Nyhende i 2012

  Her finn du nyhende som redaksjonen meiner kan vera av interesse. Det vert ikkje lagt ut stoff som omtalar einskildpersonar, bedrifter, lag og organisasjonar på ein negativ måte.  Skånevik nett tar ikkje stilling i konfliktar mellom partar i bygda og har som mål å spreie positive inntrykk frå lokalsamfunnet.   Det er viktig at du som brukar kjem med forslag til oss.  Send gjerne dine tips på e-post.  Informasjon om kommande arrangement og møte  kan også slåast opp her.  Send helst også dette som e-post.

Arkiv over nyhende tidlegare år
2000  2001  2002 2003   2004 2005   2006     2007   2008   2009  2010
2011           
Nyhende i Skånevik 2012 ( Klikk på pila! )
03.02.12 Mållaget får massiv sympati 30.01.12 Har du historiske bilete frå Skånevik?
29.01.12 Bronse til Chris i NM 24.01.12 Møter miljøvernministeren om Fjæra
20.01.12 Beth Hart klar for Skånevik Bluesf. 19.01.12 Satsar på snøggbåttilbudet
18.01.12 Vil oppretthalda Sunnhordlandsruta 18.01.12 Skal Sunnhordland jagast til Rogaland?
14.01.12 Vil leggja ned snøggbåtruta til Bergen 11.01.12 Frivilligpris til Liv Tungesvik
04.01.12 Interkommunal strandsoneplan for SHL 29.12.11 Tryggare med ny gangveg i Skånevik
22.12.11 Utbetring billegare enn tunnel 19.12.11 Film om Skånevik Bluesfestival 2011
19.12.11 Det skjer mykje i Skånevik i romjula 12.12.11 Brev til Etne kommune frå skv. spei.
12.12.11 Leikeplassen i Doktorhagen 07.12.11 Jespersen møter dei beste

03.02.12 Mållaget får massiv sympati
  Grannar: 
Noregs Mållag har fått over 700 ny medlemmar etter provokasjon frå Undervisningsdirektoratet. Kristin Halvorsen (SV) meiner at sidemålet må vike for hovudmålet og eit forsterka norskfag. Det nektar nynorskfolket å finne seg i.

Utdanningsdirektoratet sine forslag om å fjerne sidemålet som eige fag og som skriftleg eksamen, vekker stor harme blant nynorskbrukarar i heile landet. Noregs Mållag kallar forslaget ei dramatisk svekking av nynorsken, eit språk som er førstespråket til ein halv million menneske.

Også fleire kjende personlegdomar har tatt nynorsken i forsvar, til og med i spaltene i Noregs største aviser. Debattredaktør i VG, Elisabeth Skarsbø Moen, skriv på nynorsk at forslaget er «ambisjonslaust» og viser til at barn som har nynorsk som hovudmål, har mykje betre kunnskapar i norskfaget. Dei beste bidraga til barnekulturen står då også allereie skrive på nynorsk? undrar ho.  Les meir i Grannar

30.01.12 Har du historiske bilete frå Skånevik?
  Nils Lavik:  Er det nokon som har gamle, historiske bilete frå Skåneviksområdet liggjande i kjeller eller på loft? Alt ifrå perioden ca. 1850 til ca. 1960 kan vere av interesse. Dei skal brukast i samband med ljosbileteføredrag om Skåneviks industrielle/næringshistoriske utvikling, retta mot besøkande gjester i Galleri Brønnen i den gamle Toflefabrikken. Også andre aktørar i Skånevik som syslar med historieformidling/reiseliv er sjølvsagt velkomne til å bruke presentasjonsmateriellet eg utarbeider. Ta kontakt på  mail nils.lavik@gmail.com eller telefon: 97117273

29.01.12 Bronse til Chris i NM
  Chris Jespersen gikk ein sterk 3. etappe og fikk bronsemedalje på 3x10 km stafett i NM for Byåsen sitt 2. lag.  Byåsen 1. lag vant 15 sek. føre Leksvik som var 0,8 sek. føre Chris sitt lag. Gratulerer Chris!
Les meir i Grannar

24.01.12 Møter miljøvernministeren om Fjæra
  Grannar: 
Onsdag dreg ordføraren, varaordføraren og tiltakshavar Marine Harvest til Oslo for å møte miljøvernminister Erik Solheim. Her vil delegasjonen argumentere for at departemnetet seier ja til eit stort setjefiskanlegg i Fjæra.  Med til hovudstaden blir også representantar frå administrasjonen. Hjå statsråden vil dei leggje vekt på næringspolitikken og kva anlegget vil bety for fjorden. Det blir òg fokus på miljø og det lokale engasjementet rundt saka.- Viss Solheim har tid, vil eg gjerne invitere han til Etne så han kan få sjå kva saka gjeld, seier ordføraren, som meiner det er altfor lett å sitje ein annan plass og skrive motsegner. - Det er trasig viss me ikkje skal få dette til. Eg håper nærings- og distriktspolitikken vinn fram denne gongen, seier han før reisa.  Det er Miljøverndepartementet som avgjer saka. Les meir i Grannar

20.01.12 Beth Hart klar for Skånevik Bluesfestival
  Grannar: 
For tredje gong på fire år, er Beth Hart og bandet hennar klare for Bluesfestival i Skånevik. Bluesgeneral Alf Warloe Christophersen, slapp nyhenda torsdag og responsen på at den populære artisten er på veg tilbake til Skånevik er svært positiv.  Beth Hart er ei dame som trekkjer fleire og fleire til konsertane sine i Noreg for kvart år som går. Også i andre land gjer ho det stort, spesielt i Danmark, Tyskland og ikkje minst i Nederland. Det har gått litt trått i heimlandet, USA, men også der har folk byrja å få augo opp for artisten med dei sterke tekstane og den ville «jammen»  som fort kan snu seg til sårbare og  musikalske innblikk i hennar private liv.  Les meir i Grannar

19.01.12 Satsar på snøggbåttilbudet
  Siri Klokkerstuen:  Sunnhordland er rysta over fylkesrådmannen sitt framlegg om å leggje ned snøggbåten Stord - Bergen.
Nedlegging av båtruta Sunnhordland – Bergen er eit framlegg med store konsekvensar for dei som har lengst reisetid til Bergen i vårt fylke. Det er i dag og lagt opp til overgang til Kystbuss/Flaggrute på nokre avgangar. Alle overgangar fører til lengre reisetid for dei som frå før har lengst veg. Er det slik det skal utvikla seg vidare?
Båtruta er ei pendlarrute for dagpendling til jobb og skule i Sunnhordland mellom kommunane Etne, Kvinnherad, Stord, Austevoll og Bømlo. Dersom ein bryt denne transportaksen, vil ein endra kvardagen, jobb- og studiemulighetene for mange.Tilbodet slik det er i dag gjer det mogeleg for fleire å bu der dei vil om jobb/skule er ein annan stad. Det er ingen alternative kollektive løysingar for Etne/Skånevik til resten av Sunnhordland eller Bergen. Fleire av kommunane er heller ikkje knytta til Kystbussen.
Bergen er eit attraktivt reisemål som fylkeshovudstad , studentby og kulturby. Haukeland sjukehus er viktig også for sunnhordlendingane. Godt samband til og frå Flesland er avgjerande for offshore arbeidarar og andre reisande. Snøggbåt er det einaste kollektive tilbodet som er lagt tilrette for rullestolbrukarar. Universell utforming er noko Hordaland Fylkeskommune vanlegvis legg stor vekt på.
Sist, men ikkje minst, er det ei særleg sårbar gruppe som nyttar seg av båtrutene, nemleg pasientane til Haukeland. Kreftpasientar kan i dag dagpendla til livsviktig behandling i Bergen. Det er meir menneskeleg og meir økonomisk å la desse menneska få vere heime, enn å legge dei inn på sjukehus fordi det ikkje går båt heim. Dette er ikkje menneske som kan køyre til og frå behandling kvar dag. Det er viktig at reisetida er effektiv. Då må snøggbåten gå heilt til Bergen.
Fylkesrådmannen er uroa over at desse båtane forureinar mykje. Arbeiderpartiet vil og redusera co2 utsleppa i fylket og meiner det må setjast inn tiltak både i Bergen og resten av fylket om noko kan gjerast. Arbeiderpartiet har som satsingsområde å satsa på utvikling av maritim næring. Difor vil me satsa på snøggbåtrutene og på ei vidareutvikling av båtar, drivkraft og drivstoff. Me ynskjer å overføra meir gods og persontransport til sjø. Samstundes må me sjå på betre koordinering av busstilbodet til og frå båtrutene.

Arbeiderpartiet vil leggja opp til å vidareutvikla sjøtransport som ei framtidsretta transportåre der me heile tida utviklar miljøteknologiske former for drift som bidrar til dei miljøvennlege løysingane som me er på leiting etter. Hordaland fylke bør vera føregangsfylke for satsing på dette feltet. Me må me vera offensive i forhold til det sterke næringslivet i Sunnhordland innan maritim sektor. Dei har verdas beste kompetanse og kan hjelpa oss til ei sunn utvikling i staden for ei avvikling av persontransport på sjø.
Arbeiderpartiet ser at det vil komma fleire slike framlegg som eit resultat av posisjonen H, Frp og V sitt budsjett for 2012. Posisjonen hadde framlegg om innsparing utan politiske føringar på 100 mill . Då må rådmannen foreslå innsparingar. Arbeiderpartiet sitt budsjettframlegg inneheldt betydelege kutt i auken på talet byråkratar i fylkeskommunen. Dette hadde sjølvsagt ikkje ført til reduksjon av tilbudet innan kollektivtransport. Arbeiderpartiet går i mot å leggja ned snøggbåten og for å satsa på framtidsretta løysingar.

Siri Klokkerstuen
fylkestingsrepresentant, Hordaland Arbeiderparti.
Varaordførar, Etne

18.01.12 Vil oppretthalda Sunnhordlandsruta
 
Onsdag konkluderte Samferdselsutvalet i Hordaland samrøystest at ruta må oppretthaldast.  Forslaget til fylkesrådmannen om gjere Sunnhordlanansruta om til ei lokalrute og ikkje lenger køyre til Bergen frå Stord frå 2014, har satt sinna i kok i Sunnhordland.   — Me innstiller at tilbodet blir oppretthaldt slik det er i sør og at strekninga mellom Nord-Hordaland og Bergen blir lagt ut på anbod. Ei omfattande sak, men ikkje vanskeleg å behandle fagleg , seier utvalsleiar Gustav Bahus (FrP), som ved starten på møtet fekk overrekt 2.403 underskrifter frå folket i Sunnhordland.  Saka blir endeleg handsama i Fylkesutvalet 26. januar.   Les meir i Grannar

Sei di meining på Facebook og på Underskrift.no.

18.01.12 Skal Sunnhordland jagast til Rogaland?
 
Hans Olav Tungesvik:  Mange av oss er forskrekka over framlegget frå fylkesrådmann Paul M. Nilsen om å leggja ned snøggbåtruta mellom Stord og Flesland/Bergen.

Me spør oss:  Kva er det han tenkjer på?   Skal me sunnhordlendingar jagast over til Rogaland?

Er ikkje fylkesrådmannen klar over at denne snøggbåtruta er sjølve livsnerven mellom  våre bygder og  fylkeshovudstaden vår og har vore det i langt meir enn 100 år?  Før hydrofoil og katamaran kom,  hadde me M/S Sunnhordland som var flaggskipet i ruta frå 1949 til 1973.  Sjølv hadde eg som 13-åring den store opplevinga å vera med på jomfruturen frå Bergen i 1949,  ein tur med flagga til topps og hornmusikk  i alle bygder.  

Snøggruta var namnet alt den gongen,  jamvel om farten var ein heilt annan enn i dag.

Sjølv for oss som bur like sør ved fylkesgrensa,  er det i min generasjon berre eitt svar når me seier at me skal ein tur til byen.  Det er Bergen, jamvel om Haugesund ligg berre 1 ½ times køyretur unna.  Dette har nok endra seg noko mellom den yngre generasjonen,  og fylket må stella fint med kommunikasjonane om samhaldet skal bli tatt vare på framover.

Det alternativet fylkesrådmannen vil tilby oss i indre Sunnhordland er  snøggbåt- buss-ferje-buss. Det inneber eit  klårt tilbakesteg  i høve til å kunna sitja på snøggbåten frå Skånevik til Bergen, eventuelt med båtbyte på Stord for somme ruter.

Det er heilt rett det ordførar Synnøve Solbakken i Kvinnherad seier:  Dette er heilt uakseptabelt.  I alle fall er det så om fylkespolitikarane ynskjer å behalda  Sunnhordland i fylket.

Hans Olav Tungesvik
Tidlegare stortingsrepresentant.

 

14.01.12 Vil leggja ned snøggbåtruta til Bergen
  Kvinnheringen: 
Fylkesrådmannen rår til at snøggbåtruta mellom Sunnhordland og Bergen blir lagt ned og erstatta med buss. – Heilt uakseptabelt, seier ordførar Synnøve Solbakken.

Fylkesmannen meiner at denne båtruta bør gjerast om til ei rein lokalrute i Sunnhordland, og at reisande bør velja buss mellom Stord og Bergen. Bakgrunnen er eit ynskje omn å spara pengar. Ved denne omlegginga kan ein truleg spara 8 til 10 millionar kroner. 

– Ei slik omlegging vil vera eit tilbakesteg for oss som bur i distriktet. Det vil få store konsekvensar for pendlarar, skuleelevar og reisande elles.Det er viktig å kunna komma seg til og frå Flesland med båt. Me bur i ein sterk næringsrik region og vil tapa stort på ei slik nedbygging av båttilbodet, seier ordførar Synnøve Solbakken. Les meir i Kvinnheringen og i Grannar

NB!  Alle oppgegåande politikarar, rådmenn og andre i Sunnhordland må via sine kontaktar hindra at fylkesrådmannen sitt forslag i denne saka blir vedtatt.  Saka skal opp i  møte i samferdsleutvalet alt på onsdag den 18. januar. 

 

11.01.12 Frivilligpris til Liv Tungesvik

  Eli Garvik:  Liv Tungesvik fekk Sunnhordland Prosti sin Frivilligpris i Nysæther kyrkje på Stord søndag 8.januar. Ho fekk han for trufast teneste i frivillig arbeid på så mange område.    Speidararbeidet har på ein særleg måte stått hennar hjarte nær, og  i 55 år har ho vore leiar der, noko som er heilt unikt. Ho har også vore  medlem og leiar av Skånevik sokneråd gjennom 30 år, og har lagt ned eit utruleg stort arbeid for Skånevik kyrkjelyd, også som kyrkjetenar og klokkar. Ho har vore medlem av Bjørgvin Bispedømmeråd i 8 år, medlem av representantskapet i IKO og Det Norske Bibelselskap gjennom fleire år og mykje meir.

Me som har vore så heldige å få samarbeide med Liv Tungesvik, er svært glade for at ho har fått denne prisen. Liv er eit ja-menneske av dei sjeldne og eit førebilete for oss andre.  Det engasjement og den glede ho viser i arbeidet, er til oppmuntring og inspirasjon for  andre.

04.01.12 Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland

  Etne kommune:  Samarbeidsrådet for Sunnhordland har vedteke å starta arbeidet med ein interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland. Planarbeidet omfattar kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Fusa.
  Samarbeidsrådet godkjende i møte 8.desember 2011 å senda planprogrammet ut på høyring med uttalefrist 15.februar 2012 samstundes som det vert varsla oppstart av planarbeidet. Forslag til planprogram med forslag til konsekvensutgreiing er utarbeidd i samsvar med Plan- og bygningslova, kapittel 4. Planområdet omfattar i hovudsak 100-metersbeltet langs sjøen og 50m ut i sjø frå strandlina.

Planarbeidet vert gjennomført på kommuneplannivå som kommunedelplan etter kapittel 11 i Plan- og bygningslova.
Les meir

29.12.11 Tryggare med ny gangveg i Skånevik
  Hordaland Fylkeskommune:  Måndag 19. desember vart den nye gangvegen mellom kaien i Skånevik og idrettsplassen offisielt opna av fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes.  Den rundt ein kilometer lange strekninga har fått utvida vegbana og eit tre meter breitt fortau. Langs vegen er det tilkomst både for Skånevik barnehage og Skånevik skule. I tillegg finn ein her avkøyringa til industriområdet. Les meir på fylkeskommunen si side og i Haugesunds Avis

22.12.11 Utbetring billegare enn tunnel
  Grannar: 
Å utbetre den eksisterande fylkesvegen mellom Skånevik og Håland vil koste 303 millionar kroner. Tunnel frå Etne-sida er prisa til 700 millionar.

Utgreiinga som Hordaland fylkeskommune har bestilt, tek for seg utbetring av Fv 48 mellom Skånevik kai og Håland som eit alternativ til tunnel, og er laga av rådgjevingsfirmaet Akvator på oppdrag frå Statens vegvesen.

I utgangspunktet skulle vegen planleggjast etter H2-standard, som vil seie 7,5 meter brei veg med gul midtstripe, men fordi slik standard vil føre til at ein nærast må byggje ny veg på heile parsellen, tilrår Akvator ein redusert standard med 6,5 meter vegbreidde. I dag er den asfalterte breidda mellom 5 og 6 meter, og fleire stader har vegen for sterk stigning og skarpe svingar. Les meir i Grannar

19.12.11 Film om Skånevik Bluesfestival 2011
  Sjå den offisielle filmen om Skånevik Bluesfestival 2011 som er lagt ut på YouTube. 

Del 1 og Del 2.

19.12.11 Det skjer mykje i Skånevik i romjula

  Frå det flotte programmet kan ein nemna:
I Skånevik Kultur - og idrettshall:  26.des. Vollyballturnering, 28. des. Julemaraton
31. des. Fotballturnering.  I Skånevik kyrkje:  Gudstenester.  På House of Blues:  25. des. Show med hereide & The Bluesgangsters og 26. des. Stor Quiz.  På Skånevik Fjordhotell:  Fest nyttårsafta.
Velkommen skal du vera.

12.12.11 Brev til Etne kommune frå Skåneviksspeidarane
 
Kari Johansson:  Me las først i Grannar og såg i forslaget til budsjett at Skånevik gamleskule skulle vurderast overdratt elle seld.  Me ønskjer derfor å koma med informasjon om kva bygget blir brukt til i dag, og sterkt oppmoda politikarane til å ta dette punktet vekk igjen frå budsjettforslaget. Les heile brevet til kommunen

12.12.11 Leikeplassen i Doktorhagen
  I Doktorhagen i Skånevik er det ein liten leikeplass som vert nytta nokså ofte. Det er no sett ned ei gruppe som skal teikne, få inn midlar og oppgradere denne. Gruppa kjem til å ha ein info/salgstand under kveldsope fredag 16. desember. Her vil det vera mogleg å delta på ulike aktivitetar og konkurransar for liten og stor i tillegg til matsal. Me i gruppa kjem også til å vera der for å snakke med folk om planane våre og høyre litt kva andre tenkjer om dette. Målet er å få inn midlar og idear. Me vonar at alle kjem bort i teltet vårt for ein prat. Arbeidsutvalet for Skånevik leikeplass Doktorhagen.

07.12.11 Jespersen møter dei beste
  Grannar: Chris André Jespersen (28) frå Skånevik er blant dei 23 løparane som Noregs Skiforbund har tatt ut til helgas verdscuprenn i Davis. I troppen er det ti kvinner og 13 menn.  Jespersen imponerte stort førre helg i finske Kuusamo, der han blei nest beste nordmann på 10 km friteknikk. Nå er han løna med uttak i landslagstroppen til helgas runde i Sveits.  28-åringen som representerer Byåsen, skal gå laurdagens 30 km i fri teknikk saman med Petter Northug jr og dei andre beste norske løparane.  Les meir i Grannar


 

Velkommen til Skånevik nett - informasjonskanalen om Skånevik i Etne kommune!