjekk samrøystes inn for å tilrå det modifiserte
tunnelpåhogget på Vad 2-alternativet på Etne-sida og å trekkja
protesten som var varsla. På Skånevik-sida gjekk utvalet inn for
alternativ 1b.
— Nå er det å håpa på at fylkesutvalet i sitt møte 21. januar
fylgjer opp den positive behandling, kommenterer prosjektleiar
Victor Carlsen jr. overfor Grannar.
Les meir i Grannar
08.0109 Skamroste Bluesbygda Grannar:
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) er begeistra for
stadsutviklingsprosjektet Bluesbygda Skånevik.
Onsdag vitja kommunal- og regionalministeren Etne kommune. Besøket blei
halde i Skånevik etter statsråden sitt eige ynskje. Der fekk ho vita
meir om prosjektet og om bluesfestivalen i Skånevik, som var opptakten
til det heile og som i år blir halde for tolvte gong.
Ho skamroste Bluesbygda Skånevik, som hennar departement er med og
finansierer, og var svært imponert over det ho fekk høyra.
— Prosjektet er i ferd med å bli landskjent, og er absolutt og
overførbart til andre kommunar, sa statsråd Meltveit Kleppa til Grannar
etter besøket. Les meir i Grannar
og på
hotellet si side.
05.01.09 I helikopter til nyårsfeiring Grannar:
Berdines Røgelstad (91) og kona Gunvor (80) er alt i gang med å
planlegga neste flytur. På nyårsaftan vart det godt vaksne paret henta i
helikopter og frakta opp i Skåneviksfjellet. Berdines fekk ein
støttande arm på det glatte føret frå nevøen Johannes Røgelstad, medan
Robert heldt pappa godt i handa.
På fjorårets aller siste dag bar det rett til vers frå Skånevik til
nyårsfeiring og overnatting i jakthytta på Nepestølsbakken. Gunvor og
Berdines Røgelstad fekk sin aller første fyketur og fekk meirsmak etter
den overraskande turen. — Det var som å sitje i ein stol heime i
stova vår, på eit par minutt var me oppe, heilt kjempefint.
Les meir i Grannar
31.12.09 Vinmonopolsaka:
Ikkje alle er skuffa Hans Olav Tungesvik:
Etter det kom avslag frå AS Vinmonopolet på søknad om polutsal i Etne og
Ølen, stod dei fram «i flokk og rad» og klaga si naud: Arne Bergsvåg,
Sigve Sørheim, Birgithe Klungland og Ole Strømø.
Alle er vonbrotne, og vonbrotet kjem av at det ikkje vert polutsal
verken i Etne eller Ølen det komande året. Dei uttalar seg som om det
nærast skulle vera ein menneskerett å ha polutsal mindre enn 30 km frå
heimstaden. Og dei konstaterer at mangel på polutsal fører til
handelslekkasje frå bygdene.
Nettopp det siste kan nok dei fleste av oss vera samde i og synast er
ille. Det er ikkje bra om folk i bygdene let vera å handla på
heimstaden fordi dei ved ein bytur kan kombibera polturen med kjøp av
andre varer. Her bør kvar og ein tenkja seg nøye om og heller passa på
at byturen berre skal ha eitt einaste føremål, om dei då ikkje heller
skulle droppa heile byturen!
Ingen av dei fire vonbrotne nemner eit ord om negative sider ved å ha
polutsal i bygda. Negative sider er det nemleg rikeleg av, og me er
utvilsamt svært mange både av foreldre og besteforeldre som slett ikkje
er skuffa over Vinmonopolet si avgjerd. Tvert om. Kvifor er du ikkje
skuffa over slik diskriminering av bygdene, kan du gjerne spørja.
Jo, her har du mitt svar:
All forsking viser at lettare tilgang på alkohol fører til auka
forbruk, og me veit alle ein god del om dei enorme skadeverknadane
alkoholen påfører einskildindivid, familiar og heile
samfunnsmaskineriet. Det dreiar seg om eit hav av sorg og ulukke. Når
me ser oss omkring i bygdene, veit me at tilgangen på alkohol er
rikeleg stor nok alt i dag.
Forskinga viser og at ei dobling av alkoholbruken fører til ei
firedobling av skadeverknadane. Det er ingen grunn til å tru at ikkje
slike skadeverknadar melder seg også i våre bygder når forbruket aukar.
Argumentet om «lovleg vare» held ikkje mot slike realitetar
Det er eit offentleg ansvar for politikarane i einkvar kommune å syta
for folket sitt ve og vel. Det er ikkje eigna til å fremja folket sitt
ve og vel å få etablert vinmonopolutsal i bygdesamfunnet.
Det klåre rådet herfrå er derfor: Dropp polsøknaden neste år!
Hans
Olav Tungesvik
(med åtte års fartstid i styret for AS Vinmonopolet.)
29.12.08 Romjulsturneringane Kari Johansson:
Skånevik
Idrettslag arrangerte dei årvisse volleyball- og fotballturneringane i
romjula. God oppslutning både av påmelde lag og publikum viser at dette
er populære arrangement.
Volleyballturneringa vart på 2. juledag arrangert for 15. år på rad, og
hadde heile 11 deltakande lag. Alderen varierte frå 13 til over 55 år,
noko som viser at dette er eit arrangement for heile familien. Finalen
var mellom ”Momle Gåsegg” og ”Lett blanding”, og som i kampen i
innleiande gruppespel var det ”Momle Gåsegg” som gjekk av med sigeren. I
år er det altså Rune Johansson, Tommy Johansson, Kari Johansson, Finn
Solberg, Bjarne Vika og Randi Håland som kan kalla seg
”Skånevikmeisterar i volleyball”J
Fotballturneringa
vart arrangert på laurdagen og hadde 6 deltakande lag. Alle laga møtte
kvarandre i dei innleiande kampane og det vart mange jamne og uavgjorte
kampar. ”Team Manpower” og ”Hålo FC” sanka inn mest poeng og møttest til
finale. Finalen var jamnspelt og etter 8 minutt var stillinga 1-1.
Finalen vart derfor avgjort på straffesparkkonkurranse. Keeperane på
begge lag gjorde ein god innsats, og det vart tatt 5 straffar frå kvart
lag før Stian Nedreskår klarte å sette første straffe i mål og dermed
sikre at ”Hålo FC” gjekk av med den prestisjetunge seieren. Med på ”Hålo
FC” var Christian Nilsen, Stian Nedreskår, Kjetil Nedreskår, Sveinung
Byre, Vidar Bersås, Håvard Matre og Lars Christophersen.
26.12.08 Vant Jule-Quizen
Det var det dyktige laget Ligrend 1 med Kjetil Børhaug som
kaptein som vant den store Jule-Quizen på House of Blues 2. juledag.
Etter heile fem rundar og ei temaoppgåve kunne Ligrend 1 bli hylla som
vinnar. Laget besto av Diana og Pål Christophersen, Sigmund og
Kjetil Børhaug og Sigurd Årvik. Dei hadde heile 110 poeng av 128
mogelege. Rett bak kom TT Group med Paul Tungesvik som kaptein og
Skålnes/Leknes med Knut Espen Tungesvik som kaptein. Det var heile
13 lag som deltok og alle laga gjorde sitt til at det blei ein spennande
og sosial kveld på House of Blues.
23.12.08 Statsråden besøkjer Skånevik Grannar: Statsråden
i kommunal- og regionaldepartementet opnar 2009 med å besøka dei to
Sp-styrte kommunane Vindafjord og Etne. Tysdag sjette januar dukkar
Magnhild Meltveit Kleppa opp i Vindafjord der ho vil gjesta Hogganvik
Landsby.
Dagen etter står Etne kommune for tur. Besøket er lagt til Skånevik der
statsråden blant anna vil ha møte med representantar for kommunen.
Temaet her blir «Bluesfestivalen, stadsutvikling og kommuneøkonomi».
18.12.08 Bulyst, fest og basar Bulystuvalet i Etne kommune:
2.
juledag, kl. 21.00 i «svingen» på Fugl Fønix gratis inngang
Det blir ETNE-QUIZ og eit raskt ÅRESAL
1. premie: To tomter i Etne kommune 2. premie: Fruktkorg 3.
premie: Strikkasokkar
Deretter blir det PUBKVELD - SKRID OPP RAUD LØPAR, BLI
SERVER-VELKOMSTDRINK OG TØRRE FAKTA - KANSKJE KJEM ORDFØRAREN?
Det blir sett opp buss frå Skånevik og tilbake att. Påmelding for
buss til tenestetorget innan 19. desember.
Pressemelding
Tlf.: 53 75 80 00
- Etne United
Bulyst-utvalet
17.12.08 Skånevik Blomster og Gaver Linda Bøthun:
Skånevik
Blomster og Gaver har no fått eiga nettside. Her kan du bestille di
blomehelsing. Me leverer blomebukettar og dekorasjonar av høg kvalitet
der du ynskjer. Gjennom Interflora kan me levera over heile verda.
Me
hjelper deg med å påskjønna ein kollega, overraska kjærasten, helsa til
ei forretningsforbindelse, overbringa ein kondolanse….. Det mesta kan
seiast enno betre med blomar. Hos oss er det lett å bestilla – me
sørger for at blomane blir leverte. Heimeifrå eller frå
kontorpulten kan du besøka oss på
www.skaanevikblomster.no.
06.12.08 Turneringar i
jula Knut Ness: Det blir turnering i
volleyball 2.juledag kl.11. Minst to av kvart kjønn på banen.
Påmelding til Kari Johanson tlf. 97 57 81 86. Fotballturneringa
vert 3. juledag kl.11.00. Eiga damepulje. Påmelding til Knut Ness
tlf. 91 13 73 81. Kvar turnering kostar 30 kr pr. spelar, som betalest i
hallen. Påmeldingsfristen er den same for begge turneringane: 1.juledag
kl.19.00.
02.12.08
Juleutstilling og fakkeltog Nils Lavik:
Sett av lørdag 6.desember fra kl.13.00 og utover
ettermiddagen. Da åpner ordfører Sigve Sørheim Åse
Dommersnes´juleutstilling i Galleri Brønnen, som avsluttes med fakkeltog
ned til Peparen for ny åpning av juleøya!
På utstillingen presenterer Åse nye og
eldre arbeider i streng, i tillegg til maleri og litt tegning. Et
spennende element med denne utstillingen er samarbeidsprosjektet med
Skånevik Skule. Les meir
Storslåtte gåver frå SMV!
(16.10.08)
Under jubileumsfesten til SMV delte
jubilanten ut gåver til Skånevik IL v/Kjersti Larsen kr. 150.000,
Skånevik Musikklag v/Mona Svendsby kr. 50.000 og Skånevik kultur - og
idrettshall v/August Hjelmervik kr. 100.000. Dei tre laga står for dugnadsånd og er eit nødvendig og positivt innslag og tilbod i
lokalsamfunnet i følge Adm. Dir. Lars Hovda ved SMV.
Velkommen til Skånevik
nett - informasjonskanalen om Skånevik i Etne kommune!