29.12.11 Tryggare med ny gangveg i Skånevik
Hordaland Fylkeskommune: Måndag 19. desember vart den nye gangvegen mellom kaien i Skånevik og idrettsplassen offisielt opna av fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes. Den rundt ein kilometer lange strekninga har fått utvida vegbana og eit tre meter breitt fortau. Langs vegen er det tilkomst både for Skånevik barnehage og Skånevik skule. I tillegg finn ein her avkøyringa til industriområdet.
Les meir på fylkeskommunen si side og i Haugesunds Avis
22.12.11 Utbetring billegare enn tunnel
Grannar: Å utbetre den eksisterande fylkesvegen mellom Skånevik og Håland vil koste 303 millionar kroner. Tunnel frå Etne-sida er prisa til 700 millionar.
Utgreiinga som Hordaland fylkeskommune har bestilt, tek for seg utbetring av Fv 48 mellom Skånevik kai og Håland som eit alternativ til tunnel, og er laga av rådgjevingsfirmaet Akvator på oppdrag frå Statens vegvesen.
I utgangspunktet skulle vegen planleggjast etter H2-standard, som vil seie 7,5 meter brei veg med gul midtstripe, men fordi slik standard vil føre til at ein nærast må byggje ny veg på heile parsellen, tilrår Akvator ein redusert standard med 6,5 meter vegbreidde. I dag er den asfalterte breidda mellom 5 og 6 meter, og fleire stader har vegen for sterk stigning og skarpe svingar.
Les meir i Grannar
19.12.11 Film om Skånevik Bluesfestival 2011
Sjå den offisielle filmen om Skånevik Bluesfestival 2011 som er lagt ut på YouTube.
Del 1 og
Del 2.
I Skånevik Kultur - og idrettshall: 26.des. Vollyballturnering, 28. des. Julemaraton
Velkommen skal du vera.
12.12.11 Brev til Etne kommune frå Skåneviksspeidarane
Kari Johansson: Me las først i Grannar og såg i forslaget til budsjett at Skånevik gamleskule skulle vurderast overdratt elle seld. Me ønskjer derfor å koma med informasjon om kva bygget blir brukt til i dag, og sterkt oppmoda politikarane til å ta dette punktet vekk igjen frå budsjettforslaget.
Les heile brevet til kommunen
12.12.11 Leikeplassen i Doktorhagen
I Doktorhagen i Skånevik er det ein liten leikeplass som vert nytta nokså ofte. Det er no sett ned ei gruppe som skal teikne, få inn midlar og oppgradere denne. Gruppa kjem til å ha ein info/salgstand under kveldsope fredag 16. desember. Her vil det vera mogleg å delta på ulike aktivitetar og konkurransar for liten og stor i tillegg til matsal. Me i gruppa kjem også til å vera der for å snakke med folk om planane våre og høyre litt kva andre tenkjer om dette. Målet er å få inn midlar og idear. Me vonar at alle kjem bort i teltet vårt for ein prat. Arbeidsutvalet for Skånevik leikeplass Doktorhagen.
07.12.11 Jespersen møter dei beste
Grannar: Chris André Jespersen (28) frå Skånevik er blant dei 23 løparane som Noregs Skiforbund har tatt ut til helgas verdscuprenn i Davis. I troppen er det ti kvinner og 13 menn. Jespersen imponerte stort førre helg i finske Kuusamo, der han blei nest beste nordmann på 10 km friteknikk. Nå er han løna med uttak i landslagstroppen til helgas runde i Sveits. 28-åringen som representerer Byåsen, skal gå laurdagens 30 km i fri teknikk saman med Petter Northug jr og dei andre beste norske løparane.
Les meir i Grannar
28.11.11 Har 20 VM-genserar
Grannar: Skientusiasten Else Berit Ness frå Skånevik har ei unik samling av VM og OL-genserar. I helga stilte ho dei ut for første gong. Til dagleg heng dei på veggen heime, i ein mørk gang slik at dei ikkje skal få for mykje lys på seg. Genserane er ikkje til kvardagsbruk. Kun når det blir arrangert meisterskap, er det «lov» å bruke genserane. I helga lyste dei 20 genserane opp ribbeveggen i idrettshallen i Skånevik under årets julemarknad.
Les meir i Grannar
26.11.11 Fantastisk løp av Chris
Chris Jespersen fikk ein flott 5. plass på 10 km fristil i WC - rennet i Kusamo i Finland. Med heile verdseliten på plass var han få sekunder bak ein pallplass. Han er no nest beste nordmann samanlagt i verdscupen. I morgon går han jaktstart.
Les meir i Grannar
Aftenposten
Haugesunds Avis
NRK-resultater
VG
14.11.11 Jespersen ble tatt ut
Haugesunds Avis: Går 15 km sammen med Petter Northug. Norges Skiforbund har tatt ut Chris Jespersen til verdenscupen i langrenn på Sjusjøen kommende helg. Han skal gå 15 km.
Les meir i Haugesunds Avis
12.11.11 Budsjettframlegget frå rådmannen
I sitt budsjettframlegg for 2012 kjem rådmann Elling Hetland m. a. med framlegg om:
10,9 mill til utbygging av Skånevik barnehage og utviding av styrartida til 100 %. Innkjøp av 15 berbare pc ar til lærarane ved Skånevik skule og ein smartboard. 300.000 kr til Skånevik stadion.
Les heile forslaget og om
Utbygginga av barnehagen
02.11.11 Skaterampe
Elevane i 7. klasse ved Skånevik skule har sendt dette brevet til Etne kommune ved kultursjefen: Det er lite å gjera for dei som ikkje er opptekne av fotball i Skånevik. Ein del av elevane i klassen vår liker å skate. Men det er ikkje nokon skaterampe i Skånevik. Det kostar ganske mykje å byggje ein rampe. Kan kommunen hjelpa til med til med å planleggja eit slikt tiltak, og løyva noko av det det kostar?
Brevet er signert av Magnus O. Bull Tornøe som er tillitsvald for klasse. Kopi er sendt til ordførar og rådmann.
Sjå brevet i postlista til kommunen
01.11.11 Kveldsete med Hulda Garborg
Hans Olav Tungesvik: Så er tida inne for kveldseta denne hausten i Skånevik Mållag sin regi. I år er det det allsidige kulturmennesket Hulda Garborg som er i sentrum for interessa. Kveldseta blir på Skånevik Fjordhotell torsdag kveld 10. november kl. 19.30.
Mest kjend er Hulda Garborg kanskje som kona til diktaren Arne Garborg, men ho har sanneleg drive eit omfattande kulturarbeid også for eigen del. I leksikon står ho omtala som forfattar og føregangskvinne, og det med rette. Neste år er det 150 år sidan ho vart fødd, og i det høvet har journalist og tidlegare Dag og Tid-redaktør Arnhild Skre skrive ein omfattande biografi om Hulda Garborg. Biografien var presentert i Dagsrevyen for nokre veker sidan.
Arnhild Skre har med stort engasjement skildra det allsidige arbeidet Hulda Garborg utførte på mange felt. Ho vart omtala som ”folkedansens mor”, og ho skreiv fleire bøker om husstell og matlaging. ”Matstell på landsbygdi” skulle vera godt for oss!
Det var og Hulda Garborg som vekte på ny sansen for bruk av bunadar her i landet etter at denne interessa hadde vore laber i lange tider. Som om ikkje dette var nok, hadde ho og eit omfattande forfattarskap med både skodespel, romanar og dikt. Hennar humoristiske sans kom klårt til uttrykk i spelstykket ”Rasjonelt fjøsstell”, som mangt eit amatørteater har framført. Ho gav og ut 10-12-romanar.
På kveldseta blir det foredrag av Arnhild Skre, Gunvor og Askel Ytrenes vil gå først i leiken med framføring av ”Per Spelemann” og andre folkeviseleikar. Det blir allsong og som vanleg felles kveldsmåltid i hotellets matsal.
Alle er velkomne.
Skånevik Mållag
Kveldsete med Hulda Garborg
på Skånevik Fjordhotell torsdag 10. november kl.1930. Foredrag av Hulda Garborg-biograf Arnhild Skre
Folkeviseleik, allsong. Felles kveldsmat. Inngangspengar kr, 150, inklusive kveldsmaten
Alle velkomne!
Skånevik Mållag.
25.10.11 På fjordhotellet
Skånevik Fjordhotel: Førjulstida er snart her, og du vert difor invitert til storslegne matgleder og koseleg julehygge i det kombinerte fjord- og fjellparadiset vårt her i Skånevik! Her finn du òg gode tilbod på overnatting kombinert med julebord for gruppa, bedrifta laget eller familien din. Les også om vårt flotte arrangement på nyttårsafta.
21.10.11 Alle 30 nutane i Etne kommune 2012
Gisle Sellevold: Fristen er endra til 30. september, slik at dei som klarer "Alle 30" også har klart krava til premiering for dei ulike idrettslaga. "Farande Fant" 2012 i IF Klypetussen sitt opplegg er no komen på plass på Grønskorenuten (830 m.o.h.). Den ligg rett sør for Frette og er eit fantastisk turmål - ukjend for dei aller fleste. Du ser til 13 av dei andre nupostane.
Skjema
Paul Tungesvik og Ståle Tungesvik har i 2011 klart "Alle 30" for 10. gong (alle åra)!
Inge Sævareid har klart "Alle 30" for 7. gong og klatrar på rankinglista. Fantastisk!
Anne Gunvor Ness Nedreskår og Anita Voster Vannes har klart "Alle 30" for fyrste gong. Gratulerer!
18.10.11 Skånevik Kunstlag under førebuing
Stifting av Skånevik Kunstlag
på Skånevik Fjordhotell laurdag 22. oktober kl.1700
Drøfting av føremål og oppgåver. Val av styre og fastsetjing av vedtekter
Alle er velkomne
Like sidan den permanente Hertervig-utstillinga vart etablert i ”Hertervig-gata” på Skånevik Fjordhotell for snart 3 år sidan, har det vore planar om å etablera ei stifting eller eit kunstlag til å forvalta denne kunstskatten og til å arbeida for å fremja interesse for kunst generelt og for lokale kunstnarar spesielt.
No er tida komen for å stifta Skånevik Kunstlag, og det vil skje på eit arrangement på Skånevik Fjordhotell laurdag 22. oktober om ettermiddagen.
Me har gjennom tidene hatt fleire personar med kunstnargivnadar i bygda. Når det gjeld malarkunst, kan nemnast Rudolf Krog, Anders Varberg, Nils Spissøy og Leif Jespersen, blant dei som er borte. I dag har me Knut Jespersen med eige galleri, og Nils Pedersen har så seint som i sommar hatt utstilling på Skånevik Fjordhotell. Galleri Brønnen er etablert i Skånevik, der kunstnaren Åse Dommersnes har interessante kunstverk m.a. av streng, å visa fram. Fleire kunne sikkert fortena å bli nemnde.
Innanfor tonekunsten har både Sverre Næss og Lars Christophersen komponert mange vakre melodiar. Sverre Næss laga m.a. ein svært vakker melodi til Skåneviksongen, ein melodi som med hell kan konkurrera med ”Carry me back to old Virginy” Frå Lars Christophersen si hand har me flotte marsjmelodiar som ”Skånevikmarsjen”, ”Varleitemarsjen” og ”Allémarsj”, og ikkje å gløyma den vakre melodien ”Har du sett bygda i morgonsol”, med tekst av Lars sjølv og Arne Grimstad, dei har skrive kvar sine vers.
Førebuingsnemnda for kunstlaget har tenkt at mykje kan gjerast for å få kunstverka og kunstnarane meir fram i lyset. Det er tale om å ta vare på skattar som elles kan bli gløymde.
Det vil og vera ei naturleg oppgåve for kunstlaget å invitera kunstnarar frå andre stader til bygda og kanskje arrangera felles reiser til kunstutstillingar eller andre arrangement andre stader.
På stiftingsmøtet vil det vera aktuelt å fastsetja vedtekter for laget og å velja styre til å stå for drifta. Vidare vil det bli samtale om korleis laget skal leggja opp arbeidet.
Alle med interesse for kunst i ulike former, er velkomne til møtet 22. oktober, og nemnda håpar at mange vil teikna seg som medlemer. Møtet vil bli kunngjort ved annonse og plakater.
I førebuingsnemnda: Marianne Langhelle, Gerda Weers, Inger Karin Larsen, Kjellaug Pedersen, Lars Jarle Ness,Hans Olav Tungesvik
16.10.11 Telysjakten
Åse Hjelmervik: Hei alle saman! Brukar du å tenne telys, og kastar dei tomme telysa i bosset? Klassen vår er med i telysjakta, der me skal samle inn tomme telyskoppar av aluminium! Under slagordet "ingen taparar - berre (gjen)vinnarar" skal me registrere antall telyskoppar fram til 31.mars neste år. Me hadde difor blitt veldig glade om DU hadde samla telyskoppane dine og gitt til oss! Me skal levere dei til gjenvinning, slik at dei kan bli til iPad's, syklar, tog med meir. Telysa dine kan leverast på/sendast skulen i Skånevik til 4.trinn, dei kan og leverast på Skånevik blomster og gåver om det er enklare å levere der. Kan og hente om me er i nærleiken. På førehand takk!!! :) Kos dykk med mykje (og trygg) telysbrenning, mvh 4.trinn ved Skånevik skule. Følg med på oss på www.telysjakten.no/4trinnSkaanevik
13.10.11 Synfaring med byråkratane
Grannar: Representantane frå departementa gav ingen signal då dei onsdag var på befaring i samband med Marine Harvest sine planar i Fjæra. Onsdag vart det kalla inn til synfaring på Fjæra. Det var Fylkesmannen i Hordaland som kalla inn til synfaringa, i samband med motsegna til reguleringsplanen for anlegget.
Synfaringa starta fyrst med eit innleiande møte på Halvfjordingen, der saka skulle leggjast fram. Etne-ordførar Sigve Sørheim seier at det i denne omgang er eit møte med byråkratar som skal førebu saka som skal komma og at dei fekk lagt fram saka på ein grei måte. Det er kommunen som har tatt opp kampen etter at Fylkesmannen sette foten ned for planane som kan gi minst 15 arbeidsplassar.
Les meir i Grannar
13.10.11 Ordførar lovar større openheit
Grannar: Etne kommune har hatt kritisk søkelys mot seg den siste tida. Negativ merksemd rundt kommunen slår uheldig ut, meiner nyvalt ordførar Sigve Sørheim (Sp). Sjølv blir han skjerpa av kritikken, og seier kommunen kan prøve å bli meir open.
Sist tysdag vart Sigve Sørheim formelt valt til ordførar i Etne for fire nye år, og han tykkjer det er veldig kjekt at han har fått fornya tillit.
- Det må vere lov å seie at det blir litt lite med fire år i ein så viktig jobb. Det tek tid å setje seg inn i ting og byggje opp eit nettverk, og eg kjenner meg endå betre rusta til jobben no, seier Sørheim. Sjølv om han ser på arbeidet som spennande og utfordrande, legg han ikkje skjul på at vervet består av både gode og dårlege dagar.
Les meir i Grannar
07.10.11 Etne blant dei mest lukka
Grannar: Etne kommune skårar dårleg på undersøking av openheit. Etne er ein meir lukka kommune enn mange andre, viser den nye indeksen som målar kor open kommunen er overfor publikum. Vindafjord plasserer seg derimot over både gjennomsnittet i Rogaland og for landet. Vindafjord får 14 av 18 poeng, medan den beste kommunen i Rogaland er Forsand med 15 poeng. Vindafjord har dermed same poeng som den bestscorande kommunen i Hordaland, nemleg Bømlo.
Les meir i Grannar
03.10.11 Redningspakke mot voksesmerte
Grannar: Inntektene til Øyane Asvo AS i Etne kom ikkje fullt så raskt som tenkt etter store investeringar i vaskeriet i kampen om kontraktar
Dette etterslepet førte selskapet inn i underskot og deretter likviditetskrise, og eigarane, Etne og Vindafjord kommunar, går no inn med til saman 1 million kroner for å berge bedrifta over kneika.
- Det er ikkje meir enn 100.000 i aksjekapital for ei bedrift som har tildobla omsetninga sidan starten i 1995. Difor synest eg det er rimeleg at eigarane går inn med meir aksjekapital og dermed styrkar eigenkapitalen, seier styreleiar Lars E. Lundal.
Les meir i Grannar
22.09.11 Gunstein Draugedalen til Skånevik
Hans Olav Tungesvik: Torsdag 6. oktober kjem den landskjende songaren og komponisten Gunstein Draugedalan til Skånevik Fjordhotell. Det blir ein temakveld med tittelen: ”Forteljing om livet i ord og tonar”, og det er ein kveld i serien av temakveldar som Skånevik Sokneråd står bak. Gunstein Draugedalen er ein uvanleg kunstnar. Jamvel namnet hans fortel symbolsk om den kraft som ligg i songrøysta hans. Men det er ikkje berre kraft og styrke, han formidlar også mjuke tonar med ei sjeldan innlevingsevne.
Gunstein Draugedalen debuterte som songar 18 år gamal i 1964, og han har seinare skapt ei mengd innspelingar som er selde i over 250 000 eksemplar. I tillegg til kåseri og mykje song, blir det diktframføring ved Eli Garvik og allsong til velkjende melodiar. Ved pianoet sit Lars Eirik Tjeldflåt.
Som ved liknande samkomer på Fjordhotellet skal me eta kveldsmat i lag i matsalen, eit innslag vel eigna til å styrkja det sosiale fellesskapet. Temakvelden er sjølvsagt open for alt folket, unge som eldre, frå Skånevik og nabobygder. Me i nemnda kjenner oss trygge på at alle som kjem, vil få ein rik og fin kveld. Det blir høve til å kjøpa CD’ar med helsing frå Gunstein Draugedalen.
Sjå annonse
I nemnda for temakveldar
Birgit Tjelle, Birgit Tveit og Hans Olav Tungesvik.
19.09.11 Kabalen er lagt
Grannar: Med berre éin kommunestyrerepresentant får Venstre i Etne leiaren i Komité drift. Torsdag kveld blei Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre einige om eit valteknisk samarbeid for dei neste fire åra. Sigve Sørheim (Sp) får halde fram som ordførar og Siri Klokkerstuen (Ap) blir varaordførar slik det vart sagt etter at alle partia var samla til forhandlingsmøte tysdag i sist veke. Då vart òg Audun Namtvedt (Frp) presentert som leiar av Komité forvaltning, men Frp trekte seg frå vervet dagen etter. No er det klart at Tollef Rullestad frå Ap blir leiar for denne komiteen.
Les meir i Grannar
14.09.11 Sigve Sørheim får fire nye år
Grannar: Sigve Sørheim (Sp) får halde fram som ordførar i Etne, og Siri Klokkerstuen (Ap) blir varaordførar dei neste fire åra. Dei politiske partia i Etne sine forhandlingsutval har sete i møte tysdag kveld, og ein time før midnatt vart forhandlingane avslutta. Men heile kabalen er enno ikkje lagt.
Les meir i Grannar
14.09.11 Desse skal styre Etne
Grannar: Alle listetoppane fekk plass i kommunestyret, med unntak av Albert Inge Rafdal frå Venstre. Han vart andre vara for partiet. Flest personlege stemmer og slengjarar fekk Sigve Sørheim (Sp) som har vore ordførar dei fire siste åra. Her er kandidatane som har fått plass i kommunestyret komande fireårsperiode:
Les meir i Grannar
06.09.11 Kurs på Skånevik Fjordhotel
Skånevik Fjordhotel: Dyktige forelesere, tilegnelse av formalkompetanse i form av studiepoeng fra BI samt intensivundervisning i idylliske omgivelser i Skånevik: Velkommen til inspirasjon og ny kunnskap innenfor et fagfelt som blir stadig mer aktuelt - uavhengig av om du er leder, har fremtidige lederambisjoner eller rett og slett bare ønsker å utvikle deg som menneske.
Les meir
06.09.11 Ei solskinnshistorie frå Hordaland
Siri Klokkerstuen: Gjennom dei siste tiåra, har havbruksnæringa vakse fram som ei stor og viktig næring i Hordaland, og skapt arbeidsplassar og verdiar i heile fylket. Samstundes har me sett baksida av medaljen og opplevd ein del av barnesjukdommane til ei ung næring i rask vekst. No har me ikkje tid til fleire barnesjukdommar. Alle synest å vere einige om at me no treng ei vaksen og berekraftig næring som satsar på ny teknologi. Alle unntatt Fylkesmannen.
Etne kommune har store utfordringar i forhold til villaksstamma i Etneelva. Då Marine Harvest kom og ville byggje eit anlegg for setjefisk i Fjæra i Etne kommune var det difor noko eg måtte tenkje på. Me er stolte av naturen vår og opptekne av villaksen. Dette prosjektet er ikkje noko ein har ”lagt seg flat for”. Men gjennom tett samhandling mellom Etne kommune, faginstansar og utbyggjar har prosjektet blitt meir og meir eit miljøprosjekt. Anlegget står fram som det mest moderne og miljøvennlege setjefiskanlegget me så langt har sett. Etne kommune ynskjer å vere med på denne snuoperasjonen som kan bli starten på ein fredeleg sameksistens av naturbaserte næringar.
Eit anlegg for berekraft
Det planlagde anlegget skal byggjast i betong på land, med trippel rømmingssikring. Anlegget skal utvikla fisken lenger, frå 500 gram opptil 1 kilo. Når fisken er lengre i anlegget på land, vert det mindre lusefare i sjø, både for oppdrettslaksen og for villaksen. Anlegget brukar mindre energi enn det gamle anlegg gjer, skal resirkulera vatn og reinsa alt avfall. I tillegg skal utbyggjar og kommunen saman rehabilitere laksestamma i Fjæraelva med tiltak som laksetrapp og gyteplassar. Men det viktigaste med anlegget er kanskje at det vil bane veg for liknande anlegg i resten av næringa. Her tek næringa grep for ei berekraftig utvikling når det gjeld bådeoppdrett og villaks – dette er teknologi for framtida.
Arbeidsplassar
Me i Ap er opptekne av at folk skal ha jobb å gå til. Me som bur i distrikta veit diverre av erfaring at det ikkje er nokon kø av folk som etablerer seg i småbygder som Fjæra/Åkrafjorden . Åkrafjorden ligg i utkanten av Etne kommune på grensa til Odda og det bur om lag 65 menneske der. Fråflytting er ei utfordring. Smoltanlegget skal i første omgang ha 15 arbeidsplassar, på sikt 25.
Åkrafjorden og området rundt er eit stort satsingsområde for reiseliv. Anlegget er positivt motteke av reiselivet, alle innbyggjarane og av eit samrøystes kommunestyre i Etne. Alle som bur i Åkrafjorden har skrive under på liste for saka. Miljøvernorganisasjonane har ikkje engasjert seg mot etableringa.
Ei solskinshistorie
Setjefiskanlegget kan vere ei solskinshistorie frå Hordaland. Ei historie om korleis me fekk fleire arbeidsplassar og fekk attende villaksen – samstundes som me synte veg for oppdrettsnæringa med ny og berekraftig teknologi. Folk kom flyttande til bygda og fekk jobb. Turistar og bransjefolk kom for å sjå og lære om moderne havbruk. Eg vonar Miljøvernministeren ser at motsegnene som no står at er av liten verdi i forhold til gevinsten denne etableringa er både lokalt og nasjonalt. Eg har stor tru på at Miljøverndepartementet gjer solskinshistoria verkeleg.
Siri Klokkerstuen,
Ordførarkandidat i Etne kommune (Ap)
Fylkestingskandidat, Hordaland AP
04.09.11 Rabinowitz
John Karsten Hustveit: “Rabinowitz” er Scenekrafts kritikerroste teaterforestilling om foretningsmannen og humanisten Moritz Rabinowitz. Den vert framført på garden Eintveit på nordsida av Åkrafjorden laurdag 10. september kl. 15.00. Den jødiske mannen ble selv et offer for fascismens rasepolitikk, som han gjennom årevis med avisskrivereier på det sterkeste advarte det norske og det internasjonale samfunn mot. Klassekampens kritiker skriver at forestillingen er sterk og har politisk aktualitet også i dag.
Sjå plakaten
29.08.11 Oppstart for musikklaget og skulekorpset
Bård Henrik og Ingrid: Skånevik Musikklag og Skånevik Skulekorps er igjen klare for eit nytt musikkår. Nye aspirantar har øving mandagar kl.16.00 og musikklaget mandagar kl. 19.00. Du er hjerteleg velkommen som musikant! Me øver på skulen.
Helsing. Bård Henrik og Ingrid
25.08.11 100-årsjubileum for Skånevik bedehus
Reidar Leknes: Festen vert på bedehuset laurdag 10.september kl. 18.00. Festalen vert ved Svein Bjarne Aase. Historie, song og musikk, festmåltid! Ope for alle! Du er velkomen!
Les meir
22.08.11 Me skapar vekst om me får lov
Kronikk i Bergens Tidende av ordførar Sigve Sørheim: Me som bur ei handfull mil frå vekstsentra slost kvar einaste dag for å hindre fråflytting og sikre utvikling i våre lokalsamfunn. Er det ein konflikt mellom miljøomsyn og næringsutvikling, eller kan desse kombinerast på ein måte som gjev moglegheiter for ein liten distriktskommune? Regjeringa får i desse dagar sjansen til å vise kva ho meiner om det spørsmålet – og om ho meiner alvor med dei fine orda om å ta heile landet i bruk, og å la distrikta utnytte naturressursane sine.
I lengre tid har me i media høyrt at veksten i landet kjem på kysten, og at Vestlandet er ein motor for verdiskaping. Det er gode nyheiter for oss som arbeider for utvikling i regionen. Men samtidig er biletet nyansert, og makrotal og gjennomsnitt kan dekke til for å sjå at Vestlandet også er ulikt; det er forskjell på Vestlandet og Vestlandet. Vi som bur ei handfull mil frå vekstsentra må slost kvar einaste dag for å hindre fråflytting og sikre utvikling i våre lokalsamfunn.
Les meir i BT
22.08.11 AP mest fram
Grannar: Ap og Sp går mest fram i ei ny meiningsmåling utført for Grannar. Hadde dette vore valresultat, hadde Siri Klokkerstuen sitt parti teke eit mandat frå Sp. — Dette ser bra ut, er Etne Ap sin ordførarkandidat, Siri Klokkerstuen, sin kommentar til den ferske meiningsmålinga.
16.08.11 Gamlegeneralen” i Misjonsalliansen til Skånevik
Komande søndag 21. august er den årlege misjonsdagen for Misjonsalliansen i Skånevik. Tidlegare generalsekretær Nils Tore Andersen blir hovudtalar både på gudstenesta i kyrkja og på festmøtet på bedehuset om kvelden.
Ved gudstenesta deler sokneprest Per Hjemdal og Nils Tore Andersen på oppgåvene.
På festen om kvelden blir det i tillegg til tale og orientering om Misjonsalliansen sitt arbeid, song av Martha Tjelle som er nytilflytta til bygda og som var ”ho med den klokkeklåre røysta” på Solidaritetskonserten i Idrettshallen etter terrorkatastrofen.
Det blir som vanleg matøkt på festen. Og ved begge samvær blir det høve til å gi ei gåve til Misjonsalliansen sitt diakonale arbeid i 10 ulike land.
Program
Alle er velkomne.
søndag 21.august
Kl. 1100: Gudsteneste i Skånevik Kyrkje ved sokneprest Per Hjemdal
og tidl.generalsekretær Nils Tore Andersen
Kl.1900: Festmøte på Skånevik Bedehus.
Tale av Nils Tore Andersen
Song av Martha Tjelle
Servering Kollekt
Alle velkomne Misjonsalliansen
14.08.11 Maryna og Laban vann i Åkrafjorden
Einar Gisle Sellevold: Laban Siro i super form med 33.35 på 11 veldig tøffe km. Det var ny løyperekord med 16 sekund. ... Flotte debutløp i det 11 km lange og tøffe "Langs Åkrafjorden" av Kristine og Lene Røgelstad, Skånevik IL.
Les meir i Kondis
29.07.11 Rørande minnemarkering
Grannar: Om lag 250 menneske møtte opp til rose- og fakkeltoget som gjekk frå kaien, opp til idrettshallen i Skånevik, torsdag kveld. Her var det solidaritetskonsert til minne om dei som miste livet, og til støtte for dei skadde, og alle pårørande, etter dei grufulle terrorhandlingane i Oslo og på Utøya, fredag 22. juli.
Konserten bestod av diverse musikkinnslag og diktopplesing, samt appellar frå Hans Olav Tungesvik, leiar for Etne Arbeidarparti, Siri Klokkerstuen og sokneprest Harald Grønnevik. Dei frammøtte fekk også moglegheit til å tenne lys, samt skrive seg i kondolanseprotokoll.
Les meir i Grannar
17.07.11 1500 såg Pippi
www.kvinnheringen.no: Til saman 1500 tilskodarar såg dei sju teaterforestillingane under Pippi-festivalen i Skånevik. – Me er svært nøgde med oppslutnaden og hadde stort sett fulle «hus», sjølv om vêret kunne vore betre, seier ein nøgd regissør, Karina Opdal.
Sjå biletserie i Kvinnheringen
13.07.11 Vamp leverte i solskinet
Nydelig vêr og god stemning gjorde at dei mange hundre frammøtte fekk nyta ei god konsertoppleving. Vamp sytte for ein flott konsert saman med Eivør Pálsdóttir i Skånevik. Bandet, som utan tvil har rykte på seg for å vere eit av Noregs beste liveband, leverte også denne gongen ein svært solid opptreden, til publikums store begeistring ved utescenen på House of Blues.
Les meir i Grannar
04.07.11 Velkommen til Pippifestivalen
Med ein hest i hagen, ein apekatt på taket og ein far på Sør-havet ynskjer Pippi deg velkommen til Noregs einaste festival tileigna verdas sterkaste jente. Fem dager, frå torsdag 7. til søndag 10. juli 2011 vert det Pippiteater, leik og fanteri her i Skånevik!
Les meir på websida til Pippifestivalen og Skånevik Fjordhotel.
04.07.11 Vellukka blueshelg
Grannar: God stemning på bluesen også i år. Det var dei to legendariske rockebanda Journey og Foreigner som på torsdag gav helga ein pangstart då Skånevik Bluesfestival vart arrangert for femtande år på rad i «bluesbygda».
Banda som til saman har seld meir enn 150 millionar album på verdsbasis sto for første gong på same scene i Noreg, då dei vitja Skånevik som del av si store verdsturne. Dei starta begge opp på 70-talet, og har sidan den gong stadig fornya seg både når det gjeld musikk og medlemmer. Dei stiller seg no i rekkja av store rockeband som har vore innom festivalen gjennom si levetid, med blant andre Europe, Whitesnake, Deep Purple og fjorårets ZZ Top.
Les meir i Grannar og på websida til festivalen.
01.07.11 Full gass fra start på bluesen
Haugesunds Avis: Det amerikanske jentebandet Girls With Guitar varmet opp med rolige ballader før Foreigner entret scenen på Skånevik Bluesfestival torsdag kveld. Men allerede da hadde publikum begynte å synge på «I want to know what love is.» – giganthiten fra 1985.
Les meir i Haugesunds Avis og i
Grannar
30.06.11 – Stiller med solid vakthold
Haugesunds Avis: – Det skal være trygt og kjekt å være i Skånevik. Her rigges bluesteltet opp av f.v.: Vegard Winterthun, Paul Tungesvik, Bjarne Vika, Alf W. Christophersen, Jan Ulrik Langhelle, Rune Johansson, Finn Solberg og Tommy Johansson.
Les meir i Haugesunds Avis
27.06.11 Kjempar for opningstidene
Grannar: Kommunen la opp til stengt legekontor i Skånevik tre veker i strekk denne sommaren. Men nå kan opningstidene bli utvida. Kvart år har me denne kampen, men det har aldri vore så ille som nå, sukkar Gudbjørg Christophersen som er leiar i Skånevik Pensjonistforening.
Det var sjukepleiar Jorunn O. Ness ved Skånevik legekontor som slo alarm etter at bemanningsplanen for sommaren la opp til at kontoret skulle vera utan lege i fem veker, derav tre veker samanhengande mellom 1. juli og 20. august. Det var også lagt opp til at kontoret i denne perioden skulle vera stengt i to veker samanhengande, bortsett frå ein dag med sekretær til stades.
Les meir i Grannar
26.06.11 Velkommen til Skånevik Bluesfestival 2011
Onsdag startar den 15. Skånevik Bluesfestival. Programmet er betre enn nokon gong og dei mange arrangementa går føre seg i Arenateltet, ved House of Blues, på båt i Skåneviksfjorden og på hotelplenen. Som alltid ønskjer festivalen at du og dine venner skal få ein strålande oppleving de seint vil gløyma. Fredag 1. juli opnar festivalutstillinga "Ten years after" med Nils Pedersen på hotellet. Festivalsjef Alf Warloe Christophersen fikk under Torgdagane utdelt Bluesprisen 2011 for flott innsats for bygda. Prisen er det Bluesbygda Skånevik som står bak. Gratulerer!
23.06.11 Interpellasjon om Skånevik Legekontor
I kommunestyret tysdag 21.0611 hadde A. O. Nilsen, Etne Arbeiderparti følgjande interpellasjon: Kva vil ordføraren gjera for at det vert tilfredsstillande bemanning og opningstider ved Skånevik Legekontor kvar sommar? Bakgrunnen for interpellasjonen var eit brev til helseadministrasjonen og den politiske leiinga i Etne frå Jorunn O. Ness der ho peika på den svært mangelfulle bemanninga som det i utgangspunktet var lagt opp til ved Skånevik legekontor i sommar. Etne kommunestyre støtta einstemmig forslaget til uttale i interpellasjonen. Les om interpellasjonen og kva ordføraren svarte.
15.06.11 Tettstadanalyse for Skånevik
Etne kommune: Tysdag 28. juni 11 frå klokka 19:00-21:30 arrangerast det eit ope verkstadsmøte i anledning tettstadanalyse for Skånevik. Stad: Skånevik Fjordhotel, møterom Skåno og Peparen.
13.06.11 Programmet er klart!
Killer Queen fra Australia lager et av verdens beste Queen tribute show. Internasjonalt anerkjent, og godkjent av Queen's opprinnelige gitarist Brian May som "utrolig", er Killer Queen et dynamisk og spennende rockeband. Killer Queen vokalist Johnny Blunt er den fremste lookalike Freddie Mercury imitator i verden. Johnny ble nylig omtalt i Womans Day Magazine i en to-siders artikkel basert på hans forbløffende likhet. De har fått strålende kritikker og attester fra mange kjente artister. Lørdag den 2. juli vil bandet avslutte Skånevik Bluesfestival med å lage lage et fantastisk show i arenateltet i Skånevik.
02.06.111 Vurderer vegutbetring
Grannar: Vegen frå Håland til Skånevik skal nå utgreiast som eit alternativ til Skånevikstunnelen.
Det er omlag 20 år sidan sist det blei gjort omfattande utbetringar på fylkesveg 48 mellom Håland og Skånevik, og utfordringane er mange.
— Vegen har ein krevjande kurvatur med mange skarpe svingar. Det er også mange stigningsforhold som gir dårleg sikt og ujamt kjøremønster, forklarar konsulent André Bjørndal frå Akvator.
Rådgjevingsfirmaet frå Stord skal gjera jobben med vegutgreiinga på denne strekninga, og sist fredag var det første synfaring på vegen saman med representantar frå Etne kommune og Statens vegvesen. Det er Hordaland fylkeskommune som har bestilt utgreiinga, for dei vil ha eit alternativ å samanlikna med tunnelløysinga mellom Etne og Skånevik.
Les meir i Grannar
11.05.11 Ny Pippifestival i juli!
Bård Henrik Hereide: Det er nok eit år duka for sprell og fanteri i Skånevik! 7.-10.juli går Pippifestivalen av stabelen for tredje gong i den idylliske hagen til Skånevik Fjordhotell!
Med ein hest i hagen, ein apekatt på taket og ein far på sør - havet, ynskjer Pippi deg velkommen til heile sju førestillingar!
Billettar bør tingast så tidleg som mogleg, sånn at du og din familie får sikra plass på ynskja førestilling.
Førehandsbestilling kan gjerast på tlf. 53 77 07 00 eller ved å besøka Skånevik Fjordhotell.
04.05.11
Distriktets einaste Vampkonsert med Eivør fra Færøyane
Alf W. Christophersen: Eivør Pàlsdòttir fra Færøyene er med til Skånevik på utekonserten med Vamp ved House of Blues den 12. juli. Hun er nok godt kjent for Vamps ”kjernepublikum” etter å ha bidratt sterkt på Vamps siste album med Kork ”Vamp i full Symfoni 2” og påfølgende eventyrturne som kulminerte i enda et fullsatt Oslo Spektrum i november 2010. Eivør har levd av musikken siden hun var 16 år (er nå 28) og hun har et stort publikum spesielt i Danmark, på Island og Færøyene. Hun skriver tekster og musikk selv. Uttrykket er særegent, og stemmen hennes passer perfekt til Vamps ”Nordsjø-sound”. Det er en stor glede å få presentert henne for et enda større publikum. Vel møtt til Vamp konsert og sommarstemning i Skånevik!
04.05.11 Marknad i Gymsalen laurdag 14. mai
Skånevikspeidarane: Laurdag 14.mai kl 11-14 arrangerer Skånevikspeidarane marknad i Gymsalen. Vel møtt til ein spanande speidarmarknad for heile familien! På marknaden har me loppemarknad, utlodding, lykkehjul, sal av mat og drikke og mange kjekke leikar og aktivitetar for store og små. Det er speidarane sjølv som er med og arrangerer dette, og det blir spanande å sjå kva aktivitetar dei vel å ha i år!
Loppemarknad
Ein viktig del av marknaden er loppemarknad. Me ønskjer oss mange fine lopper og oppfordrar folk til å levere lopper til oss i Gymsalen på følgjande tider: Fredag 13.5. frå kl 18 og utover Laurdag 14.5. kl 9-10. Me tar i mot alt som de trur andre kan vera interessert i å kjøpa, med unntak av kler og sko.
Skånevikspeidarane v/leiarane: Kari Johansson, Vivi-Ann Elde, Randi Haaland, Julie Røgelstad, Kenneth Fjell, Caroline Y. Sæle og Katrine Bøthun
02.05.11 - Et mer moderne parti
Haugesunds Avis: - Kristelig Folkeparti er i positiv forstand blitt et mer moderne parti, sier Hans Olav Tungesvik, KrF-veteran fra Skånevik som fram mot midnatt lørdag fulgte maratondebatten om bekjennelsesparagrafen. Han er overrasket over det store flertallet, 145 mot 36 stemmer, som gikk inn for å endre partiets formålsparagraf i tråd med innstillingen fra sentralstyret og landsstyret.
Tungesvik møter som senior med tale-, men ikke stemmerett. Han er imidlertid veldig klar på at han støtter endringene som nå kan bli iverksatt etter neste landsmøte i 2013.
Les meir i Haugesunds Avis
30.04.11 Slått med berre 1 sek. i Skarverennet
Chris Andre Jespersen har hatt ein fantastisk avslutning på sesongen. I det 38 km lange Skarverennet, med med fleire av verdas beste skiløparar på plass, fikk han ein flott 2. plass 1 sek. bak franskmannen Jean Marc Gaillard. Chris vant fleire innlagde spurtar i løpet.
Les meir i Nettavisa og
Langrenn.com
29.04.10 Frist for søknad til Skånevik Kulturfond
Magnus Hjelmervik oppretta stiftinga Skånevik Kulturfond 1. november 2007. Stiftinga sitt føremål er å verka til fordel for kulturaktivitetar i Skånevik, gjennom utdeling av økonomisk påskjønning til slike aktivitetar. Politiske og religiøse aktivitetar er ifølgje vedtektene ikkje å rekna med. Kvart år skal ein dela ut 75% av avkastinga frå grunnkapitalen. Fondet vert delt ut til ein søkjar. Søknadsfristen for 2011 er 8. mai! Utdelinga skal skje kvart år på Torgdagane. I 2011 vert det laurdag 11. juni.
Les meir
16.04.11 Nektar å mekla om Fjæra
Haugesunds Avis: Fylkesmannen i Hordaland nektar å mekla med Etne kommune om Marine Harvest sitt planlagde landanlegg i Fjæra. – Eg er forferdeleg skuffa og stiller spørsmål om det går an å nekta å møta til mekling når den eine parten (Etne kommune) ber om slik mekling, seier ordførar Sigve Sørheim (Sp). Fylkesmannen har sendt eit brev der det går fram at dei ikkje ser noko poeng med mekling, fordi dei meiner partane står for langt ifrå kvarandre.
– Det blei sagt på eit møte i Bergen frå ein sakshandsamar at “dette er ikkje ei sak, men eit prinsipp”. Dei er tydelegvis imot vårt anlegg uansett, seier Ørjan Tveiten i Marine Harvest. Han trur det beste Etne kommune no kan gjera, er å la saka gå til endeleg avgjersle politisk i Miljøverndepartementet.
Les meir i Haugesunds Avis
12.04.11 Det skjer mykje i Skånevik
Velkommen til påskefeiring i Skånevik. Frå no av og frametter mot sommaren skjer det mykje i bygda vår. Etter basaren til idrettslaget palmelaurdag kjem glitrande Vetrhus Bluesband til Skånevik Fjordhotel onsdag den 20. april med Skånevik Bluesklubb som medarrangør. Deretter går det slag i slag med mellom anna "Bli ny kveld" på hotellet, jubileumsfest for hotellet, SPAR - Jentebølgen, Postvegmarsjen, Torgdagane, Skånevik Bluesfestival, Pippifestivalen, Skånofestivalen og mykje anna.
Sjå eige oppslag og
Arrangementkalenderen.
10.04.11 Stenging i kortare periodar
Olaf Larsen: Skånevik Vannverk vil melda at i samband med bygging av ny sykkel- og gangsti og legging av nye vassrøyr kan vatnet bli stengt utan varsel i periodar. Det kan og henda at vatnet blir grumsete hos einskilde kundar, lågare vasstrykk kan og førekoma. Normalt vil det betra seg om ein tappar kaldt vatn ei tid før ein skal bruka vatn. Ved leidningsbrudd og reparasjoner vil vassverket tilsetja moderate mengder klor i vatnet i ca 2 døger. Dette etter råd frå Mattilsynet. Vonaleg vil det berre bli små problem for våre kundar. Vassverket arbeider heile tida for at ulempene skal bli færrast mogleg, men det kan væra problem i heile anleggsperioden.
03.04.11 Chris best i motbakke
Grannar: Chris André Jespersen frå Skånevik viste alle konkurrentane ryggen då han laurdag stilte til start i motbakkeløp i Telemark. Det store trekkplasteret var VM-meistaren Therese Johaug, og mange kom for å utfordra verdas beste bakkeklatrar på kvinnesida.
Jespersen var suveren i motbakkane ved Rauland skisenter i Vinje kommune. Johaug blei nummer to i det 1,2 km lange løpet. Også profilar som Marthe Kristoffersen, Kristin Størmer Steira og Sjur Røhte deltok. Vinnaren fekk fri bruk av ein leasingbil i eitt år.
Les meir i Grannar
31.03.11 Spar Jentebølgen
Bli med på vårens sprekaste jenteløp i Skånevik fredag 27. mai kl. 18.30.
Liv Grethe Poiree er frontfiguren til Spar Jentebølgen og ho kjem til Skånevik. Et uformelt og sosialt arrangement for jenter og kvinner i alle aldre. 5 km rundt "kjærlighetstien"
Ta med venner,kolleger og familie og bli med på jentebølgen. Medalje og deltakerpose til alle ved målgang. Premier trekkes på startnr., samt for beste kostyme/show. Premie til den bedriften som har flest deltakere. Underholding, felles oppvarming før start.
Påmelding online sparjentebolgen.no eller tlf 97 76 75 85. Me starte opp med fellestrening onsdagane, med oppstart onsdag 6.April kl. 18.00 ved Krambua! Arr. Skånevik kultur- og idrettshall/ Bislett Alliansen Oslo.
31.03.11 Ta sjansen
Åse Hjelmervik: Skånevik Handballdamer har i år ansvar for den folkekjære konkurransen Ta Sjansen, som går føre seg på Torgdagane 11.juni i år. Me vil difor utfordre og/eller oppfordre alle til å melde seg på, enten som privatpersonar eller bedrifter!!!
Les meir og meld deg på
29.03.11 NVE-ja til kraftverk
Grannar: NVE har gitt klarsignal til Akslandselva Kraftverk AS sin søknad å bygga eit kraftverk med ein årleg produksjon på om lag 6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 300 husstandar. Bak selskapet står Sunnhordland Kraftlag (54,4 prosent), grunneigar Alf-Werner Hjelmervik (24,5) og Skånevik Ølen Kraftlag (21,1). Kraftverket på Skånevikstranda vil få ei installert effekt på 1,7 MW og vil med dei fastsette vilkåra gi ein årleg produksjon på om lag 6 GWh.
Les meir i Grannar
26.03.11
Sølv på 5 mila til Chris Andre
Tromso.no: Ski-NM i Tromsø avsluttet med en leksjon i fantastisk sportsånd, som publikum, arrangører og utøvere satte tydelig stor pris på.
Under praktisk talt helt hele femmila lå Chris Andre Jespersen fra Byåsen i tet med de øvrige utøverne lurende bak. Få hundre meter før mål møtte ham veggen, og måtte la Petter Northug fra Strindheim og Morten Eilifsen fra Henning skilag passere. Northug spaserte lett inn til gull, men like før Eilifsen skulle passere mållinjen til et like enkelt sølv, stoppet han opp.
Først skjønte ikke publikum noen ting, men det viste seg at Eilifsen ventet på Jespersen, som han mente var løpets moralske vinner. Dermed lot han en totalt utmattet Jespersen passere mål før ham selv.
Les meir i Tromsø
Grannar
Haugesunds Avis ( m/video)
Bergens tidende
25.03.11 Fleire får byggja
Sunnhordland: Bergens Tidende skriv at regjeringa i dag vil leggje fram forslag til differensiert strandsoneforvaltning i statsråd. Ifølgje avisa vil landets strandsoner no bli delt inn i tre soner.
Sunnhordland i same sone
I sone 1 vil det vere streng forvaltning, medan sone 2 har litt mindre strenge krav. I den tredje sona, sone 3, skal kommunane sjølv få meir lokalt sjølvstyre. Heile Sunnhordland blir plassert i sone 3, medan Bergen, Fjell, Sund, Øygarden, Askøy, Meland og Lindås blir passert i sone 2. Dei andre kommunane med strandsone i Hordaland blir også plassert i sone 3.
Fleire kommunar i Hordaland vil dermed få langt større råderett over sin eigen strandsone. Fylkesmannens moglegheit til å fremja motsegn skal dessutan avgrensast til saker av regional og nasjonal interesse.
- Eg er veldig fornøgd med å komma så langt i denne saka. Det har vore veldig viktig for meg å få ei oppmjuking i dette regelverket som er blitt oppfatta som altfor rigid av mange, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) til BT.
Les meir i Sunnhordland og i BT der Navarsete roser arbeidet som er gjort av flere ordførere fra ulike parti i Hordaland, men trekker særlig frem innsatsen til Tysnes-ordfører Helge Hauge (Sp), Steinulf Tungesvik i Hordaland Sp og stortingspolitiker Magne Rommetveit (Ap).
19.03.11 Arbeidet har starta
Tysdag den 15. mars 2011 var ein merkedag i Skånevik. Då starta arbeidet med den svært etterlengta gang- og sykkelvegen mellom Peparen og Skånevik stadion. Breidda på G/S- vegen er 3 meter og fylkesvegen skal utvidast med 1 meter og asfalterast på nytt. Etne kommune har forskottert kr. 15. mill. til vegen som skal vera ferdig til jul. Det er Skånevikstrand Maskinstasjon AS er hovudentreprenør ved bygginga. Vegen kan bli stengt i periodar, men aldri lener enn ein halv time om gongen. Asbjørn Opedal frå Statens vegvesen er prosjektleiar.
10.03.11 Hagemøte i Skånevik mand. 14. mars
Leif Arne Løvereide: Snart vår, og me forberedar oss med inspirerande hagemøte i villmarksleiren i Skånevik 14. mars kl 19.30. www.naturoppleving.no
Tema vert hageplanlegging og samplanting med Helen Fredholm fra Toten. Sjå www.fredholm.no Helen Fredholm er ivrig hageeigar, hageskribent og norgesmester i hagedesign. Turneen er i samarbeid med Folkeakademiet.
Anbefalar å komma ein time eller halvtime før, dersom det er utever, for å nyta litt av utsikten frå Villmarksleiren og kikka rundt i leiren. Me skal vera i Huldrehuset som er halvtanna år gammalt, der det vert fyrt godt og varmt. Godt å ha gode utesko og kler, for det er nokre få minutt å gå frå parkering og opp i leiren. Dersom noken har vanskar med å gå opp, kan me vera behjelpelig med ein firhjulstrekt bil nesten til døra.
Me har vanlig inngangspris 100 kr, og satsar på litt loddsalg. Hovedgevinsten vert billett til foredrag i Etne Kulturhus 28. mars, verdi 365 kr.
På grunn av mat, kjøttsuppe frå Åkrafjordtunet med tilbehør, treng me påmelding innan nå fredag 11.mars. Tlf eller sms 91169332, eller på denne mailen.
Plakaten ligg som vedlegg.
Med vårleg hagehelsing
Leif Arne Løvereide
10.03.11 Vil jakta gaupe
Grannar: Observasjonar tyder på at gaupa er i ferd med å etablera seg i distriktet. Nå førebur sauenæringa seg på jakt etter rovdyret. Vats sau og geit, i samarbeid med det interkommunale hjorteutvalet, arrangerer i kveld eit møte der gaupa blir hovudtema. Ein gaupejeger frå Telemark kjem for å fortelja om korleis jakta føregår og inspirera lokale jegerar….. Grannar skreiv måndag om ein sau med lam som truleg blei drepen av gaupe på Skånevikstranda....
Les meir i Grannar
08.03.11 Kurt Nilsen og Stella Mwangi til Skånofestivalen
Grannar: Populære Stella, som skal representera Noreg i den internasjonale MGP-finalen i Tyskland, er klar for Skåno Festivalen 22. - 23 juli. Arrangør Alf Warlo Christophersen sleppte tysdag dei to artistane som skal trekkja konsertfolk til Skånevik etter at bluesfestivalen er over. Dermed er det duka for «Haba haba» og andre låtar frå den svært blide og populære norskkenyanske artisten. Det andre store namnet på årets Skånofestival er ingen ringare enn Kurt Nilsen.
Les meir i Grannar
Les meir i Hgs. Avis
07.03.11 Kveldsete i Skånevik med fedrelandssalmens far
Skånevik Mållag: Serien av vellukka kveldseter i Skånevik Mållag sin regi held fram. I år er det 175 år sidan ein av landets aller fremste salme- og songdiktarar, Elias Blix, var fødd. Vårens kveldsete blir vigd hans liv og dikting. Kveldseta blir på Skånevik Fjordhotell torsdag 31. mars.
Den fremste Blix-kjennaren i landet, Anders Aschim, kjem for å halda foredrag om mannen og verket. Aschim gav for to år sidan ut ein omfattande biografi om Elias Blix, og han vil på kveldseta fortelja om arbeidet med biografien og om interessante oppdagingar han gjorde undervegs. Det vil bli høve til å få kjøpa boka på kveldseta.
Elias Blix var ein mann med allsidige givnadar. Han vaks opp i fattige kår i Gildeskål i Nordland, utdanna seg først til lærar, tok seinare teologisk embetseksamen og doktorgrad, og han vart professor i m.a. hebraisk ved Universitetet i Oslo.
Undervegs vart han av Johan Sverdrup, statsministeren som gjennomførte parlamentarismen i Noreg, kalla til Kongens bord som Kyrkje- og Undervisningsminister. Det var i dei næraste åra etter 1884.
Dei djupe spora i det norske samfunnet sette han imidlertid først og fremst gjennom song- og salmeskatten han skapte. Kvart einaste barn i Noreg har gjennom generasjonar fått del i den. Tenk berre på ”Gud signe vårt dyre fedreland”, ”No livnar det i lundar”, ”Syng i stille morgonstunder” og ”Å, eg veit meg eit land langt der oppe mot nord”. Han elska landsdelen sin, men soga seier at han berre ein einaste gong var tilbake til heimstaden etter han flytta sørover.
Me trur det skal bli ein stor kveld den 31. mars. I tillegg til foredrag blir det Blix-songar ved Skånevik Kyrkjekor, det blir og innslag ved vår lokale Blix-kjennar, sokneprest Harald Eintveit i Vikedal. Han hadde ein fin kronikk i Grannar 3. mars i år.
Så blir det kveldsmat for alle frammøtte. Kveldseta blir som vanleg i samarbeid med Skånevik Folkeakademi.
03.03.11 Skånevik kultur - og idrettshall
Den 2. mars var det årsmøte for representantskapet i Skånevik kultur - og idrettshall.
Les referatet
01.03.11 Best i Hordaland
9. klasse ved Skånevik skule har stått for den strålande prestasjonen å bli beste klasse i Hordaland fylke i KappAbel - den nasjonale matematikk-konkurransen for skuleklasser. Klassen fikk 76 av 80 poeng i dei to innleiande rundane og var berre 2 poeng frå å kvalifisera seg til semifinale-/finalerunder som går føre seg Froland og Arendal, i april måned. Konkurransen er oppkalt etter den store norske matematikaren Niels Henrik Abel, som døydde på Frolands Verk 6. april 1829, knapt 27 år gammel. Deira matematikklærar Kari Johansson er sjølvsagt strålande nøgd med klassen sitt resultat.
Sjå dei beste på resultatlista
23.02.11 Velkommen til årsmøte
Skånevik Bluesklubb: Årsmøte i Skånevik Bluesklubb, fredag 25.mars kl. 19.00 i blueslokalet. Dersom me skal ha ein oppegåande bluesklubb, treng me innspel og idear til aktivitetar. Me oppfordrar flest mogleg til å møta! Styret.
23.02.11 Lokale ordførere på VM-åpning
Haugesunds Avis: Hovedstadens ordfører Fabian Stang (H) hadde invitert alle landets ordførere til å overvære åpningen av verdensmesterskapet på ski onsdag. Vårt foto viser Kjell Arvid Svendsen fra Karmøy (KrF), Liv Kari Eskeland fra Stord (H), Jorunn Skåden fra Sveio (Ap), Sigve Sørheim fra Etne (Sp) og Petter Steen fra Haugesund (H). De var alle til stede på Oslo rådhus under åpningen.
Les meir i Haugesunds Avis
06.02.11 Ei krevjande og god utdanning
Grannar: På fire ås vidaregåande har Tommy Johansson (20) skaffa seg både spesiell studiekompetanse med fullt løp i realfag og fagbrev som tømrar. No er han ingeniørstudent, men kan gå ut i fast jobb kva tid som helst.
Les meir på s. 12 i Yrke og Utdanning ( Vedlegg til Grannar )
02.02.11 X-Factor vinnaren til Skånevik Bluesfestival
Skånevik Bluesfestival: Outsideren Hans Bollandsås stakk av med seieren i X-Factor 2010 mot alle odds, og beviste at egenart og særpreg varer lengst – selv i sangkonkurranser på TV! Et tårevått dommerpanel hyllet Blues-artisten etter en magisk fremførelse av den selvskrevne låten ”Moments” i finalen. Lenge før X-Factor var Hans godt etablert innenfor det norske Blues-miljøet som en respektert musiker – og ikke minst anerkjent som en av landets dyktigste gitarister.
Les meir på festivalen si webside
02.02.11 SPAR Jentebølgen i Skånevik
Anna Eriksen: Merk deg fredag. 27. mai. kl. 18.30. Då brake det laus i Skånevik! Så alle jenter/damer ikkje nøl, bli med i år også J Ta med venner og fam. detta blir knallbra. For meir info. kontakt Anna 97 76 75 85 eller Peggy 93 68 39 75. Arr.Skånevik kultur- og idrettshall.
29.01.11 Rockeshow med Journey og Foreigner!
Skånevik Bluesfestival: To verkeleg legendariske rockeband er klar for Skånevik Bluesfestival. Journey (US) og
Foreigner (UK/US) opnar festivalen i teltet torsdag den 30. juni med eit fantastisk Rockeshow. Til saman har dei selt 150 millionar album og mange av deira låter er megahits. Gruppene starta på 70 - talet og har stadig fornya seg både når det gjeld musikkform og medlemmer. "Don't Stop Believin'" med Journey er den mest digitalt selde klassiske rockemelodi og
"Never Walk Away" frå 2008 blei ein kjempehit. Alle kjenner
"I Want to Know What Love Is"
med Foreigner og stemninga vil gå i taket når dei spelar den i teltet i Skånevik.
Les meir på festivalen si webside
27.01.11 Engasjement gav årets namn
Grannar: Mange har bitt seg merke i Kari Johansson sin enorme innsats i lag- og organisasjonsliv i bygda. Lærarinna og eldsjela i Skånevik er Årets namn 2010.
Den driftige dama har bidrege på det meste Skåneviksbygda har å by på. 33 år gamle Kari Johansson vann med god margin i Grannar si kåring av årets namn. Johansson blei til si store overrasking nominert etter at fleire føreslo henne til kåringa. Overraskinga var difor dobbel opp då ho fekk vinnartelefonen frå Grannar.
— Det var kjempekjekt! Eg hadde ikkje forventa dette i det heile tatt og blei skikkeleg overraska av i det heile å vera nominert, fortel Johansson.
Les meir i Grannar
27.01.11 Jespersen på 9. plass
Haugesunds Avis: Chris Jespersen ble nummer ni på 15 km klassisk i NM på ski. Fristilspesialisten fra Skånevik var til slutt 2.05 bak vinneren Eldar Rønning i mål. Martin Johnsrud Sundsby og ”pensjonisten” Thomas Alsgaard tok sølv og bronse.
På de neste plassene fulgte Sjur Røthe, Tord Asle Gjerdalen, Kristian Tettli Rennemo, Niklas Dyrhaug, Odd-Bjørn Hjelmeset og Chris Jespersen.
Les meir i Haugesunds Avis
19.01.11 Mindre ferjetrafikk
www.kvinnheringen.no: Trafikken i dei fleste ferjesambanda gjekk ned i desember i fjor, samanlikna med same månad i 2009. Størst trafikksvikt var det i sambandet Skånevik–Matre–Utåker. Her blei det i desember frakta 6797 personbileiningar (pbe), som er ein nedgang på heile 13,7 %. Nedgangen kan sjølvsagt ha samanheng med vøling og delvis stenging av ferjestøet på Utåker.
Les meir i Kvinnheringen
17.01.11
Vegen er opna ved Tungesvik
Grannar: Klokka 15.00 blei riksveg 48 mellom Håland og Skånevik opna for trafikk att etter å ha vore stengt sidan 16.30 søndag ettermiddag grunna snøras ved Tungsevik. Raset gjekk like før Tungesvik III-tunnelen, ved Ugledalen. — Me tok til med ryddearbeidet i går, men måtte gi oss då mørket kom. Vegen blei opna omlag klokka 15.00. Raset kome med ganske mange kubikk, og me vil halda fram med ryddearbeidet i morgon, men vegen vil likevel vera open, seier Helge Nortveit i Statens Vegvesen.
Les meir i Grannar
16.01.11 Stengt ved Tungesvik
Grannar: Det har gått eit større snøras ved Tungesvik i Skånevik, og riksveg 48 er stengt i begge retningar. Vegen vil ikkje bli opna att i dag opplyser vegtrafikksentralen til Grannar.
Meldinga om raset kom like før klokka 16.30, ein halvtime etter at E134 gjennom Stordalen endeleg var opna etter å ha vore stengt i fleire timar grunna snøras.
E134 gjennom Stordalen i Etne var sidan klokka 12.00 søndag stengt . Omlag klokka 16.00 var vegen open for vanleg ferdsel att etter at brøytemannakspa hadde vore på staden i lengre tid.
Grannar var på staden rundt kl 12.30 like etter at raset kom. Det dreier seg om eit mindre snøras omlag ein kilometer vest for Bakka, like ved Norheimsstranda.
Les meir i Grannar
14.01.11 Temakveld i Skånevik om born og foreldre
Nemnda for Temakveldar: Torsdag 20. januar blir ein viktig dag i Skånevik for alle som er opptekne av sin funksjon som foreldre og besteforeldre. Då blir det nemleg temamøte på Skånevik Fjordhotell med overskrift: ”Utfordringar i foreldre- og besteforeldrerolla”. Foredragshaldar blir pedagogen Marit Elisebeth Totland frå Husnes, som har ein uvanleg allsidig bakgrunn. Ho har vore statssekretær i Kyrkje- og Undervisningsdepartementet, ordførar i Bømlo, direktør ved Valen Sjukehus og dagleg leiar i Kristent Pedagogisk Forum. Dessutan er ho romanforfattar, og ho er både mor og bestemor. Marit Totland er ein fengjande foredragshaldar som har mykje å fara med.
Hotellet vil stilla med spennande servering, Skånevik Kyrkjekor vil syngja, og Rudi Hereide vil vera på plass med gitaren og syngja viser. Så blir det sjølvsagt og høve til samtale etter foredraget, både i plenum og i matpausen.
Temakvelden blir den første i ein serie som Skånevik Sokneråd har tatt initiativet til, og der m.a. familie, born, sorg og glede vil vera aktuelle tema. Kvelden blir avslutta med nokre kveldstankar.
Arrangementet tar til kl.1930.
Alle er hjarteleg velkomne til arrangementet.
09.01.11 Norskættet bluesstjerne endelig til Norge
Dagbladet: Skånevik Bluesfestival har klart det ingen andre norske bluesfestivaler har fått til. I sommer står endelig den norskættede gitaristen og vokalisten Jonny Lang fra Nord-Dakota på en norsk scene. Jon Gordon Langseth, som han egentlig heter, fyller 30 år om et par uker, men har allerede vært plateartist i 16 av dem.
Gode navn
Norgesdebuten skjer på den samme festivalen som hadde ZZ Top på plakaten sist sommer. Skånevik Bluesfestival arrangeres fra torsdag 30. juni til lørdag 2. juli, og kan også by på andre sterke kort. Søskenbandet Trampled Under Foot fra Kansas, USA kommer til festivalen for tredje år på rad.
Les meir i Dagbladet
07.01.11 Stem fram årets namn
Grannar: Grannar er klare med kandidatane til Årets namn 2010. Lokalavisa for kommunane Etne og Vindafjord vil for femte gong kåra årets namn. I fjor var det Jon Olav Velde (65) frå Vats som gjekk til topps.
Nå er det opp til lesarane igjen å avgjera kven som skal få denne heideren for fjoråret. Grannar inviterte på tampen av året lesarane til å koma med forslag på namn. Responsen har vore god, og redaksjonen har hatt svært mange kandidatar å velja mellom.

Slik stemmer du
Avrøystinga vil føregå dei neste to vekene med 20. januar som siste dag for å støtta din kandidat. Me tillet ei stemme per person.
Les meir i Grannar
02.01.11 Jespersen på sporet igjen
Grannar: Chris Jespersen (27) ser ut til å ha funne forma igjen etter å ha slite med sjukdom. Han gjekk i helga Byåsen til siger i den prestisjefylt klubbstafetten.
- Eg fekk dei svara eg håpte på. Det er godt å kjenna at kroppen fungerer igjen, sa Chris Jespersen etter å ha gått Byåsen inn til siger i Strindheim-stafetten sundag. 27-åringen fekk ein kjempestart på sesongen, då han gjekk fort i opningsrennene på Beitostølen. Det førte til at han blei tatt ut til den første World Cup-runden. Skåneviksbuen takka for tilliten med å gå inn til ein svært sterk fjerdeplass i Gällivare.
Les meir i Grannar
31.12.10 Volleyballturnering 2. juledag
Skånevik IL, Volleyballgruppa: For 17. år på rad arrangerte Skånevik IL volleyballturnering i romjula. I år var det 7 lag med, noko færre enn dei siste åra. Men det vart mange jamne kampar i begge dei to puljene.
Dei fire laga som møttest i semifinalar var Team Fundus + Leif Bjørnar og Irmelin mot Gråberg, og Mumle Gåsegg mot Team Hagaskog. I finalen møttest Team Fundus + Leif Bjørnar og Irmelin og Mumle Gåsegg. Mumle Gåsegg hadde vunne dei tre foregåande åra, og i to av finalane slått ut familien Funderud med fleire, så mykje stod på spel. I puljespelet hadde desse to laga allereie møttest i to kampar, med ein seier kvar, så det var klart for ein spanande finale. Det var bra med publikum og Knut Ness tok på seg å dømma kampen. Til slutt var det Mumle Gåsegg som trakk det lengste strået, vann 25-20 og kan kalla seg ”Skånevikmeister 2010”.
Skånevik IL, Volleyballgruppa
31.12.10 Romjulsskyting
Skånevik Skyttarlag: Vi har etter kvart fått ein tradisjon med skyting i romjula. Då møtest store og små til hyggjeleg samvær i kafeteriaen i idrettshallen. Det vert servert kaffi, kaker og mandarinar medan folk ventar på tur til å få skyte.
I år var det 29 deltakarar som skaut, og 15 av desse var aspirantar i alderen 3 (!) til 12 år så rekruteringa er sikra. Alle aspirantane fekk premie uansett resultat. Blant dei vaksne var det desse som hadde best resultat:
Alf Ole Bull Tornøe (Kl 1) 143 p
Thorvald Leknes (V65) 141p
Ørjan Løhaugen (Kl 2) 139 p
Skytinga er berre for moro, men tel og som lagsmeisterskap i miniatyr. Det var bra oppmøte, men sjølvsagt plass til fleire. Så til neste år reknar me med å ”treffe” deg der og?
Skånevik Skyttarlag
29.12.10 Vidar Busk til Skånevik Bluesfestival
Skånevik Bluesfestival: Datoane for festivalen til sommaren er no bestemt til torsdag 30 . juni - fredag 1. juli - laurdag 2. juli. Vorspielet på House of Blues vert også i år onsdag den 29. juni. Vi er godt i gong med planlegginga av festivalen til sommaren og fleire flotte artistar er snart klare. Det er med stor gleda vi kan stadfesta at fenomenale Vidar Busk, som samlar saman True Believers til reunion, er klar for Skånevik Bluesfestival 2011.
Les meir på festivalen si webside
19.12.10 Jespersen måtte bryte
Haugesunds Avis: Chris Jespersen brøt dagens tremil i La Clusaz og klarte dermed ikke å styrke sitt VM-kanditatur. 27-åringen fra Skånevik har slitt med sykdom siden verdenscup-løpene i Kuusamo for to uker siden. Da Haugesunds Avis snakket med ham onsdag, var han ennå ikke helt frisk.
Jespersen valgte likevel å stille til start i rennet som var svært viktig med tanke på å kvalifisere seg til laget på femmila i VM i Holmenkollen senere i vinter. Jespersen hang brukbart med den første mila. Men så sa det stopp.
Les meir i Haugesunds Avis
15.12.10 Doktorgrad til Skåneviksgut
Olav S. Garvik (31 år) frå Skånevik har forsvart sin doktorgrad innan Mikromekanikk og mikroskopi av biomembraner ved Institutt for fysikk og kjemi ved Syddansk Universitet i Odense. Danmark sitt 3. største universitet med meir enn 22000 studentar.
Kort fortalt er dette eit studium av membranen som celler er innkapsla i. Doktorgardsarbeidet er eit bidrag til grunnforskinga av biologiske membranar og kombinerer teoretiske modeller med eksperimentelle teknikkar. Forskninga til Olav kan på sikt føra til betre medisinar innan einskilde område.
Olav har familie i Danmark og har budd der i fleire år. Gratulerer til Olav og hans familie i Danmark og i Skånevik.
Les ei kort populærframstilling av avhandlinga.




