Kurs i
Småskala Reiesliv
Det
vert møte om småskala reiseliv på Skånevik Fjordhotel
mandag 24. mail kl. 19.30
- Sissel
Hesjedal frå Fylkesmannen si landbruksavdeling fortel kva andre gjer,
bla. i Eksingedalen.
- Me
går vidare med innspel frå sist møte og tar imot fleire innspel.
- Drøfting
av framtida for reiseliv i Etne kommune
- BLI
MED OG Mein!
Arr.: Etne kommune/Skåneviksprosjektet/Fylkesmannen i Hordaland

Inspirasjon
for kropp og sjel
Ingrid
Kristiansen kjem til Skånevik fredag 14.mai Kl.1130
i Skånevik Idrettshall
Som
et ledd i stadsutviklingsdelen av Skånevikprosjektet ynsjer me deg
velkommen til ein liten time du vil huska lenge, og som og som vil
inspirera i både jobb og fritid !
Først
gir Ingrid en kort presentasjon av seg selv. Formålet med presentasjonen
er å gi noen tips og råd om hverdagslivet for deg og meg. Erfaringene
stammer fra et idrettsliv, men også fra et hverdagslig familieliv. De
utfordringene vi alle møter i hverdagen blir presentert og diskutert.
Hovedutfordringene
er at vi har ”kropper” som blir mer og mer understimulert, mens vi har
”hoder” som blir mer og mer overstimulert av sanseinntrykk og tanker.
Det
foreslås videre en del ”verktøy” man kan bruke for å takle disse
utfordringene i hverdagen.
Verktøyene
er allsidighet, å sette seg klar mål - og ha en plan for dette, samt
helhetstrening/stimulering.
Disse
vektøyene blir så dypere gjennomgått.
Til
slutt en oppsummering.
Dette
foredraget blir dekka av Skånevikprosjektet, og det kostar derfor ingen
ting å vere med. La ikkje sjangsen gå fra deg, kom, og ta med deg
fleire.
KL.1800 kjem ho igjen til Idrettshallen, då med kurs
i stavgang, sjå eige notat.
Mvh
Leif Arne i Skånevikprosjektet
Infomøte
- Stord Dialog snart klar
Mandag
3.mai vert det halde informasjonstreff i Skånevik for dei 24 som etter
jobbintervjuet ynskjer å arbeida ved Stord Dialog sin avdeling i
Skånevik. Det blir informert om opplæringa skal føregå i Skånevik
eller på Stord, og om andre praktiske ting som skal på plass.
Jobbintervjuaren er godt fornøgd med dei som har vore
til intervju i Skånevik, og meinar nå det er nok folk til at dei startar
opp i Skånevik så snart som mulig.
Som kjent er
abeidstilgangen stor til Stord Dialog for tida. Fleire
som ennå ikkje har vore på infomøte eller intervju, har teke kontakt i
etterkant, og er nå interesserte. Vil du sjå om dette er noko for
deg, sjølv om du ikkje har teke kontakt før, er du velkommen på
Skånevik Fjordhotell mandag 3. mai kl.18oo til infotreffet.
Målet er fortsatt 40 arbeidsplasser, 20 på dag frå
09oo til 16oo, og 20 på kveld frå 16oo til 21oo.
Minietablererkurs
i Skånevik
Tysdag
30.mars kl 18oo til 22oo arrangerar me et minietablerarkurs i Skånevik
med Inger
Karin Nærheim Larsen.
Me
har alt fleire interesserte og har plass til endå fleire deltakarar. Et
liknande kurs vart arrangert av Skåneviksprosjektet også høsten 2002.
Inger Karin er erfaren i å halda etablererkurs, og har mykje å bidra med
til dei som går med etableringstankar.
Enkelte
har hevda at først treng mange av oss kanskje et kurs i å bli klar over
kva muligheter til utvikling og etablering me set på i kommunen vår.
–Det kjem kanskje det og, så følg med !
Kurset
blir nærare annonsert i Grannar, men det er berre å sikra seg plass på
tlf : 911 69 332.
Arr:
Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Skånevikprosjektet
Vellukka
kurs i kasting med flogestang
Torsdag
12.februar samlast 16 ivrige fiskarar til fiskekurs i Skånevik
Idrettshall.
Instruktør
Terje Karlsen frå Sølvkroken as var svært nøgd med innsatsen til
deltakarane, og synest hallen var godt egna til kursformålet.
Fleire
av deltakarane ynskje fleire fiskekurs, handlar seg meir fiskeutstyr og
syntest dette tiltaket i Skånevik var både interessant, lærerikt og
moro.
Det
blir nok ikkje lenge før deltakarane landar sin første fisk på
fluestang etter kurset.
Sølvkroken
og Terje Karlsen blir og å treffa på villmarksmessa i Skånevik siste
helga i mars.
Kursfobi i Skånevik?
Kurs i flågefisking i
Idrettshallen er utsatt til 12 februar p.g.a. liten påmelding.
Det visar seg at om me har fått mange innspel om at folk ynskjer kurs i
Skånevik, så er de nesten ingen som melder seg på når det er kurs.
Kanskje får me tak i feil kurs, til feil tid eller så er det for dårlig
annonsert.
Dette ynskjer me innspel på, gjerne på mail
eller telefon, for me vil gjerne prøva ein gong til.....
Helsing
Skånevikprosjektet v/Leif Arne
Løvereid
Marknadsføring av Skånevik
Ein
liten rapport frå Skånevikprosjektet
Mange
har nok sett eindel aktivitet med kamerafolk i Skånevik i det siste, og
lurer på ka i all verden dette er.
Først til Villmarkslivprogrammet i TV 2, der det vart gjordt opptak
tidlig i oktober. Dei er i gang med redigering og produksjon, og
produsenten melder allerede nå at dei har rikeleg filmmateriale til å
produsere et godt program frå bygda Skånevik og hjortejakta.
Den
delen Skånevikprosjektet ynskjer å påverke, går på marknadsføringsverdien
av bygda som heilskap i programmet.
Filmen
blir produsert for å bli et godt programinnslag på ca 19 min., i serien
av 12 i Villmarkslivsserien
som skal visast på TV2 våren og sommaren 2004.
Me
kan nok sjå fram til et og anna glimt av lokale folk, og kjente plasser.
Spennande blir det og, å sjå om den vanlege effekten av større besøksmengde
til bygda i etterkant slår til.
Me
må og nytta høve til å takka alle som var med og gjorde stor innsats på
kort varsel, for i det heile å gjere opptaka mulig. Spennande !
Så
til siste opptak, som er gjort nyleg av TV Haugaland
Skånevik
må gjere noko med effekten av den negative medieomtalen som har vore.
Utfordringa og kunsten, er snu den til positiv marknadsføring. Spesielt på
Haugalandet rår det store missoppfatningar om den vakra Skåneviksbygdo.
Me
høyrer stadig uttalingar som gjer at me ynskjer å fortelja korleis det eigentlig
står til. At me faktisk er ei oppegåande bygd med mange flotte
arbeidsplasser, aktiv skule, freistande butikkar, natur og kultur i søkk
og kav. Trivelege innbyggjarar og ei bygd med muligheter og ståpå-vilje.
Knut
Atle Thorbjørnsen og Paul Hovda tok initiativet til samarbeidet med TV
Haugaland, og Skånevikprosjektet har overteke arbeidet med å få
tiltaket gjennomført og finansiert. Denne marknadsføringa er unik i
bygdesamanheng, og me forventa gode resultater for heile bygda.
Det
er teke opptak frå helikopter, der Norcopter, som er å sjå i Skånevik
av og til, fauk filmfolket gratis ! ( verdi ca. 15.000,-) . Ellers er det
opptak frå sentrum, Skånevik skule, Skålnesfeltet, Norsk Motormuseum og
Skånevik Fjordhotel.
Det
er ikkje facit på at dette er rett marknadsføring, men det er i alle
fall naturleg at alle forberedar seg på auka aktivitet, auka salg og
mange tilreisande framover.
Det
blir laga 3 forskjellige filmsnuttar, som tilsaman over 2 veker, skal
sendast på TVHaugaland 40 ganger !
Finansieringa
av dette spenstige marknadsføringsprosjektet kjem frå :
Skånevik
Fjordhotel, Skålnesfeltet JT Eiendom, Sparebanken Vest,
Skånevik
Handelstandsforrening,
Sunnhordland Kraftlag, Etne Kommune,
Skånevik
Bluesfestival og Skånevik Skule !
Skånevikprosjektet er og på
hugget med forskjellige prosjekt, og er fortsatt optimist for Skånevik
m.h.t arbeidsplasser og trivsel !
Dei
som er litt mindre optimist er velkomne til å ta kontakt !
Med
venleg helsing
Prosjektleiar Leif Arne
KURS
I FLOGEKASTING
IDRETTSHALLEN I
SKÅNEVIK
Torsdag
12. februar kl. 18.00 - 21.00
BEGYNNARKURS
Kurshaldar
Terje Karlsen frå
SØLVKROKEN
Du får låna
fiskeutstyr av Sølvkroken as
Tren deg opp til å ta storfangsten til våren.
Utstyr vert og å få kjøpa på Villmarksmessa i
Skånevik siste
helga i mars.
Kursavgift
350,- kr
Arr. Skånevik Idrettshall i samarb.
med
Skånevikprosjektet
Påmelding til tlf. 911
69 332
Meld deg på så snart du kan!
Lagt ut 16. januar 04
- Torsdag 12. februar kl.1800 – 2100
er instruktør frå Sølvkroken as, Terje Karlsen i Skånevik
Idrettshall og held kurs.
Interessa for denne type fiske er stigande, og det
lett å bli reven med i kunsten.
Kurset er for nybegynnerar og dei som har prøvd
seg litt før.
Kurset
er komt i gang under arbeidet med villmarksmessa som skal vera i Skånevik
siste helga i mars, der Sølvkroken blir ein aktiv medspelar. Han vil også
der demonstrere kasteteknikkar.
Kurshaldaren
har med fiskeutstyr som trengs for å øvelseskaste inne i hallen, dersom
du ikkje har fiskeutstyr sjølv, som du vil ha med og bruka.
Det
blir neppe bruk for håv og klepp den kvelden, men etter kurset, når du
skal til i fjellvatn, elvar og sjø, må dei nok hyppig i bruk.
Kan
nevna at Terje Karlsen også brukar fluestang når han fiskar i sjøen
etter torsk. Det seier han i alle fall, så kan de jo spør han sjølve på
kurset.
Kursavgifta
er kr 350,-, noko som er godt under vanlig takst.
Og
kurset blir, for me har allerede 10 påmeldte, som er grensa for at me kan
arrangere.
Meld
deg på til leif arne på 911 69 332 eller på mail leif.arne.lovereide@etne.kommune.no
og gjer våren ekstra spennande både for deg og fisken !
Arr: Skånevikprosjektet og Skånevik
Idrettshall
På
skattejakt i Bygde-Noreg - høgskulekurs
No kjem informasjon om det 10
studiepoengs kurset "På skattejakt i
Bygde-Noreg - lokalsamfunnsutvikling med vekt på natur og
kulturarv".
Vedlagt følgjer
informasjonsflak og søknadsskjema som eg har avtala å sende
til dykk.
Vedlagt følgjer også ein modell som syner samanhengen med dette kurset
og
andre tilbod under temaområdet "Entreprenørskap i skule og
lokalsamfunn"
frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Søknadsfristen er
29.nov 2003.
Vonar å sjå mange av dykk på kurset. Kurset startar alt i veke 2 i
2004.
Søknaden sender de til Høgskulen i Sogn og Fjordane, v/Tor Eikemo, pb.
133,
6851 Sogndal
De kan også finne same informasjon på denne linken. Det er også fint om
de
kan sende meldingen vidare til dei de trur kan ha interesse av dette
tilbodet.
Hent
INFO-ark
Søknadsskjema
Film
om jakt vert laga i Skånevik
Dersom
nokon drar kjensel på Vebjørn Rodal og Hanne frå 71grader Nord i Skånevik
denne veka, så er det rett. Dei i lag med lokale jaktfolk, er aktørar i
ein film som vert laga frå Skånevik om jakt, og litt som bygda.
Filmopptaket skal redigerast utover vinteren, og skal
sendast i TV2 sin populære serie Villmarksliv på våren eller tidlig
sommar.
Dei
overnatta bl.a. i hytta til Bernard Vannes, og lavo ute i jaktterrenget i
Skånevik. Direktør og kokk på Skånevik
Fjordhotell, Knut Thorbjørnsen er med til fjells og sikrar at maten blir
profesjonelt tatt hand om, slik det sømer seg på et godt TV-program.
Tekstmelding frå regissør Løvø på fjellet, gjekk
ut på at dei fekk mat etter aller kunstens regler.
Erfaring
frå andre bygder som har hatt liknande TV-serieopptak tyder på at det
blir endå fleire som legg ferien til, eller i alle fall kjem innom Skånevik
til neste år. Utfordringa vår, er i
vinter og vår, å leggja mest mulig til rette for dei som kjem på besøk
til oss ( tidligare kalla turistar ). Det gjeld
for båtgjestar, skoggjester, hotellgjester, fjell og jaktgjester o.s.b..
Helsing
Skånevikprosjektet Leif Arne
Les
om dette i Grannar den 9. okt.
Invitasjon til infomøte om Skånevikprosjektet
På Skånevik
Fjordhotel tysdag 23. september kl.
19oo
-
Det
vert informasjon om kva prosjektarbeidet har
handla om til nå.
Infomøtet vil ta ca. 1 time. Etterpå er du velkommen
til
ein drøs og ein liten matbet !
Velkommen
til eit triveleg møte !
Med
venleg helsing
Leif
Arne Løvereide
Prosjektleiar
Interessert
i bygdeutvikling?
Leiaren for Skåneviksprosjektet har
vore på besøk hos Nordsida Utvilingslag i Stryn. Det
var imponerande og motiverande å sjå kva dei får til.
Det
vart arrangert Bygdesamling for utviklingslag i Sogn og Fjordane Fylke,
med mange inspirerande innlegg.
Referat
ligg på www.bygdeutvikling.no.
Er
du interessert i hytteutbygging, bør du lese referatet frå Sunnmørsposten,
som ligg på sida deira om ”Hytter som næring” av Pål Haugstad frå
Ringebu.
Her
var ein del tips som me skal nytta i Skånevik.
Ungdom
og jobbsøkjande
Me har fått mange flotte innspel
til Skåneviksprosjektet, og set nå i gang arbeidet for å få ting i
gang. Det er og ynskjeleg
å vita, under arbeidet med å legge til rette for fleire arbeidsplasser,
om dei som er jobbsøkjande. Det er då lettare å få det til treffa best
mogeleg.
Så
dette er ei oppfordring om at du som er jobbsøkjar tar kontakt enten på
tlf. 911 69 332 eller
på leif.arne.lovereide@etne.kommune.no.
og kort fortel om erfaring og jobbynskje – kanskje finn me ein jobb !
Det er og stas om
ungdomen i Skånevik tar kontakt. Dersom
det er noko me kan bidra med, gjer me det gjerne. Ta kontakt – kan gå
godt og det !
Det
vil og med det første bli eit infomøte på Skånevik Fjordhotel frå Skåneviksprosjektet.
Planar for hausten 03
-
26-28 sept.
Jakt, fiske og turdagar. Utstillarar i Idrettshallen.
Jakthistorier kanskje.
Norges største på
fiskeutstyr, SØLVKROKEN, stiller med fiskekonkuranse for
barn , stand
med 2004nyhetene og fluefiskekurs ! Her blir det lagt opp til ei
trivelig
helg i Skånevik med friluftsinteressene i fokus. Følg med .
-
28 okt
Landbrukskveld På Skånevik Fjordhotel. Skåneviksprosjektet i
samarbeid med
Etne Bondelag har invitert
trendforskar ERLING KROGH frå landbrukshøgskulen på
Ås. Fokus bl.a. på det markedet vil ha, identitet og muligheter for landbruket
i distrikta.
-
4. nov.
Næringslivskveld på Skånevik Fjordhotel for heile kommunen.
Det vert som på
tidligare næringslivskveldar i kommunen lagt opp til interessant
program og tid
til litt mat og masse drøs.
I år er me så heldige
at me får besøk av JAN SPURKELAND som reiser rundt
i heile landet med foredrag for næringslivet. Han
er svært interessant å høyre på
. Dato
kan bli endra.
- Okt.
Fotokurs for digitalcamera.
-
Okt.
Scrapbookingkurs. Lag tøffe og stilige fotoalbum etter din smak for
dine beste bilder!
-
Fleire
kurs blir planlagt utover høsten.
Kurs
om turistvertrollen
På Skånevik Fjordhotel
mandag 30. juni kl 1900.
Et
kurs i turistvert-rollen for alle som steller med turisme, og
alle
som har butikk el. lignende i Etne Kommune.
Korleis
svare på spørsmål frå turistar, og hjelpe dei med god service.
Kurset
er ved Sverre Hauge, mangeårig turistsjef i Haugesund, og nå
engasjert
i Haugesund Byutvikling.
Det
blir mange interessante synspunkt frå han, tilpassa Skånevik
og
Etne ! Reknar med å avslutte ca. kl. 213o.
Det
vert og info om spørjeundersøkelse som snart er i gang.
Og
litt om Skåneviksprosjektet.
Kurset
kjem på litt kort varsel, og me tar det på sparket, sjølv om det snart
er sommar.
Me
vil komma tilbake med meir i denne retning til høsten og neste vår.
Kurskostnadane
vert dekka av Skåneviksprosjektet.
Påmelding
til Etne Kommune 53758000 / Erik 53758221
Torbjørn
Åsheim 53755415
Leif
Arne 911 69 332 leif.arne.lovereide@etne.kommune.no
Velkommen
!
Med
vennlig helsing
Skåneviksprosjektet
Etne Kommune
Leif
Arne Løvereide
Erik Kvalheim
Tips til næringsdrivande
Skal
du utvida driften med noko som kan komma inn under utvikling, bør du sjå
om ditt prosjekt kan komma inn under kriteriene til Skattefunn. Har du
tilgang til data, finn du det meste på
www.skattefunn.no
. I tillegg har eg møtekompendie på det, så det er berre å ta kontakt.
Det
er ein god del midler tilgjengelig, og terskelen for å få godkjendt søknad
eg behagelig låg.
Mvh
LA
Løvereide
Skåneviksprosjektet
Optimisme
i Skånevik !
Som nytilsett leiar i Skåneviksprosjektet, er det kjekt å møta
så mange positive og optimistiske personar som det er i Skånevik.
Her er mange idear og tankar til å ta tak i. Og fleire ynskjer me, enten
dei er store eller små, for med godt samarbeid, blir det resultat.
Me ynskjer og innspel frå kultur og idrettssida, og frå folk i alle
aldrar, for god trivsel er nøkkelen til mange gode tiltak.
Det er viktig å bidra til at det blir etablert nye
bedrifter og fleire arbeidsplassar, men det er og svært viktig å bidra
til å ta vare på dei eksisterande bedrifter og arbeidsplassar. I
Skånevik er det i dag flotte bedrifter med svært god kompetanse. Det er
et godt grunnlag for næringsutvikling. Kvar arbeidsplass er viktig, også
einmannsbedrifter.
Me ynskjer hotellet lukke til med nystart og ein god
turistsesong !
Takk til Alf Opdal for godt arbeid i prosjektet, og
god tilrettelegging til ny prosjektleiar. Takk og til alle som har vore
aktive i arbeidsgruppene, og håpar me kan fortsetja samarbeidet.
Til utflytta Skåneviksbuar som vurderar
heimflytting, ta kontakt, kanskje de kan ta jobben med til Skånevik ! Me
vil hjelpa til så godt me kan.
Eg er tilsett i denne stillingen i ett år, og
ynskjer det skal bli et spennande, kreativt, interessant og nyttig år for
oss alle !
Med vennlig helsing
Leif Arne Løvereide
Skåneviksbrosjyren
Den nye utgåva blei trykt 6.juni, og
er nå klar for omdeling til folk som bør ta ein tur til den vakra bygdo
!
Det
blei ei kjempefin tyristbrosjyre som er utarbeida av Knut Jespersen, Heidi
Wannberg, Alf Ove Nilsen, Olivia Eikemo, Erik Kvalheim og Alf Opdal.
Me
oppfordrar alle til å vere kreative med å dele ut brosjyrer til mulige
Skånevikturistar me treff på rundt om i landet, og driva god reklame for
bygda.
Brosjyra
er for eksempel allerede på Hotel Neptun i Bergen, vestamaranen,
flyplassen, Åkrafjordtunet og forskjellige turistinformasjonar.
Den
vil og bli lagt ut på Statoil Kårstø, Sjukehuset og andre store
arbeidsplassar.
Fleire
brosjyrer får du ved å venda deg til oss.
Midt i brosjyra er det innlagt
aktivitetskalender.
Med vennlig helsing
Leif Arne Løvereide
Har
du fine bilete frå Skånevik?
Det er
eit mål å gjera turistbrosjyren for Skånevik enno betre til neste
sesong. Gruppa som jobbar med dette er difor på jakt etter fleire
fine bilete frå Skånevik. Det
er viktig med bilete av høg oppløysing. Ta kontakt med Alf Opdal
frå Skåneviksprosjektet,
Knut Jespersen eller Alf Ove Nilsen om du har bilete som du meiner er
eigna for dette. Du kan også senda bileta i høg oppløysing til adm@skaanevik.no.
På førehand takk!
Invitasjon
til folkemøte
Me
har gleda av å invitera deg til folkemøte
fredag
18. oktober, kl. 1900 på Skånevik Fjordhotel.
Breiband.
Skånevikprosjektet
har engasjert seg for å få fram tilbod om tilknytning til breiband i Skånevik,
i eit samarbeid med firma INO. Me er no nære ein løysning, og dersom
responsen frå bygdefolk er god, ser det ut til at du kan ha breiband
heime hos deg i løpet av inneverande år.
På
møtet vil du få orientering om kva breiband er, kva løysing du kan få,
og kva det kostar.
Du vil også kunna
bestilla breibandabonnement på møtet. Les
pressemelding frå INO.
Reiseliv.
Gjennom Skånevikprosjektet har
det i heile år vært arbeida med reisliv. Me har alt oppnådd nokre
resultat, og det arbeidast vidare med fleire prosjekt. Døme på resultat
er Skånevikbrosjyra.
I
det vidare arbeidet vil me no gjerne ha innspel frå bygdefolk, og me
treng også å få med nye kreftar i det vidare arbeidet.
Sosialt
samvære. Det vert servert eit varmt måltid og kaffi. Hotellet har lova
oss levande musikk, og me håpar at du vil vera med å gjera dette til ein
hyggeleg kveld på hotellet.
Velkommen
!!!
Med
vennleg helsing
Skånevikprosjektet
Alf
Opdal
Pressemelding
Mini-etablerarkurs
Mini-etablerarkurs
– eit tilbod til dei som vil skapa sin eigen arbeidsplass.
Skånevikprosjektet
skal halda eit mini-etablerarkurs på Skånevik Fjordhotel tirsdag 17.
september kl. 18.00. Kurset går over 4 timar, og er berre meint som eit
aller første skritt på vegen med å etablera eigen verksemnd.
Me
har invitert Inger Karin Larsen Nerheim som kurshaldar. Ho har lang
erfaring i arbeid med etablerarar på mange nivå, og ho er ein
inspirerande forlesar. Me kan derfor lova ein interessant og lærerik
kveld på hotellet.
Kurset
hendvendar seg i første rekke til dei som har tankar og lyst til å
starta med næringsverksemnd sjølve. Erfaringsmessig veit me at det er
mange dugande menneske som gjerne vil starta med eigen verksemnd. Me veit
også av erfaring at mange av desse menneska treng eit lite puff i starten
før dei vågar å sette tankane ut i livet. Me håpar at dette
etablerarkurset kan vera eit
slikt puff.
Skånevikprosjektet
skal spesielt arbeida med å skapa nye arbeidsplassar, og derfor er det no
rette tida å komma på banen med etablerarprosjekt. Skånevikprosjektet
kan vera ein del at eit støtteapparat rundt etablerarane, samtidig som me
også kan trekka inn andre i prossessen med ein etablering, når det er
behov for det.
Å
etablera verksemd er mellom anna å skaffa seg kunnskap på mange felt, og
då treng ein medspelarar.
Gjennom
å delta på eit slikt etablerarkurs kan deltakarane også knytta nyttige
kontaktar med andre etablerarar, og det kan resultera i samarbeid og auka
kompetanse og kapasitet.
Avhengig
av deltakelsen, vil me på ein eller annan måte følga opp dette kurset.
Korleis dette skal gjerast vil det verte teke stilling til seinare og i
samråd med deltakarane.
Deltakarane
vil i alle høve ha mulighet til å få delta på etablerarskulen, som
startar 5 – 6. oktober, og som vert arrangert av Samarbeidsrådet.
Me
håpar at mange vil nytta dette høvet og melda seg på. Deltaking er
ikkje forpliktande på noko sett.
Å
etablera eigen verksemnd er ein lang rekke med utfordringar. Meld deg på
dette mini-etablerarkurset. ( tlf. 905 12 679 ) Då har du alt teke den første
utfordringa, og du er i gang !
Med
vennleg helsing
Skånevikprosjektet
Alf
Opdal
Referat
fra reiselivsmøte 23.04.02 på Skånevik Fjordhotel
Desse deltok: Rudi Hereide,
Torbjørn Åsheim, Tore Flydal, Ole Funderud, Paul Tungesvik
, Olav Tjelflaat, Nils Åsheim, Helge Hus, Magne
Olseth, Knut Jespersen,
Alf Ove Nilsen, Alf W. Christophersen, Amund Enge, Elling Hetland,
Piet Hoogerhuis, Alf Opdal.
2. Rapport frå arbeidsgruppane
Gruppe 1
ved Alf W. Christophersen
- Merking av turstiar
Skilt er laga på skulen, og vert
ferdig uke 17. Skulen tek også
monteringa.
Kart med løypenett vert teke med i
brosjyra, se gruppe 3.
- Båtturisme
Her vart det mange innlegg, og
dette tiltaket engasjerte mange.
- gjestebryggar, manglar
info. om tilbod og faciltitetar etc.
-
Turistvert for båtturistar.
-
Marknadsføring mot båtfolk
- Tilretteleggja
på land for båtfolk
-
Festivalbygda Skånevik
- Oversikt over arrangement på internettsida.
-
Campingplass -
Manglar grunn.
Gruppe
2
Ved
Olav Tjelflaat
-
Turistinformasjon
- Det arbeidast med plan for skilting av turistinformasjonen.
Kombinasjon av skilting av turistinformasjonen og store
opplysningskilt for Skånevik.
- Amund opplyste om at kommunen ved Erik Kvalheim
går gjennom behovet for skilt i kommunen. Det er ein del
pengar avsett til dette.
- Ein del kostnader ved små skilt kan dekkast av
Skånevikprosjektet.
- Turistinformasjon vert i år på hotellet.
- Lokale for turistinfo sentralt i sentrum på sikt.
- Vert eit opplegg med lokale og bemanning for dyrt ?
- Service- og språkkurs til vinteren for turistvertar/guidar.
-
Opplevingspakkar og
-
Guidetjeneste
- Gruppa vil starta arbeidet med desse tiltaka
Gruppe 3 Ved
Alf Ove Nilsen
-
Skånevikprofilen, presentasjonsmatriell
- De vert laga ein turistbrosjyre for Skånevik 2002.
- Det er sendt brev til alle husstandar med spørsmål om stoff
til brosjyren.
- Korrektur vert lagt ut på nettsida til Skånevik Nett og i
Sparbutikken og hos Bøhtun.
- Det vert arbeida vidare med utsjåande, opplag, sponsorar,
finansiering og trykking
- Brosjyren må vera klar til byrjinga av juni.
- Denne brosjyren kan vera utgangspunktet for ein meir
permanent turistbrosjyre for Skånevik
3.
Nye innspel
Skånevik og Etne Gokart Klubb
Ole
Funderud orienterte om etableringa av: Skånevik og Etne Gokart Klubb
-
50 personar på informasjonsmøte
-
Det er valgt styre
-
Avtale med SMV om disponering av asfaltert areal for å komma i gang med
ein midlertidig
bane til sommaren.
-
Arbeidar med å få på plass det som trengs av utstyr og nødvendig
lokale.
-
Arbeidar med innkjøp av eit antall med utleigekartar.
-
Finansiering: sponsorar, kommunal garanti, lån.
-
Arbeidar med å få til ein permanent bane.
Andre
innspel
-
Det ser ut til å gå i orden med opplegg for omvisning i Amlands Hage i
sommar.
-
Halda det ryddigt i sentrum
-
Opprydding på Peparen
-
Problem med overfylte bosscontainarar
-
Magne har snart klar vogn til å transportera turistar til fjells
-
Arbeid igang for å gjera sjølinjen overfor hotellet meir atraktivt.
I den sammenheng vart det peika på at ein burde vera forsiktig med
å endra
det estetiske rundt Peparen.
-
”Katinkasvingen” er dårleg. Amund tek seg av dette.
4.
Vidare framdrift
Nytt
fellesmøte vart tidsett til: tirsdag 28. mai, kl. 1900 på hotellet.
Skånevik
23.04.02
Skrivar:
Alf Opdal
Referat
frå reiselivsmøte 19.03.02, kl. 1900, på Skånevik Fjordhotel.
Deltakarar: 22 personar deltok. Sjå eiga
deltakarliste.
1. Innleiing
Alf Opdal, Skånevikprosjektet ønska møtelyden
velkommen.
2. Presentasjon av møtedeltakarane
Møtedeltakarane presenterte seg, og
fortalde litt om kva dei dreiv med innan reiseliv,
og kva dei forventa av dette møtet.
3. Innleiande innlegg frå møtelyden
Det kom mange innlegg frå møtelyden,
som tok opp mange forskjellige sakar og problemstillingar.
4. Lokalt samarbeid
Det vart eit godt ordskifte om behovet
for samarbeid innan reiselivet i Skånevik. Mange hadde ordet, og
det var stor semje om at det no var tida for handling og ikkje berre
snakk om samarbeid.
Før matpausen vart ei skisse til
fordeling av tiltak og arbeidsgruppar lagt fram, og møtelyden vart
oppmoda til å tenke gjennom kvar ho/han ønska å ta eit tak i ei
arbeidsgruppe.
6. Gjennomgang av prioritete tiltak
i plan for Skånevikprosjektet
Ordskifte før matpausen hadde i stor
grad kommentert dei forskjellige tiltaka.
Det var semje om at dei prioriterte
tiltaka dekka alle dei sakane som hadde vore oppe på møtet så
langt.
7. Oppsummering og vegen vidare
Møtelyden bestemte følgjande:
Arbeidsgruppe 1
Ingrid Sævareid, ansvarleg for
gruppa
Johannes Winterthun
Paul Tungesvik
Hildegunn Larsen
Alf W. Christophersen
Arbeidsgruppe 1 sine tiltak:
- Merking av turstiar – 1. prioritets tiltak
- Båtturisme
- Festivalbygda Skånevik
- Campingplass
Arbeidsgruppe 2
Olav Tjelflaat, ansvarleg for gruppa
Torbjørn Åsheim
Rudi Hereide
Helge Hus
Elisabeth Lothe Nervik
Arbeidsgruppe 2 sine tiltak:
- Turistinformasjon – 1. prioritets tiltak
- Opplevingspakke
- Guidetjeneste
Arbeidsgruppe 3
Alf Ove Nilsen, ansvarleg for gruppa
Piet Hoogerhuis
Erik Kvalheim
Heidi Wannberg
Arbeidsgruppe 3 sitt tiltak:
- Skånevikprofilen, presentasjonsmatriel
1. pr. tiltak
Dei ansvarlege for gruppane kallar inn
til møte og er ansvarlege for framdrifta.
Definisjon av 1. prioritets tiltak:
Desse tiltaka skal det arbeidast så raskt med at dei kan vera klar
til årets
turistsesong.
Arbeidsgruppane skal leggja fram status
for arbeide i nytt fellesmøte som vart tidsett
til: tirsdag 23. april kl. 19.00.
Skånevikprosjektet sendar ut
innkalling til fellesmøte til dei som møtte i dag.
Dersom det er andre i bygda som vil
vera med i det vidare arbeidet, vil dei få vera
med på neste fellesmøte.
Oppsummering av møtet
Møtelyden var engasjert, positiv og
villig til å vera med å ta eit tak for reiselivet.
Det er no arbeidet tek til, og det vert
spanande å sjå kva me kan få til saman !
Møtet vart avslutta ca kl. 2215
Skånevik 19.03.02
Skrivar: Alf Opdal
Deltakarliste
Johannes
Winterthun Skånevik Gjestehavn
- Nils
Åsheim Skånevik
Gjestehavn
Hildegunn
Larsen Larsen
Bakeri & Konditori
- Ragnvald
Larsen Larsen
Bakeri & Konditori
- Magne
Olseth
Milja Gard
Svein
Leknes
- Alf
Ove Nilsen Skånevik
nett
- Olav
Tjelflaat Gardeigar
- Knut
Jespersen Galleri
Jespersen
- Piet
Hoogerhuis
Skånevik Fjordhotel
- Helge
Hus Gardeigar
- Heidi
Wannberg
Vertshuset Kronstad
- Gro
Bøthun Skånevik
Blomster og Gaver
- Thorvald
Thomassen
Fjordkroa
- Lars
Rune Langhelle
Gardeigar
- Ingrid
Sævareid
Skånevik Idrettslag
- Rudi
Hereide
Souvernirbutikk
- Elisabeth
Lothe Nervik
Etne Reiselivslag/Skånevikstranda Fjordstover -
Erik
Kvalheim
Etne Kommune
- Elling
Hetland
Etne Kommune
- Paul
Hovda
Skånevik Vekst
- Alf
W. Christophersen
Skånevik Næringsutvikling
- Alf
Opdal
Skånevikprosjektet
Desse
var forhindra frå å møta:
Amund
Enge
- Etne Kommune
- Gro
Jensen Gjerde
Skånevikprosjektet
|