Vi
vert bindeleddet i ny transportakse frå Ryfylke gjennom Sunnhordland til
Bergen.
Tunnelselskapet skal
planleggja og byggja ein tunnel mellom Skånevik og Etne. Kortare
avstandar mellom bygder og byar på strekninga Ryfylke, Haugalandet via
Sunnhordland til Bergen er ein føresetnad for å utvikla det regionale
næringslivet vidare. Vi vil og ta eit tak for å betre miljøet og
tryggleiken i trafikken. Det hastar!
Tunnel mellom Skånevik og Etne
betrar sambandet og reduserer avstandar, opnar for tettare samarbeid og
effektiviserer flyten av varer og tenester i regionen. Med denne
tunnelen ynskjer vi å binde distrikta saman.
Miljø
- Redusert drivstofforbruk - Mindre svevestøv - Mindre CO2
Tryggleik
- Færre trafikkulukker - Tryggare kollektiv- og privattrafikk
- Betre samband mellom trafikken på veg og sjø.
Kommunikasjon
og distriktspolitikk
- Ryfylkebygdene kjem raskare til Bergen og nordover
- Kvinnherad kjem raskare til Haugalandet og Ryfylke
- Sauda kjem "ut i verda"
- Etne vert samla
- Opnare arbeidsmarknad
- Betre utnytting av skuletilboda
- Stimulere til samarbeid over kommune- og fylkesgrensene
- Tidsgevinst
Vekst
- Næringslivet sparer pengar og aukar innteninga
- Regionen vert meir attraktiv for nye etableringar
i
næringsliv og busetting
- Reduserte transportkostnader
- Betre konkurransevilkår for næringslivet
Kvifor hastar det?
Kortaste vegen mellom Etne og Skånevik er 14 km langs
E134, deretter 13 km på RV48 over den bratte Hålandsheia og vidare
langsetter ein smal, svinget og rasutsett veglengde fram mot Skånevik
ferjekai. På godt sommarfør tek vegen ca. 30 minutt.
Gjennomfart i ein ny tunnel vil ta ca. 5 minutt. Den nye
transportåra vil gi positive verknader for Etne kommune og store delar av
Rogaland og Hordaland.
Me ventar brei støtte!
|